Arkiv

Måntlige arkiver: juni 2010

Du sit bak glaset ditt og ser på byen. Du er observatøren, tenkaren, forfattaren. Fordi du ikkje er der ute, men bak glaset ditt, blir alt som skjer kring deg fjernt, framandgjort, tingleggjort. Verda blir ei umedvite suppe, du opplever din eigen tanke som den einaste tanke. Du forvekslar det å tenke med å vere, det å observere med å vere subjekt, du kjem til å sjå omverda som ei suppe av umedvitne, små kryp der nede på gata. Fordi du ikkje brukar hendene dine til anna enn å kle på deg, skrive, ete, tenne og slukke for lyset, blir kroppen din ein sugande, lengtande masse for deg. Det einaste lysande i di verd blir di eiga tenking.

Du sit aleine, og den næraste du har på din einsame observasjonspost, er mor di. Ikkje som eit menneske, men som eit minne. Ho krinsar i dine fantasiar om barndom om kjønn om mennesket, om meining. Du lagar deg ein dikotomi av deg og mor di, du er den lysande tanken, spydspissen, kuken, den handlekraftige, sæden, midtpunktet. Ho er kjøtet, mørket, den passive livmora som råtnar kring deg til den brest, og du kan frigjere deg, men aldri frigjere deg, for du er bunde til henne gjennom noko du freister forstå.

Du er eine vinga, ho er andre vinga, mellom dykk er mellomgolvet, muren, navlestrengen, sommarfuglkroppen.

Du sit bak glaset ditt og les og les, du freister forstå verda gjennom det du les, det du tenker, det du ser. Men alt er sett gjennom det same, gjennom dikotomien mellom deg og mor di, som blir universialisert til altforklaringa, den uendelege teorien om alt, der di spalta oppleving av å vere deg (tenkande, observerande, medvite) og mor di (alt det motsette av deg) blir brukt som mal for å forstå eitkvart kaos, eitkvart mønster.
Barndomsskildring, kvarkar og Big Bang, slektshistorie, byen kring deg, flora og fauna, nervebanar og innvollar. Alt blir forklart med den same rigide dikotomien, der du er den lysande tanken, og mor di det råtnande kjøtet.

Denne gamaltestamentlege misogynien, denne neofreudianske samanblandinga av anatomi og indisk mystisisme, blir stadig meir ordrik, insisterande, støtta av vekslinga mellom smått og stort, før og no, alle nivå du grip fatt i.
Du grev deg stadig djupare inn i sjølvovertydande retorikk.

Eg blir først gripe av avsky og medynk, for denne handlingslamma forteljaren, denne framandgjorte, einsame guten som freister drøyme og tenke fram den store forståinga, men endar med å gå i desse utbroderte, små sirklane tilsynelatande heilt utan evne til å sjå sin eigen tenking, reflektere over sin eigen rigide refleksjon.
Etterkvart stig irritasjonen i meg. Og dette veit eg: Irritasjon er trua på at den andre kan betre, irritasjon er eit ønske om at den andre skal nytte sitt eige intellektuelle potensial.

For du er ikkje dum, Mircea Cărtărescu. Du er ikkje eingong oldgamal. Du burde kunne betre. Du demonstrerer nettopp ein vilje til å forstå, eit ønske om å sjå skjulte og openberre mønster, til å fatte verda og deg sjølv.
Eit rasande skrik finst i meg etterkvart som eg les: Vakne, Mircea! Sjå kva du gjer! Sjå kva du gjer mot deg sjølv, der du sit bak glaset ditt og deler verda i to!

Heilt til sist ønsker du deg berre samansmelting, oppheving av kjønna, og alt det andre som du i di eiga deg-mor-dikotomi-mytologi ser som splitta. Heilt utan snev av forståing for at det er deg sjølv som har skapt denne forståinga.

Vakne, Mircea! Gå ut i verda. Bygg noko med hendene dine, bli sveitt og forpusta av anna enn angst og seksuell frustrasjon, delta, finn deg nokon å elske som du kan sjå og respektere.

Kan hende gjer du det, og skriv om det, i dei to neste bøkene i Orbitortrilogien. Om ikkje, orkar eg deg ikkje meir.

Eg sit her med laptopen min på danskebåten, og skal ut i Europa. Eg skal finne ut om Danmark verkeleg er radikalt annleis og verre enn før, og om tyskarane verkeleg ikkje unner grekarar å gå av med pensjon. Foreløpig er det lite som tyder på at Europa har endra seg nevneverdig sidan siste inspeksjon. Litt skuffande har sjølve danskebåten skifta namn frå det spektakulære Silvia Ana L til badebukseaktige Superspeed.

