Arkiv

Måntlige arkiver: august 2010

Det er feststemning på Kiwi sin søndagsopne butikk. Lattermilde og pratsomme damer i kjoler og skaut stimlar kring eine kassa, med armane fulle av tomme plastflasker. Det spring glade born rundt mellom hyllene, nokre et is, andre drikk brus, og fedrene ropar til kvarandre. Blide stemmer, eit språk som er framand for meg, men eg veit kva det er.

Utanfor står fem store bilar, og vrimmelen av folk mellom bilar og butikk er lågare enn meg, eg ser over dei mørke hovuda til fedrene, skauta til mødrene. Jentene i kassa på Kiwi freister visst forklare at dei fleste flaskene ikkje let seg pante, men tålmodet er stort hos dei tjukke, små damene.

Like brått som denne framandarta feststemninga velta inn over den vesle butikken er det over. Bilane blir fylt opp, i framseta sit småungar med ispinnar og brusflasker på fanget til smilande damer, ingen har sikkerhetssele, ingen er sure, ingen ser ut til å bry seg med at klokka er ni om kvelden og at det er skuledag i morgon.

Bilane køyrer ut av parkeringsplassen, og forlet oss. Attende står nokre få nordmenn, med sure fjes og posar med mjølk og brød og fårepølse til skulematen i morgon tidleg.

Romfolket er på veg vidare.

Då vart dei første raudbetene hausta, kokt og servert med raudvinsedikk, litt sukker, sydesalt frå Læsø og nyhausta koriander.
Servert saman med raudbetblader laga som frisk spinat, råsteikte poteter (igjen: sydesaltet gjer alt betre. alt.) og lubne, skeive gulrøter. Ein tallerken med mørk grønt, djup raudt og klårt oransje.

Hausten er bråvakker, og eg har fått mat.

No er eg nesten ikkje sur meir.

Kvifor gjer eg det eg gjer, er det noko vits i å finne ut av det? Kvifor handlar eg og velger eg slik eg gjer, er eg berre biomasse under sosialimprinting, født slik og blitt slik og resten er matrise i usannsynlige kvarkar og ikkje noko å bry seg med for den vesle gåsehjernen min, eg er trass alt berre eit enkelt menneske med ein enkel mastergrad og omlag 40 års subjektiv erfaring. Kvifor sit eg her, time etter time, kvifor gjer eg ikkje heller noko kjekt, eller noko sunt, eller noko nyttig? Noko som kunne gjort verda eller meg eller nokon andre ørlite grann betre?

Og kvifor byr eg ikkje på meg sjølv, kvifor deler eg ikkje mine erfaringar, kvifor freister eg ikkje finne det unike i meg sjølv, kvifor vil eg ikkje skrive om smertefulle punkt eller søke det inste, ærlege, det einaste sanne eg veit, nemleg det subjektive? Og ikkje reddar eg verda, ikkje har eg planfadderbarn eingong, ikkje skriv eg om fattige eller lidande eller folk som kjempar for fridom og betre kår i slum, krig og miljøkatastrofar. Ingen nakne ballar sleng mellom setningane mine, ingen såre barneandlet kikkar opp med striper i skiten, neida.

Eg er ikkje eingong ein slik litterær flinkis som har studert faenskapen og freister løfte og endre den. Eg gjer ingenting med Romanen, eg skapar ingenting nytt, eg utfordrar ingen, eg konfronterer verken lesarar eller vitarar eller skribentar.

Alle får vere i fred for meg, både dei svoltne og dei rike, dei arrogante og dei naive. Breane får smelte og krigane rase.
Alle får vere i fred, til og med eg sjølv.

Kva faen er poenget med dette? Kven er det eg narrar, kva narrar eg dei med, narrar eg i det heile eller sit eg berre her i ei rigid meiningsløyse som verken imponerar, rører eller provoserar?
Kvifor gjer eg dette?
Kvifor skriv eg noko som helst?
Når det av og til er så vanskeleg at eg har lyst til å grine og samstundes er heilt og aldeles fri til å berre gi faen, berre reise meg, berre gå ned i kjøkenet og bake brød og ringe ein ven og drikke eit glas vin og spele UNO med guttungen og sykle rundt Landåsen.

