Arkiv

Måntlige arkiver: juli 2010

Villbil

På jobb har eg laga meg nokre enkle reglar som eg gjerne deler med dei som kjem og ber om hjelp.

Til dømes pleier eg seie at ein skal hoppe over gjerdet der det er lågast, elles ender det med at ein ikkje hoppar i det heile. Altså: Gjer det enkelt.

Det rare er at no, når eg veit kva eg skal, og det slett ikkje er SÅ vanskeleg, driv eg og hoppar rundt som ein blind og nyforelska villbil. Eg har til dømes bakt boller, kjøpt løpesko (alle som kjenner meg veit kor rart det er), eg har sprunge i skogen, eg har sett film, eg har shoppa nye neglelakkar og lakka tjue negler.

Eg veit kva som skal til. Skrive.

Men neimen om eg hoppar dit sånn heilt med ein gong. Her er det kenguru på speed og valium.

Her er det marihøne med bind for augene og humle med lisens til å drepe.

Hopp.

Hopp.

Men slett ikkje dit eg skal.

Det hender sleggja må fram. Ei forteljing er skriven, det er karakterar, plott, det er scenar der folk pratar og gjer på ting. Noko er bra, noko er ikkje så bra, innimellom er det noko jækla bra. Det er mest umogleg å vite kva som gjer at heilskapen syg skikkeleg. Men den gjer det.

Eg ser det sjølv, det er ikkje språket eller einskilde karaktertrekk eller noko lirk og lureri med plottet.

Det er heile driten som samla sett er pissedårleg.

Då må sleggja fram.

Forteljinga skal ikkje flikkast på, det er verken pinsett eller kjenslevart pirk som treng. Den skal ikkje pulveriserast heller, eg treng store, brotne blokkar å flytte på. Heile driten må byggast opp på ny, men eg vil gjerne ha bitane.

Sleggja:

Inn med flunkande ny, sentral karakter.
Skifte synsvinkel.
Utvide plottet med fleire parallelle soger.
Endre sentrale deler av forteljinga, med følgjer for alt.
Smadre strukturen. Endre rytmen, endre retninga, endre intensjonen og/eller personlegdommen til karakterane.

Etter sleggja trengs det musikk. Kan hende er sveitte og hardt arbeid nok om du har nytta ei konkret sleggje på ein konkret vegg. men skal det bli litteratur, trengs det leik for å starte på ny. Det trengs mot, og mot kjem ikkje frå hardt arbeid aleine.
Mot til å bruke sleggja kjem når eg opnar døra mellom redsle for å øydeleggje det som er bra nok, og redsla for å skape noko som ikkje er meir enn bra nok. Men mot til å starte på ny, etter alt ligg i kaos, kjem frå den uhøgtidelige gleda ved leik, ved musikk, ved strekar som blir til bileter, ved kjælande hender som brått kitlar, ved champagne bak fjøset etter frukost, ved blåbærlilla smil og ein vits kviskra i mattetimen.

Eg spelar Kaizers Orchestra, eg spelar Susanna and the Magical Orchestra, orkestra spelar opp til manuskript, så bra blir ikkje noko om ein berre vil gjere det som er bra. Så svimlande, leikande fint kan ingen orkester spele som er flinke og aldri vil øydeleggje noko.

Eg elskar sleggja.
Eg brukar han ikkje så ofte, då ville eg aldri bli ferdig med noko.
Men eg elskar han.

Ein veps eg trakka flat på kontorgolvet mitt

Det gjekk plutseleg opp for meg at sidan det er så få som les bloggar for tida (i følge mine og Hjorthen sine statistikkar), så slepp eg å tenke på at nokon les det eg skriv.

Eg kan skrive dårlege dikt, eg kan blogge om dyra mine (om eg hadde nokon), eg kan fortelje om ein fantastisk vaffeloppskrift eg har funne (som sjølvsagt er den same alle andre har i sine kokebøker), og eg kan vise bileter av blomar ute av fokus. Dette kan verkeleg bli greier.

Eg vil legge ut med ei bitter, lita soge frå sist veke. Då spelte eg Besserwisser med ein flokk svært oppdaterte og samfunnsengasjerte lærarar med godt triviaminne. Det var sjølvsagt heilt jævleg, sidan eg har eit konkurranseinstinkt som ein middels orrhane, og eg husker jo faen meg ingenting av årstal eller namn eller kven som designa kva museum. Eg leid frykteleg. Så kom me då endeleg til ein kategori der eg hadde von om å kunne svare på noko, Tradisjon og tro. Eller var det Språk? (hoho, skal ein verkeleg drepe framdrifta i ei forteljing, skal ein byrje å drøfte med seg sjølv om det no var mandag eller tirsdag det skjedde, om det no eigentleg var akkurat slik han sa det eller om det var frå fru Mortensen eg høyrde det eller om det var på radioen – men eg har nesten INGEN lesarar no om sommaren, så eg kan berre DRITE i å fortelje dette på ein god måte, eg kan til og med banne og lyge om ting som kan googlast).

Eg sat rett i sofaen og skalv og tenkte at no – NO – skulle eg få flytte den satans brikken min heile fire skritt fram, kåmm ån! eg er klar! – og så kom spørsmålet: Kva latinsk ord tyder offerstad?

