Statusrapport (og eit lite hurra)

Då eg skreiv manuset til Song for Eirabu I, skjønte eg jo etterkvart at det å skrive bøker var frykteleg mange delprosessar. Virrvarr-Ida har laga ei oversikt over hennar oppleving, og som Ellisiv Lindkvist kommenterer: Det der ser ut som ein veldig uproblematisk og lett prosess samanlikna med korleis det ofte er.

But anyways, skriving, sende til forlag, håpe på å bli antatt, vere heldig på første forsøk, men femti til hundre fram og tilbakemeldingar med tekst som må omstrukturerast, jobbast med, snørast inn og byggast ut og så bortetter, og SÅ er det lansering.

Å publisere bok er noko anna enn å skrive bok. Publisering er å snakke med journalistar, bli tatt bilete av, vente på (og lese) omtaler i aviser og på bloggar, dra rundt til alle som inviterer og lese opp, kjøpe ny kjole, gå til frisøren, øve og øve på å lese langsamt nok og med innleving nok, levere pakksetlar til Forfattersentrum, google seg sjølv, få epostar, snakke med folk på festival om mogleg omsetjing.

Alt slikt.

Og no, altså: Sjekke Innkjøpsordninga. Det er ikkje kjekt å bli nulla. Altså å ikkje bli kjøpt inn til biblioteka. Så eg har no vore aldri så lite nervøs.

I dag sjekka eg, og jo, der står boka mi på lista over innkjøpte bøker i 2009. Hurra!

På eit vis føles det som prosessen med å publisere Song for Eirabu I endeleg er avslutta.

I mellomtida har eg skrive ein femtedel av neste Eirabu-bok (er no i “redaktør har lese og likt! no er det berre å skrive vidare! tid! tid! pengar til å kjøpe meg tid!”-delen av prosessen), og omlag 80% av ei ungdomsbok (er no i “manus levert! hjelp! tenk om redaktøren synes det syg! gudane veit kor mange rundar me skal gjennom i løpet av hausten!”-delen av prosessen).

Men ikkje heilt, likevel. Eg har ei opplesing til i haust, og SÅ er det vel slutt. Trur eg. Det kjennest heilt merkeleg å skulle ut og lese opp frå første Eirabu-boka no. Eg er jo så djupt inne i dei nye bøkene.

Eg har forresten lagt meg til to nye mantra gjennom alt dette:

“Alt er prosess.”

og

“Alle har ein plan, så strengt tatt treng ikkje eg å ha ein.”

11 comments
  1. turkis said:

    Uæææ! Visste du ikke før nå om den hadde kommet med i innkjøpsordningen? Og du, hva mener du med oversetting? Er det snakk om det? *hyper*

  2. monica said:

    Jeskli bra, denne skal jeg stjæle: “Alle har ein plan, så strengt tatt treng ikkje eg å ha ein.” Godt å høre at du skriver, Avil! Skriver litt jeg og, planløs poesi, hø hø. Finn tid og skriv på, heia heia.

  3. Avil said:

    turkis: Nei, det er sånn dei held på, svina. Det er visst ønskeleg at alle som skriv skal ha magesår. Neida, neida (joda).

    monica: Planlaus poesi høyres bra ut. Eg driv jo mest med planlagt prosa.

  4. knirk said:

    Okei – helt ærlig? Jeg er bare dritmisunnelig jeg.

  5. Synes ikke tiden kan gå fort nok til neste Eirabu kommer ut – så godt å høre at iallefall 1/5-del er unnagjort :-) Stå på :-)

  6. Avil said:

    knirk: Hoho. På kva då? Kan umogleg vere all nervøsiteten.

    Valinaria: Oh, ein bokelskar! Så gøy! Takk!

    (nokon påstår at ropeteikn får setningar til å sjå ropete ut, eg får gå i meg sjølv)

  7. Gratulerer!!!! Så utrolig hurra!

  8. Linda said:

    Hurra hurra hurra!

    Jeg stjeler dine mantra, og føyer de til i listen over de fine vi har fra før, som f.eks Bare under press.

  9. Avil said:

    Ta ansvar for egen surhet.

    Bare under press.

    Alt er prosess.

    Alle har en plan, så eg treng strengt tatt ikkje ha ein.

    Eg føler dette begynner å likne privat praksis. Og sjølvhjelpsbok. Me er snart rike, Linda.

  10. Linda said:

    $ Hjelp til selvhjelp. We’ll make tens and tens of dollars!!! $

  11. Avil said:

    *grisk*

    *og klok*

    *og grisk*

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 48 andre følgere