Ingen har hittil opptrådt uhøveleg eller rasistisk, så vidt eg har merka meg, men kring meg er det visst berre kvite nordmenn, så det er ikkje godt å seie.

Det viste seg at papirlappen eg røska med meg frå nattbordet og stappa inn i Norg som bokmerke passa dårleg til ferda. Eg vil ikkje framstå som fiendtleg, og har personleg tilpassa ved hjelp av kulepenn.

Eg følger opp med springande orientering så sant internettet er med meg.

Eg skal på biblioteket igjen. Og eg treng litt hjelp.

Det er slik at eg gjerne vil lese noko som verkeleg er bra.
Eg skal vere spesifikk nok i behovmeldinga mi:

Eg orkar ikkje bøker som hovudsakleg gir meg smerte. Jobben min er å ta del i verkelege born, ungdommar og vaksne sin smerte og liding. Eg oppsøker ikkje fiktive versjonar over det same.

Eg vil lese noko som utfordrar meg, løftar meg, utvider og forfører meg. Eg vil forelske meg i ei bok.

Og eg vil absolutt ikkje ha at nokon narrar meg til å bruke ein time meir av mitt liv på å lese muntre, rørande familieforteljingar eller såkalla filosofiske forfattarar som er middelmådige tenkarar.

Eg vil lese noko av nokon som er klokare enn meg, skriv betre enn meg, og som ikkje gjer meg deprimert.

Eg vil gjerne ha same kjensla som av Lost in translation.

På førehand: Takk.

La oss snakke om neglelakk, folkens.
Ja, det er gøy!

Karianne sendte meg for ei tid tilbake ein slik effektlakk, CND Crimson Sparkle. Opplegget er: Du lakkar neglene med ein eller annan farge. Og så lakkar du oppå med effektlakken. Voila: Effekt. Crimson Sparkle gir (overraskande nok!) eit lag bittesmått glitter i lys lilla, rosa og lysegrønt. Med andre ord: Ikkje lakken for diskret lady, her er det duka for teselskap med Hello Kitty og Barbie.

Eg har eksperimentert, men grunna elendig kamera på mobilen blir det ingen bileter, berre metaforiske oppsummeringar (som jo alltid er det klart beste):

Crimson Sparkle topp 3

Nummer 3:

Manga-Barbie under sea.

Crimson Sparkle over Depend 159 (lys lilla utan glitter, vist her hos Nailin’ It).
Komplett useriøs look.

Nummer 2:

Mace Windu’s Purple Lightsaber.

Crimson Sparkle over OPIs Lincoln Park After Dark Suede (matt, mørk lilla, vist her hos Karianne).

Djup og vakker, nesten halo.

Og (trommevirvel):
Nummer 1:

Unicorn Poo

Crimson Sparkle over Barry M’s Chocolate Brown (flytande mjølkesjokolade, vist her hos Karianne).
Fantastisk resultat! Veldig rart og fascinerande ekkelt.

I kveld duellerte jazzmetallbandet Shining mot Hanne Hukkelberg om A-ha sin utlova million.

Eg tok oppgåva seriøst, og hadde ungane med på råd foran tv, då Shining, Hukkelberg og ein bråte VG-liste-band haldt gratiskonsert på Rådhusplassen.

Om Shining
Guttungen (6): Han ser litt gal ut. (Han = Jørgen Munkeby)
Jentungen (9): Han ser absolutt gal ut.
Eg: Han er ein fantastisk musikar, då. Og det er jo veldig tøft.
Guttungen: Han syng litt lågt, eigentleg.
Jentungen: Han brøler alt han kan.
Guttungen: Men han brøler lågt.

Om Hukkelberg
Jentungen: Svart sminke til rosa ballkjole ser litt rart ut.
Guttungen: Musikken er bra, men eg likar ikkje synginga.
Jentungen: Eg trudde på førehand eg kom til å like ho best.
Guttungen: Eg likar ikkje panneluggen til ho der.
Eg: Er det plutseleg ein missekonkurranse no? Kva musikk likar de best? Denne musikken eller dei som spelte først?
Jentungen: Han som såg gal ut?
Eg: Jørgen Munkeby.
Guttungen: Eg er veldig i stuss.
Jentungen: Eg har bestemt meg. Eg likte dei første.
Eg: Shining.
Jentungen: Ja, dei.

