Menn vil ha kvinner med pengar
Det er lett å synse seg så langt bort at ein trur på det sjølv, og det kan ein endå lettare gjere dersom ein freister endre på det ein har synsa seg fram til at ein trur er sant, for då treng ein ikkje eingong seie at ein meiner det skal vere slik, berre at det er slik.
Kva hokerten snakkar eg om no?
Jopp, eg snakkar om den evige påstanden/sanninga om at menn med god jobb, utdanning og pengar virkar attraktive på kvinner, medan menn søkjer deilege, yppige og unge damer som kan spre genene deira.
Det er berre at nokon har sjekka røynda.
Og har funne ut at menn helst vil gifte seg med slike damer som har pengar og utdanning og god jobb, medan damene velger utfrå kjærleik (eller seksuell attraksjon = ønske om å spreie gener, som me plar kalle det når det er menn som seier akkurat det same).
Hoho.
(ja eg innrømmer det: eg kunne funne ei betre, forklarande lenke til Preben Z si masteroppgåve om at pene kvinner velger rike menn, basert på intervju med seks bekjente, eller nesten kva som helst anna som er sagt eller gjort av harald Eia, eller kjønnsforskarar eller kven som helst som meiner at pene kvinner finn ihop med rike menn anten fordi det er arv eller miljø eller dårleg statleg styring av mikro og makroøkonomiske verkemiddel, men eg ELSKAR det utdraget nederst i Indregaard sin bloggpost, kunne ikkje dy meg)

Og dermed ble mine sterke mistanker bekreftet. Endelig! Mohaha!
Hoho.
Då stiller eg visst dårleg, gitt. Iallfall nofortida. Jaja.
Og for eit fortryllande høve til å lufte makromikroavsnittet til Preben.
Ah. Da er jeg likevel normal. Juhu!
Eg har brukt livet til å søke deilege menn som kan spreie genene mine, no manglar eg berre å vinne i Lotto så er alt perfekt.
Mikro-/makroavsnittet er rett og slett en klassiker.
Synes denne forskningen var veldig interessant, ja, og har satt meg fore å lese oppgaven for så å revidere alle finanskurs for datere. Det MÅ man jo gjøre når nye ting kommer. Selv om det ikke er Harald Eia som kommer med det.
Dette er ikke nytt for meg. Faktisk har jeg truffet på en masse menn som gjerne vil ha pengene mine som ikke er spesielt interessert i meg. Jeg behøver vel ikke nevne at de går tomhendt hjem?
Diverse studier har funnet at amerikanske menn er litt schizofrene når det gjelder kvinner. De vil ha en kvinne som er BÅDE Mamma, Miss August fra Playboy (eller kanskje Miss February eller Juni eller noe) og er rik. Og de vil ha all økonomisk makt i forholdet og vil ha det kjent at de forsørger dama. Stakkars!