Arkiv

Måntlige arkiver: oktober 2010

I morgon er det første november. November er ein fin månad, mykje betre enn sitt rykte. Det er kaldt og mørkt nok ute til at du endeleg kan fyre i peisen, tenne stearinlys på ettermiddagen, og drikke te medan du gløtter opp frå boksidene i ei av dei ferske bokhaustbøkene, og tek deg i å stire i flammane til du ser dansande faun og kronhjort. Og det er enno ikkje snø, så om sola skin kan du framleis finne ein og annan piggsopp i skogbotnen, og lauvet ligg i haugar du kan vasse i og kjenne kor lukkeleg du er.

Dessutan har både eg og mor mi bursdag i november, og jammen meg har redaktøren min bursdag same dag som mor mi, og der kan du berre sjå kor lita verda er.

Og om alt dette ikkje er nok, så er november månaden der du kan tjuvstarte alt som er kjekt med desember. I fjor hadde eg sju sortar i boksane før første desember, berre fordi det er kjekt å bake. Eg blir endå meir lukkeleg av å bake enn ein blir av å vasse i lauv. Det er noko med å bruke kroppen på ein slik måte at reptilhjernen forstår at ein jobbar, samstundes som dei olfaktoriske sansane fortel same, djupe hjernemasse at det er mat ein lagar, og cortex blir også tilfredsstilt, konkret og umiddelbart, sidan alt ein gjer fører til sansbare, praktiske og positive konsekvensar i same augneblink.

Er det verkeleg naudsynt å pimpe november opp ytterlegare? Nei, sjølvsagt er det ikkje det. Det er ikkje naudsynt å pimpa jula heime hos oss opp heller, etter me i fjor toppa med ein heil pepperkakelandsby, og pepperkakehjarter i vindauga med namna til alle slektingane i glasur-runeskrift. Likevel har eg tenkt meg å tilføye kransekake i år. Ikkje berre slike pinnar med tuppane dyppa i sjokolade, men ei ruvande kake av ring på ring, og sannsynlegvis smellbonbon’ar med hattar som passar hesten best.

Ikkje naudsynt, men klart me gjer det likevel: Me pimpar opp november. Me gjer november aldeles magisk, faktisk.
Me skriv ein roman på ein månad, saman med omlag 150 000 andre skribentar.
Det er eit vakkert prosjekt. Det er eit magisk prosjekt. Fordi det skjer så mykje med teksten og med ein sjølv når ein skriv og skriv og skriv, og ikkje gir seg på verken tørre eller våte møkka og berre skriv meir.

50 000 ord på ein månad. Tekstmengd tilsvarande ein vanleg roman. Eller nesten ein tredjedels Song for Eirabu.

Eg vil gjerne ha deg med. Om du ikkje veit kvar du skal starte, kva du skal skrive om, kva boka di skal handle om eller om du i det heile tatt kan skrive, er heilt underordna. Du registerer deg gratis på NaNoWriMo og finn råd og tips der.

Dette betyr også at eg ikkje kjem til å blogge før desember. Sannsynlegvis i alle fall. Eg skal halde meg unna internett så godt eg kan, og berre stikke innom før eg legg meg for å registrere på NaNoWriMo-kontoen kor mykje eg har skrive den dagen, og sjå korleis det går med writing-buddy’ane mine.

Brukarnamnet mitt er Tofte, så add meg om du vil.

Så kom igjen folkens, på tide å fortelje historiar berre du, fordi du tilfeldigvis er deg akkurat no i verda, kan fortelje. På tide å bygge hus som ikkje finst, reise trestammer kring novene, late einhjørningar og ekorn kikke inn vindaugene og lytte til samtalar om kven som eigentleg drap Sherlock Holmes, før lyden av helikoptre fulle av udøde blandar seg med tonane frå djevelens hardingfele. På tide å skildre kor sårt blikket hennar var då du snudde ryggen til henne i skulegarden, og ikkje minst på tide å skrive scena der du endeleg møter henne igjen. På tide å ta den roadtripen til endes, grave deg litterært ned i den fyllekula du ikkje hugsar frå 2003, på tide å finne ut kva som skjer dersom du lar mor di forlate far din i 1987. Kom igjen folkens: På tide å skape magi!

Snakkes i desember! God bok!

Eg høyrer jo kva dei seier, desse mindfullnessfolka. Eg har høyrt Arne Næss senior seie noko av det same før, med litt andre ord. Og eg har jo både studert psykologi og gått på TM og trent regelbunde i periodar og drive med yoga og halde depresjonsmeistringskurs og i det heile.

Ver der du er.

Legg lista slik at du kjem over.

Kjenn dine avgrensingar og set pris på at du forstår deg sjølv.

Ta deg ein pause og nyt gjort arbeid.

Likevel grip eg meg i å tenke yeah whatever og blablabla når det kjem til meg sjølv. For klart at alle andre skal yte og nyte i harmonisk dynamikk og kvile mellom slaga.

Men eg? Eg er lat. Eg kan så mykje, vil så mykje, men når eg ikkje får gjort alt eg har tenkt, så er det fordi eg er eit jævla drog.

Og så snakkar eg meg sjølv mildt til rette, då, og styrer no unna dei verste djupdalane. Eg kan jo det òg, faktisk. Men under lurar kvardagssjølvhatet. Mentale kakerlakker som tyt ut i mørkre. Tankane om at eg burde og skulle og fy faen for ein slappfis eg er.

Meistringsstrategiar er det mange av. Men kjelda ser ut til å vere frisk og klar. Ein brekald straum av misnøye under vaksne bruar av fornuft.

Så gjeld det å montere ei mølle i elva. Misnøye driv verket.

photo by http://www.flickr.com/photos/baquero/

Du syng ikkje noko fint, sa Selma.