Så stemmer me. Og ser resten av konserten. Då alt er over har jentungen ein kortvarig sorgreaksjon over at Hurra torpedo ikkje var med i avstemminga.

Eg: Kva likte de best?
Guttungen: Eg likte best Thom Hell.
Jentungen: Eg likte aller best han som sto bak i Hurra torpedo, og så han som såg gal ut.
Eg: Av alt du har sett i kveld likte du Kristopher Schau og Jørgen Munkeby best?
Jentungen: Absolutt.
Eg: Fordi dei var best?
Jentungen: Fordi dei var tøffast.

Huffdå.

Dette kjem til å ende forferdeleg. Det er genetisk. Trøbbel i gjære. Stakkars unge.

Alt ugjort blei gjort, alle brev sendt, alle telefonar tatt, alle journalnotat og epikrisar og tilbakemeldingar og avtalar vart orden på til sist.

Eg har logga av og slokt lyset, lukka døra og sett skiltet på “ledig”.

Foran meg ligg seks, skinande veker.

Plan:

1. Skrive. Ungdomsboka ferdig til august. Samstundes skrive mest mogleg på Eirabuboka.

2. Reise utan å stresse. Eg skal med familien til svigers i Danmark. Eg skal bu i kollektiv i tysk herregård. Eg skal attende til Danmark. Så til Noreg og sommarhuset. Eg skal ikkje hisse meg opp over somlete ungar eller underkommuniserande mann eller treig trafikk eller tyskarar som berre snakkar tysk eller vinslantar som er drukke opp når eg endeleg set meg ned og har tenkt å forsyne meg eller bladlus eller brunsniglar eller noko som helst.

3. Ikkje noko punkt tre, faktisk.

Ferie.

Kan hende liknar forfattarar si oppleving av litteraturvitarar ikkje så reint lite på folk med psykiske lidingar si oppleving av psykologar.

Å studere litteraturvitskap er sjølvsagt ingen garanti mot seinare å bli forfattar, og det finnes dei som mistenker at alle littvitarar hamnar på studiet fordi dei slit med skrivetrong og publiseringslengt. Men korleis litteraturvitarar slash forfattarar har det, veit eg ikkje.

For eg er ikkje litteraturvitar.

Eg skriv.

I møte med litteraturvitarane kjenner eg fleire samtidige, og ikkje naudsynleg motstridande, kjensler og tankar.

På eit vis merker eg ei primitiv audmjuking, ei skam over å ikkje vere i stand til å forstå meg sjølv (eg = det eg avslører gjennom det eg viser meg som = det eg skriv)  i møte med andre som forstår betre, og det emosjonelle motstykket: den infantile irritasjonen, trigga av skam og mindreverd. Eg blir pasienten som tenker at eg veit, at eg har den ordlause eigenopplevinga som akademikarane krinsar rundt med ord eg ikkje forstår, men som skildrar det dei ikkje eigentleg veit.
(Dette tek ikkje all plassen.)
(Eg er ikkje eit barn.)

(Sant: Audmjukinga tek minst plass, men eg vel å starte med det pinleg smertefulle, eg vil ikkje skuldast for å nekte.)
(Yrkesskade.)

Samstundes ein lengt. Eit sug etter å sjå det andre ser, når dei ser på meg. Eit omlag like infantilt ønske om å vite meg sjølv, kunne bli sett uendeleg, kjærlig, inderleg, gjennom å ha desse augene sjølv. Ha forståinga, vere den vaksne, romme ei eigenforståing, og i same stund vere meg, vere den forståtte.

Det er slik: For litteraturvitarane har ikkje sett meg, dei har ikkje skrive verken nedsetjande, skamferande, eller med djup og kjærleg forståing om det eg har skrive.

Det er også slik: Eg vil ikkje at dei skal sjå på meg.

Og det er slik: Dei er rundt meg. Alle stader. Dei er redaktørar, dei er kritikarar, dei er forlagssjefar, dei skriv bloggar, dei arbeider i bokhandel (ja, det stemmer: det hender), dei er på litteraturfestival og drikk øl ved sida av meg: Me fører samtalar.