Det har seg slik at eg for over femten år sidan studerte saman med ein fyr som kunne latin. Eg spurte han om ordet gammal (alt) og alter kunne stamme frå det same ordet. Han fortalte då at ordet alter ganske enkelt tyder ei opphøging, altså noko som er heva over resten av golvet. Så eg visste jo at alter ikkje tyder offerstad. Og svarte derfor eit eller anna med sakrament. Men det VAR alter. Argh.

Dette er mykje gøyare for meg enn for deg, men sidan det berre er meg som er her, så gjer det ingenting.

Antropologiske studieturar er ei krevjande affære, og uforutsette tuer kan velte eit lass av planar.

Kva fann eg ut om Danmark?

Ingenting eg ikkje visste frå før. Kjøkenhagane der gror betre enn våre, det er varmare og dei har uendeleg mange jernalder- og viking- og middelalderlandsbyar ein kan vitje.
Dessutan stengte eg meg inne på ektefellen sitt gutterom og skreiv ned ting eg tenkte ut heilt sjølv, framfor å gå ut og snakke med lokale folk.
I følge dei danskane eg kom i kontakt med, er dei litt flaue over at det er dansk regjering sine hestehandlar med støttepartiet Dansk Folkeparti som ser ut til å farge norske medier og kommentatorar sitt syn på dansk kultur. Men samstundes høyres det ut som at dei likar å ha politikarar (frå alle andre parti enn Dansk Folkeparti that is) som tek innvandrar- og integreringsutfordringane alvorleg.

“Før var stemninga slik at dersom nokon sa at noko ikkje funka, var dei rasistar. Alle dei elles anstendige politikarane hitla einkvar innvending, og det kjentes som om politikarane sat i dyre villaer i forkantstrøka i København og var arrogante og lite realistiske, medan me som studentar budde inne i Vesterbro og Nørrebro, og kjente oss framande i eigen bydel. Det er mykje lettare å leve med problema no, sidan dei som bestemmer også ser ut til å erkjenne at det eksisterer problem, og at innvandring ikkje utelukkande byr på eit rikare og vakrare samfunn, slik dei heilt unyansert påsto på 90-talet.”

Kva fann eg ut om Tyskland?

Eg var i det gamle Austtyskland, og det var merkeleg. Eg fann som vanleg ut lite om landet eg var i, og meir om eigne fordommar.
Eg har vore veldig lite i Tyskland, og kan nesten ikkje tysk.
Vegskilt på tysk triggar ting i meg som gjer meg kvalm. Eg kjem til å tenke Ravensbrück, Sachsenhausen, Auschwitz og Dachau. Eg ser uendelege kornåkrer, dådyr i vegkanten, ein rev som smett inn mellom bindingsverkshus i ein landsby, eg ser låver av kampestein og storkereir i eit tårn. Eg ser ei høg, slank ungjente med bølgete pasjehår som trillar barnevogn. Eg merker at idyllen gjer det verre.
Eg er ikkje ferdig med den historia, forteljinga om slekta mi som blei drepne.

Eg sit i ein kitchaktig herregård i Lübbenow, Uckerland, ein time frå Berlin. Det går ikkje ihop. Jødinna i den tyske herregården kjenner på ein kvalme som ikkje kan snakkast om, ikkje kan formidlast, ikkje kan vere der.

Kring meg drikk dei vin, danskane, eg drikk vin med dei. Me badar i swimmingpoolen, for det seier danskane at det heiter, og me spelar pool (altså biljard), me et overdådig middag i riddarsalen, og me strekk oss på nyklypt grasplen og ser storken flyge forbi.

På Lidl tek dei ikkje VISA-kortet mitt, og dei snakkar ikkje engelsk. Dei er vennlege, viser tålmod, smilar, peikar, forklarer. Ei dame frå Lidl-køen køyrer foran til næraste minibank.
Overalt køyrer bilar med tyske flagg montert utanpå, vaiande flagg i høve VM, men dei blir ikkje plukka av bilane då Tyskland tapar til sist heller. Framleis, etter finalen, køyrer tyske bilar kring med vaiande tyske flagg.
Traktorane er gamle, eg undrast om alle desse åkrane med bygg og kveite og havre eigentleg er eigd av vesttyske kapitalistar, og at det finnes store maskinparkar med skikkelege pløye- og hauste-utstyr i ein gedigen garasje einstad.
Folka eg ser har hockeysveis og digre t-skjorter over kortbuksene. Det er få gladiatorsandalar i omløp, det er ingen her som liknar motebiletet heime.

Eg grip meg i å tenke at dei ser frykteleg tyske ut.

Og eg tenker at det gjer ikkje eg.

Kva dei tenker om Hellas anar eg ikkje. Eg er ein fordomsfull turist som ikkje snakkar språket, som nyt godt av billeg vin og god mat, og som ikkje forstår kva land eg er i, kva folk eg har kring meg. Det einaste eg forstår er min eigen reaksjon, og knapp nok den.

Eg har vore i nærkontakt med svært få danskar. Dei eg har snakka med har nyleg vore i Kina og framsto som svært lite rasistiske.

I morgon drar eg til eit herskapshus utanfor Berlin, der eg skal skrive ferdig ungdomsboka.

Og den er NESTEN ferdig! Eg har vore supereffektiv, og manglar berre eit par, tre kapitlar før førsteutkastet kan printast ut, lesast høgt og stønnast over.

Wuuuhuuu!

Og den slags veit ein å feire.
Med blonder, bling og sancerre.

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.

Join 44 other followers