Det er så meiningslaust at eg blir rasande, men ikkje konstruktivt rasande, ikkje rasande på ein slik skrivande og kunstnarleg måte som avføder tekstar.
Neida. Berre meiningslaust rasande på ein tam og handlinglamma måte.

Eg veit ikkje kvifor eg skriv, om det er den umettelege narscissisten som trur det skal kome noko herlegt ut av det, om det er einslags talentetikk som gjer at høge tankar om meg sjølv tvingar meg til å publisere denne meiningslause ordstraumen som om det skulle vere av noko som helst nytte? Er det manglande kreativitet som gjer at eg skriv, berre fordi eg eingong kom på at eg skulle og så er eg ikkje i stand til å slutte, komme på noko anna, endre retning?

Faen.
Argh.

Det er ikkje slik at eg er noko slåande positivt eller blidt menneske. Kan hende framstår eg slik for enkelte svært underhaldande folk som ikkje ser meg så ofte. Men for dei heilt vanlege folka eg har rundt meg heile tida, er det openbert at eg er humørsjuk, hissig og direkte sur av meg. Heldigvis har eg lært meg å vere tilstrekkeleg egoistisk med åra, for å vere oppofrande gjer humøret mitt frykteleg mykje verre. Då blir eg nemleg sjølvmedlidande og sjølvrettvist sur og humørsjuk, noko eg faktisk ikkje fattar at folk har halde ut med i årevis. Men det har dei, og no held dei same stakkars folka ut med at eg er blitt sjølvoppteken og egoistisk istaden, og dermed litt mindre sur og i alle fall betydeleg mindre sjølvmedlidande og sjølvrettvist sur.

Eg trekk meg vekk frå folk, frå ungane og ektefellen, inn på kontoret eller ut i skogen, og held dei surpompete nykkene for meg sjølv, og dyrkar eigne interesser og impulsar utan omsyn til familien. Eg arbeider berre 60 % for å dille med fiksjon, og eg reiser min veg støtt og stadig for å gjere det mest mogleg uforstyrra. Det gjer meg nesten grei.

Men berre nesten.
For det hender at eg surnar aldeles, NETTOPP fordi eg veit at eg har vore egoistisk og LIKEVEL ikkje får til det eg vil.

Slik som no.

Eg har hatt fri i fire dagar i strekk, og hadde ambisjonar om å gjere ferdig omarbeidinga av grovskissa til ein ganske kort roman (ja, såpass tilbakehaldne ambisjonar FAKTISK, så ein skulle tru det var REALISTISK, ikkje sant?). Og det har eg ikkje gjort. Tildels har eg blitt noko forstyrra av folk i huset her, men mest av alt har eg forstyrra meg sjølv på det unyttigaste. Eg har loka bort tida mi på internett, og eg har ikkje verken jogga eller sykla eller gått tur eller noko som helst av det eg elles meiner kan vere gode pausar frå surpomping. Neida, eg har berre sete her foran pc-en med dokumentet oppe på eine skjermen og internett på den skjermen eg må snu hovudet på skakke for å bruke, for det skulle liksom gjere det meir synleg for meg sjølv at internett berre var pauseverksemd, unntak, noko eg gjorde berre litt, medan Open Office-dokumentet med Den Viktige Teksten eg skulle Prioritere fekk skine på den store, praktiske skjermen rett over tastaturet.

Det verste er at det berre går ut over meg sjølv, og dermed fører til einslags passiviserande sjølvhat. Så no er eg sur, lat, eg har litt vondt i nakken og eg likar meg ikkje.

Argh.

Eg veit sjølvsagt om ting som dette og dette, men kva hjelper det når problemet ligg her?