Dei har eit språk eg ikkje har.
Dei snakkar om det eg elskar, på ein måte eg ikkje forstår. Dei forstår prosessar som flyt gjennom, mønstre og verkemidlar. Dei ser det eg elskar i historisk og kulturelt perspektiv.
Eg vil sjå det dei ser. Eg vil ha deira viten.
Eg lærer, eg fjuskar i faget, eg plukker opp uttrykk, eg lyttar ved bordet.
Men akademisk vitskap er meir enn fagtermer, lettfatteleg definert av velvillige formidlarar. Meir enn denne straumen av litt her, litt der, som eg syg til meg.
Akademisk vitskap er tileigna gjennom massiv og langvarig læring, drøfting og etterkvart internalisering.
Eg kjem ikkje til å gå den vegen. Eg kjem ikkje til å tileigne meg det blikket.

Eg grip meg i å nytte hammar som skrujern, nytte psykologien (mitt fag) si forståing og språk. Ikkje (berre) for å fjonge meg og prove at eg (også) kan tenke, men også fordi det er beste reiskapen eg har, når eg freistar nærme meg noko eg ikkje forstår.

Eg forstår ikkje heilt kva eg driv med. Eg forstår ikkje kva eg gjer. Eg veit ikkje kven eg liknar, og eg kjenner meg historielaus, blind og febersjuk.

Dette er eg overlatt til (som dei før meg): Skrive (så godt eg kan). Forstå (som best eg kan). Øk det og styrk det.

Lengten, skammen, viljen til meir, tørsten (uslukkeleg, kan det sjå ut til): Dette får vere premissane.
Lengten etter meir driv verket.

(denne teksten har ingen slutt)

Tractionman: Ikkje Pippi.

Barnebokredaktøren min og eg prata litt om barnebokkritikk. Ho, og dei andre barnebokarbeidarane eg møtte på Lillehammer litteraturfestival,  gjorde meg merksam på kor lite lesaroppleving som får plass i vaksne sine kritikkar av barnebøker, kor mykje nostalgi og oppdraging og pedagogikk og lite kvalifisert synsing som får prege barnebokmeldingane, samanlikna med kor mykje oftare vaksenbøkene får kvalifiserte, fenomenologiske og reflekterte bokmeldingar på bøkenes eigne premissar.
“Eg skal sende deg eit par moderne bøker eg meiner er verkeleg gode,” sa redaktøren. “Les dei for ungane dine, gjer deg opp di eiga meining, og høyr kva ungane seier. Og så kan du google bokmeldingar etterpå.”

Ho sendte meg bøkene om Tractionman.
Dette er mi oppleving som høgtlesande mor: Ungane var umiddelbart interesserte. Omslaget var nok til at dei kraup opp i sofaen og ville høyre.
Eg las. Dei fulgte med. Dei hadde ingen spørsmål eller innvendingar (det har dei elles ofte), dei lo godt undervegs, og så skjedde det noko anna, som eg vil komme attende til.

Først: Ei ønskeliste. Nokon ønsker seg Tractionman. Så startar forteljinga: Hender pakkar opp ei actionguttedokke. Guten som pakkar opp ser me lite til. Dei vaksne ser me lite til. Det vil seie: Alt Tractionman opplever er guten sin leik, sjølvsagt. Og dei vaksne er tilstades absolutt heile tida, fordi det guten gjer, er å vere der dei vaksne seier han skal vere, gjere det dei vaksne har bestemt. Han et, han vaskar opp, han badar, han legg seg. Dei vaksne styrer guten, guten styrer leiken. Og dette berre skjer kring Tractionman, leiken er i fokus uansett kva dei vaksne har bestemt at guten skal gjere.

Kva opplevde eg som høgtlesande mor? Eg opplevde boka som dels for avansert for ungar som ikkje les sjølve, eg måtte peike og forklare syns eg. “Dette seier mora, då” og “her ser de at han vaskar opp, sant, sjølv om det er Tractionman som blir kjend med gryteskrubben”. Og dels opplevde eg det som ei ganske forfriskande bok, som tok lesaren inn i den reelle verda til born. Dei blir jo styrt av vaksne heile tida, og samstundes er dei i leiken og opplever noko me vaksne ikkje har tilgang til.

Men kva med ungane då?
Var det for avansert?
Var plottet svakt og teikningane for innhaldsrike og rammesoga over hovudet på dei?

Eg spør. Ungane svarar:

Niåringen: Det var ei god og morsom bok. Du kunne forresten spart deg for dei der forklaringane, me er ikkje dumme, liksom.
Seksåringen: Veldig god bok. Kan eg få den med meg i senga?