Men du syng ikkje så stygt at det er morosamt heller.

Ei litt svak, og uinteressant stemme. Der har du mi stemme.

Slik er stemma til heimstaden min.

Det er ikkje fint her, ikkje fint nok til heimstaddikt.

Ikkje fint nok til hymner eller romantisering eller realisme.

Det er ikkje stygt nok heller.

Ikkje stygt nok til heimstaddikt.

Ikkje stygt nok til hymner eller romantisering eller realisme.

Her står einebustadane i litt uryddige rekker, med litt for små hagar rundt.

Det er blomar i hagane, gras og trampolinar.

Dei slår ikkje graset om søndagen her.

Dei tek trampolinane inn om vinteren.

Dei har lyng i krukkene på trappa om hausten,

påskeliljer og etterkvart stemorsblomar om våren.

Lyng er ikkje noko fint. Påskeliljer og stemorsblomar er ikkje fine.

Men dei er ikkje så stygge at dei er morosame heller.

 

Bilete lånt frå Stord Jeger og Fiskeforening sin blogg

Det er noko ugreie i skallen for tida. Det er som ein slags hjernevoks har lagt seg mellom den fantasifulle cortexen min og det som kjem ut. Eg ser det jo sjølv, det går veker mellom kvar bloggpost, det er sånn at eg får lett kvalme av å sjå eigen blogg. Nei, ikkje kvalme, eit irritert stikk av samvit eller skam eller noko. Eg burde så mykje. Men eg gjer det jo ikkje. På tide med ei liste. Over eit eller anna. La meg sjå. Liste over noko eg faktisk har fiksa i det siste.

  1. Eg dro til Spania med 70 sider Eirabu II-manus. Eg kom heim igjen med 200 sider. Dette har eg tenkt meg å vere veldig nøgd med heilt til klokka ti i morgon, for då ringer redaktøren som no har lese skiten.
  2. Eg har fått meg joggesko, mitt aller første par. Det begynte med at den trongen eg har hatt til å springe ned bakkane fekk utløp, og så bestemte eg meg for at det fekk vere skitsamma om eg ser Absolutely Fabolous ut når eg spring. Sidan har det blitt omlag 4 km annakvar dag. Det blir stadig mindre dødsstrevsomt på slutten av turen, så kan hende skrur eg snart opp til 6 km. Eg har tenkt å vere nøgd med innsatsen sjølv om eg er overtydd om at eg snart kjem til å skade meg.
  3. Eg har ikkje røykt sidan eg var i Spania. Det vil seie at eg har røykt fire sigarettar til saman på to veker, men det teller jo ikkje når ein pleier røyke tjue om dagen. Sjølv om eg garantert kjem til å røyke igjen, om ikkje anna så på fest og festival og slikt, så er eg nøgd med innsatsen så langt.
  4. Eg har lese fleire gode bøker. Greit, eg har ikkje blogga om dei. Gjer det nok, når eg får dradd ut hjerneproppen. Men eg har altså lese. Og det er bra. Ein må faktisk lese. Det nyttar ikkje å berre skrive.
  5. Eg har svømt mykje. Det er kjekt.
  6. Eg har skaffa meg ein sånn der bi-jobb. Eller, eg har sagt ja til noko. Eg veit ikkje kor lurt det er, som forfattar, men det er nytt og ei utfordring og alt det der, og det er sikkert ikkje så dumt heller.

Det var i grunnen det.

Ja, og så var det plutseleg ti gonger så mykje folk som det pleier innom bloggen min på mandag, endå eg ikkje hadde skrive noko nytt. Veit ikkje kva som stakk folk. Men dette har dei i alle fall søkt på for å komme hit:

avil 12
kristine tofte 11
karl den store 9
dansknorsk flagg 7
haustljos 4
kuk. 3
tema taterpigen 2
e-nummer liste 2
bursdagsord 2
storamål 2
jørgen munkeby 2
wordpress.com 2
boktips 1
snøggbåten i bergen 1
ragnfrid trohaug 1
fiskebolle 1
den sorte pegasus 1
aina basso blogg taterpige 1
seg sjølv kjenner ein andre 1
strektegninger 1
hnefatafl norrønt 1
david bowie sexy 1
guden frøya 1
fjord1 svele 1
krokodillekake 1
blåbærsyltetøy på klær 1
http://haustljos.wordpress.com/ 1
kåt mormor 1
bollekake 1
svidd bolle 1
taushetsplikten sin etiske side 1
ringeklokke børstet stål 1
ringeklokke dørskilt børstet stål 1
narsissister 1
kroatiaperler positive 1
livets uutholdelige letthet+film 1
jeg er en kåt mormor 1
blåbærsyltetøy uten rør 1
barne bh 1
kristine tofte nynorsksenteret 1
jenny mari bøe 1
bh til barn 1
byssan lull tekst? 1
kjærleikssorg 1
hausljos 1
dørskilt ringeklokke 1
russefeiring og eksamen 1
myklebust psykoanalyse 1
uglelyder 1

Eg såg fargane i augene dine, tenkte at eg alltid ville hugse fargane, mønster og spetter og ring rundt, men no hugser eg det altså berre heilt mekanisk, ikkje som eit eigentleg bilete.

Eg såg blodårer under huda på hendene dine, eg er heilt viss på at eg såg det, og senar, for eg har eit slags vagt minne om senete hender med blodårer, sterke hender. Men eg klarar ikkje framkalle dei.

Eg hugser stemma di, også den heilt mekanisk minne, språkleg gjengitt, ikkje som eigentleg lyd.

Kor mange år sidan?

Eg kan telje. Du kan telje. Men du teljer ikkje, det er min versjon.

Illustrasjon henta herifrå.

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.

Join 44 other followers