Medvindssupportarar har ikkje godt ry blant blodfansen i fotballverda, medan det framstår heilt streit å heie fram politikarar så lenge dei gjer elskelege val og seier fornuftige ting, og ditsje dei på det grovaste når det buttar både retorisk og substansielt.
Eg vil berre seie det, Jonas, at eg likar deg framleis. Eg elska deg kanskje meir nesegrust før, då du var som ein mild, akademisk bris frå Oslo Vest, ein mann for oss 6 prosenta med enorm studiegjeld, ein mann for oss som likar folk som kan tenke seg om før dei snakkar, og som kan tenke seg om fort. Før det viste seg at du var i overkant pragmatisk i høve ytringsfridom, at du kanskje var vel retorisk og ikkje alltid så substansiell, og før dine gode venner (“dette unge paret”), Håkon og Mette-Marit la ut på pretensiøs pilgrimstur. Før du blei litt for glatt og litt for avslipt, før det viste seg at den raud-grøne regjeringa var blå-raud (altså lilla, som ikkje er så politisk kledeleg).

Men du er den du er, kanskje vel så elskeleg, med alle dine feil og manglar.
Eg var medgangssupportar, eg medgir det. Men i dag vil eg få flagge for deg og flagge at eg er motgangssupportar også. Måtte du få eit langt politisk liv, og måtte dei milde, triste augo dine alltid gi meg kjensla av at djupast sett vil du oss alle vel.

Gratulerer med 50-årsdagen.

Då eg skreiv manuset til Song for Eirabu I, skjønte eg jo etterkvart at det å skrive bøker var frykteleg mange delprosessar. Virrvarr-Ida har laga ei oversikt over hennar oppleving, og som Ellisiv Lindkvist kommenterer: Det der ser ut som ein veldig uproblematisk og lett prosess samanlikna med korleis det ofte er.

But anyways, skriving, sende til forlag, håpe på å bli antatt, vere heldig på første forsøk, men femti til hundre fram og tilbakemeldingar med tekst som må omstrukturerast, jobbast med, snørast inn og byggast ut og så bortetter, og SÅ er det lansering.

Å publisere bok er noko anna enn å skrive bok. Publisering er å snakke med journalistar, bli tatt bilete av, vente på (og lese) omtaler i aviser og på bloggar, dra rundt til alle som inviterer og lese opp, kjøpe ny kjole, gå til frisøren, øve og øve på å lese langsamt nok og med innleving nok, levere pakksetlar til Forfattersentrum, google seg sjølv, få epostar, snakke med folk på festival om mogleg omsetjing.

Alt slikt.

Og no, altså: Sjekke Innkjøpsordninga. Det er ikkje kjekt å bli nulla. Altså å ikkje bli kjøpt inn til biblioteka. Så eg har no vore aldri så lite nervøs.

I dag sjekka eg, og jo, der står boka mi på lista over innkjøpte bøker i 2009. Hurra!

På eit vis føles det som prosessen med å publisere Song for Eirabu I endeleg er avslutta.

I mellomtida har eg skrive ein femtedel av neste Eirabu-bok (er no i “redaktør har lese og likt! no er det berre å skrive vidare! tid! tid! pengar til å kjøpe meg tid!”-delen av prosessen), og omlag 80% av ei ungdomsbok (er no i “manus levert! hjelp! tenk om redaktøren synes det syg! gudane veit kor mange rundar me skal gjennom i løpet av hausten!”-delen av prosessen).

Men ikkje heilt, likevel. Eg har ei opplesing til i haust, og SÅ er det vel slutt. Trur eg. Det kjennest heilt merkeleg å skulle ut og lese opp frå første Eirabu-boka no. Eg er jo så djupt inne i dei nye bøkene.

Eg har forresten lagt meg til to nye mantra gjennom alt dette:

“Alt er prosess.”

og

“Alle har ein plan, så strengt tatt treng ikkje eg å ha ein.”

Ein oppsynsmann uttaler til tabloidpressa at det å skyte ein andefamilie med piler er miljøkriminalitet på sitt verste.

Nei, det er ikkje det.

Det er sadisme mot dyr, det er eit av teikna på manglande empati og eit raudt flagg i psykologisk vurdering av gjerningspersonen, det er stygt gjort.

Og andefamilien? Synd.