Neste kveld:
Seksåringen: Mamma, kan du komme inn her?
Eg: Ja, kva er det? Du skal sove no!
Seksåringen: Eg er nesten ferdig med Tractionman. Eg vil lese litt høgt for deg.
Eg: Har du lese alt då? Det som står i alle boblane *peiker*
Seksåringen: Ja, sjølvsagt, det er jo der orda står. Høyr då!

Og han les langsamt gjennom scena der Tractionman får grøn, heimestrikka sparkedress med kyse av bestemora til guten.
Han klukkar. Og peikar. Og les om att.
“Forstår du mamma?”
“Ja, eg forstår jo at guten syns det er heilt feil med strikkedrakt til Tractionman.”
“Nei, nei, ikkje guten. Tractionman blir flau! Ser du ikkje!”

Og rop frå niåringen sitt rom: “Mamma, me forstår det er guten som leikar. Du er ganske treig av og til. Du burde leike meir.”

Dette skjedde: Eg blei gammal. Borna mine forstår bilete og tekst annleis enn eg.
Og annleis enn Erle Marie Sørheim, har eg i dag googla meg fram til.

Tractionman er ei fantastisk bok, for den synleggjer kva som er barnelitteratur på borns premissar, og kvar den bryt med vår nostalgiske og vaksne lesaroppleving.

Tør du kjøpe bøker til ungane dine som vil gjere deg gammal?

Seksåringen, Tractionman og Tiger.

Lars Mytting. Skummel type.

Om ein skal hugse det ein lærer, bør ein oppsummere etter nokre dagar.
Dette lærte eg på Lillehammer 2010:

  • Dei som les opp frå notata sine på ein keisam, litt monoton og rask måte, får med seg alle dei interessante poenga dei har førebudd. Det er viktigare å følge med på slike folk, enn dei som får publikum til å le. (og eg har jammen gått skrekkeleg lenge på universitet og tenkte aldri over slikt dengong. men då var eg ung og trudde god formidling var viktig.)
  • Knørpl. (takk, Hilde Myklebust.) Når ein har funne ein knørpl er det vanskeleg å la vere å pitle.
  • Eg likar ikkje gå på konsert (når eg har drukke tre øl vil eg prate), men eg likar veldig godt når det dukkar opp musikk heilt plutseleg.
  • Romanforfattarar (og publikummet deira) er oppsiktsvekkjande lite reflekterte/medvite litteratur som konkret, fysisk verk. Ein stappfull sal gispa då Tomas Espedal viste fram at det er mogleg for diktbøker å vere tjukke, at romanar kan vere flisetynne, og at nokre bøker kan ha raud stripe på. (næh!) Heile forsamlinga burde vorte teleportert til Oslo Comic Expo etterpå og lytta til teiknarar snakke om format, form, tekstur og rammer for kunst. (neida, eg glippa ikkje på poenget.)

    Mette Moestrup. Kan tenke. Bra dame.

  • Eg saknar universitetet. (apropos universitetet, lzzm.) Det er gøy å høyre på folk som har tenkt seg om. Mette Moestrup, til dømes. Det er gøy å tulle med folk som kan tenke også, det er mange slike ein kan drikke pils og diskutere og drøfte og tøysesnakke med. (helst på vestlandsk. det vil seie utan å le for mykje. berre at eg gløymer heilt å ikkje le, då.) Men eg saknar å vere ein slik som tenker sjølv. Gjorde eg ikkje det? Då, altså? (næsj. sikkert ikkje. men eg saknar universitetet likevel. eg trudde lenge eg sakna storby. men det er jo berre tull. storbyar er stappfulle av apedumme folk.)
  • Sidesprangsforlaget mitt får skryt overalt. (mangschou. der ungdomsboka kjem.)
  • Lars Mytting ser ut som Clancy Brown i Carnivale (den dritskumle predikanten).
  • Eg har ei sjeldan evne til å frike ut folk som eg vil seie noko fint til.
  • Det er openbert vanskeleg å snakke om barnelitteratur utan å bli frykteleg metatematisk.
  • Eg kjenner visst frykteleg mykje folk som likar å reise på festival.
  • Det er ein sosial konvensjon å syte over å vere på festival blant mannlege forlagsfolk og mannlege forfattarar over førti.
  • Det er veldig tørr luft på hotellrom. Ein blir frykteleg tørst.
Follow

Get every new post delivered to your Inbox.

Join 44 other followers