Improvisert teater
For meg blir improvisert teater (manus bannlyst! alt anna er lov! me er ville og galne og skamlause! skjemst aldri! blir aldri mållause!) ein blanding av selskapsleik og heseblesande laiv rollespel, der eg ikkje heilt forstår kva dei skal med publikum. Det ser gøy ut å vere med, då.
Nokon som likar å sjå på?
Har opplevd det som ei positiv greie?

Hei.
Jeg jobber som forteller og lager produksjoner for Den kulturelle skolesekken. Vi improviserer veldig mye når vi jobber, men en gylden regel er at det meste er utrolig uinteressant å vise publikum. Improvisasjon i produksjonsfasen er viktig, men bare noen prosent er med på scenen til slutt. Det hender det kommer opp ting under impro som kan bli noe spennende som kan vises…seinere. Det er grisegøy!
knirk: Det er slik eg også har brukt improvisering. Eg vaks opp i teater, og me leika og tulla ein del med teatersport og slikt. Men aldri på scena!
Det er som om eg skulle gitt ut alle dei rølpete utkasta til bøkene mine og sagt at dei var meir genuine enn den ferdige boka.
Eg synest også teatersport er veldig morsomt – når eg deltek i det. Men som publikumsunderhaldning blir det som å overhøyre private samtalar med mykje intern humor.