Men det er nok meir synd på dei fuglane som ender i kjøledisken, vakuumpakka av Prior.
Den plutseleg torturerte og drepte andefamilien har sannsynlegvis hatt eit greit liv inntil dei møtte ein forstyrra andemordar.

Og skal me snakke om miljøkriminalitet på sitt verste, er kjøttindustrien, oljeindustrien og all plasten vår verre enn ein torturert andefamilie. Alt som gjer livet til denne opprørte oppsynsmannen lett og greit og luksuriøst, samanlikna med snittet av verdas folk, er tufta på miljøkriminalitet på sitt verste.

Men klart det er lettare å hyle opp om ei and med pil gjennom halsen.

Eg ser ikkje fotball.

Eg les ikkje lyrikk.

Eg ser i alle fall nesten aldri på fotball, det hender at eg dumpar ned i sofaen ute i sommarhuset, medan far min begeistra ropar foran skjermen, han er veldig redd for å vere til bry, far min, for han er ein slik som helst ser friidrett og fotball og ski og skøyter og sykling, og han brølar begeistra og ropar “sjå der, då, sjå, det er UTRULEG!” og så fortel han kva han ser på og vil invitere alle andre inn i dette magiske universet der ein ser på at andre nyttar kroppen sin til idrett og heier på dei, og ergrar seg over ting dei gjer med foten og slikt. Og han veit så vel at ingen andre i familien gidd sjå idrett på tv, og ingen andre brølar slik og ingen andre kan oppvise liknande begeistring for nærast noko som helst.

Eg les nesten aldri lyrikk, får eg vel tilføye, det hender nokon sender meg ei diktsamling i posten, anten fordi det er nokon eg kjenner som har skrive dikt, eller fordi eit forlag trur eg vil skrive på bloggen om dikt, eller fordi eg ahr meldt meg inn i einslags bokklubb som er akkurat passe lite krevjande og akkurat billeg nok til at eg framleis ikkje har meldt meg ut.
No har den billege og lite krevjande bokklubben sendt meg ei diktsamling om fotball.
Eg har lese den. Og merkeleg nok kjennest det heilt riktig å seie at det bør du også gjere.

Det er kanskje fordi eg har levd parallelt med dette universet så lenge, vakse opp med ein far som stakk til oss seigmenn for å lokke oss med til å sjå fotball (ein seigmann for målsjanse, to for skåring, slik fekk han oss også engasjert i å diskutere om noko var reell målsjanse eller ikkje), fordi eg har hatt kompisar og kjæraster som har spelt fotball og sett på fotball, kanskje fordi far min har sagt at eg ikkje må stole på ein mann som ikkje likar fotball (resonnementet er at fotballen er einaste arena i vårt samfunn der menn kan ta ut primitive og valdelege kjensler utan å vere til skade), kanskje fordi eg er i ferd med å vekse frå trassen og irritasjonen, kanskje fordi det var einaste gongen me fekk sjå tv og ete middag (om far min fekk ta risengrynsgrauten med inn foran tippekampen, fekk me også).
Kanskje fordi Lars Saabye Christensen fangar noko av dette.

Det er no du skal ut og plukke blåbær. Skogen er full.

Blåbærsyltetøy smakar vidunderleg, men blir ofte for flytande. Her er oppskrifta du har leita etter.

500 gram bær
250 gram sukker
Ingen tilsetningsstoff.

Sett steikeovnen på 200 grader.

Hell sukkeret ut i ei langpanne.

Så heller du bæra i steikepanne, og fyrer opp med høg varme.

Rør i bæra under oppvarminga.

Når dei saftar, og sukkeret har stått omlag ti minuttar, heller du det ovnsvarma sukkeret opp i steikepanna til bæra, og rører rundt.

Når bær og sukker har kokt saman i omlag 4-5 minuttar er syltetøyet tjukt nok.

Hell over på reine glas og skru på loket.

Trikset er at med så kort koking vert ikkje det naturlege pektinet i bæra øydelagt, og du tar dermed vare på stivelsen i bæra.

I tillegg vil den store flata til fordamping som steikepanna gir, gjere at syltetøyet kokar nok inn på så kort tid.

Velbekomme.

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.

Join 44 other followers