Kven søker du i djupast naud?
Eg diskuterer Kyrkja, den norske med friske meingsbrytarar. Kva er den, kva skal den vere? Er prestane hyklarar når dei preker om lett lommefilosofisk krydra bibelstader, medan dei reflekterer og drøftar reelt interessante ting med andre teologar?
Og så, midt i diskusjonen, kjem dette:
Kyrkja skal vere ein stad ein kan komme med sin naud, uansett kva slags naud det er.
Eg veit ikkje kven som søkjer presten i naudstilfelle. Eg veit at helsevesenet eser ut, fordi folk kjem til oss med alle slag naud. Med von om at nauda skal bøtast på, det vonde skal reparerast, folk kjem med sorg og fortviling, og søkjer ikkje berre å lette sitt hjarta og dele, men reell og målbar lindring.
Og helsevesenet i alle sine hus og former deler publiken med andre som lover det same, dei såkalla “alternative” som også lokkar med at det vonde skal bli borte, og helst omdannast til energi og læring og vekst.
Kven er det som går den tunge vegen til presten, då?
Der er ingen lovnad om anna lette enn trøystande ord om frelse etter døden ein gong, eller at Jesus nok har tatt i mot barnet som døydde, eller vil ta imot din døyande mann.
Presten lokkar ikkje med å hente deg raskt ut av sjukmelding med effektiv “best practice”-metodar.
Presten skriv ikkje ut reseptar på transmittorsubstansreopptakshemmarar eller sender deg til scanning av skalle.
Presten lovar deg ikkje eingong å komme i betre kontakt med dine eigne ressursar, verken på vitskapleg eller komplett uvitskapleg grunnlag.
Kven går til presten i dag?
Og kva gjer du, i di djupaste naud?

Jeg finner meg i den og er i den. Jeg går på jobben. Jeg lar kanskje være å gjøre så mye annet, tiden etter jobben trengs til å gi hjernen luft. Jeg skriver og skriver, formulerer alle tankene som presser på, uansett hva de måtte bestå i. Og så venter jeg. Gradvis vender jeg meg ut mot verden igjen.
Det med jobben var forresten med noen unntak. Men jobben kan føles som et godt friminutt med alle de ytre impulsene og hektisiteten.
Slik er eg og. Blir i det. Står i det.
kan vere ein god måte, det. Men for nokre kan det kjennast som ein ikkje kjem seg ut av skiten nokosinne.
Då Olav H Hauge skreiv dette, var det inspirert av ein psykiatrisk pasient, kan hende av dei ein i dag vil kalle kronifiserte:
Eg stend eg, seddu.
Eg stod her i fjor òg eg, seddu.
Eg kjem til å stå her eg, seddu.
Eg tek det eg, seddu.
Du veit ikkje noko du, seddu.
Du er nyss komen du, seddu.
Kor lenge skal me stå her?
Me fær vel eta, seddu.
Eg stend når eg et òg eg, seddu.
Og kastar fatet i veggen.
Me fær vel kvila, seddu.
Me fær vel sova, seddu.
Me fær vel pissa og skita òg, seddu.
Kor lenge skal me stå her?
Eg stend eg, seddu.
Eg tek det eg, seddu.
Eg kjem til å stå her, eg, seddu.
(Dropar i austavind, 1966)
Det er storslege. Men samstundes kjenner eg kor eg må grine av det. Å bli og bli er ikkje alltid godt.
Å vere aleine og kapsle seg kring alt ein har i seg av naud.
Men om ein klarar la nauda trenge seg inn og gjennom og tilsist sive ut att, så går ein vidare.
Du stiller vanskelege spørsmål. Eg har har i grunnen ingen svar, men har som lekmann gjort meg mange tankar om desse tinga.
Når kyrkjene fyllest,både av truande og ikkjetruande i kjølvatnet av alvorlege ulykker og store tragedier, må det vere avdi folk forventar å finne noko der.
Det er klart at ting stiller seg ulikt om ein meiner at presten er forvaltar av eventyr og heimespøta snusfornuft eller den evige Sanninga. Men uansett så trur eg Bjørn Eidsvåg er inne på noko heilt vesentleg i teksten til “Eg ser”.
http://www.lyricstime.com/bj-rn-eidsv-g-eg-ser-lyrics.html
Når det gjeld det første spørsmålet ditt: ” Er prestane hyklarar når dei preker om lett lommefilosofisk krydra bibelstader, medan dei reflekterer og drøftar reelt interessante ting med andre teologar?” Eg tykkjer ikkje det. Fagsamtalane kolleger imellom må vel nødvendigvis fortone seg ulike dei samtalane ein har med klientar, elevar, eller pasientar.
Men sjølvsagt har ein eksempel på det morsette. Som eit tenkt eksempel vil sitere litt frå ei av dei siste sidene av Hans Sherfig si fantastiske bok “Det forsømte forår ” (som burde vere pensum på alle lærarskular i verda)
Man blir meddelsom og åpenhjertig av whiskkyen. – Og tror og tror? – sier Nørregaard-Olsen til Riege- Rent bokstavlig tror jeg selvsagt ikke på alt sammen. Men de gamle krønikene er da vakre. Herregud, jeg er et dannet menneske, jeg er ikke overtroisk. Men for alt småfolket i mitt sogn, for de svake i ånden er religionen til uvurderlig trøst. Da får de noe å håpe på og kan holde ut sitt sure liv. Det ville vere synd å ta fra dem håpet! Nå er de lykkelige i sin tro! Det ville vært en forbrytelse å ødelegge alt for dem. Religionenm gjør dem fredelige og nøysomme, glem ikke det! Den er ikke for deg og meg. Men den er nødvendig for alle de fattige i ånden. -
Det er klart folk må ha noe å tro på, – sier Riege.- Men psykoanalysen gjør så menn samme nytten.
Takk for fine tankar, bandanders.