Lister
Det er noko ugreie i skallen for tida. Det er som ein slags hjernevoks har lagt seg mellom den fantasifulle cortexen min og det som kjem ut. Eg ser det jo sjølv, det går veker mellom kvar bloggpost, det er sånn at eg får lett kvalme av å sjå eigen blogg. Nei, ikkje kvalme, eit irritert stikk av samvit eller skam eller noko. Eg burde så mykje. Men eg gjer det jo ikkje. På tide med ei liste. Over eit eller anna. La meg sjå. Liste over noko eg faktisk har fiksa i det siste.
- Eg dro til Spania med 70 sider Eirabu II-manus. Eg kom heim igjen med 200 sider. Dette har eg tenkt meg å vere veldig nøgd med heilt til klokka ti i morgon, for då ringer redaktøren som no har lese skiten.
- Eg har fått meg joggesko, mitt aller første par. Det begynte med at den trongen eg har hatt til å springe ned bakkane fekk utløp, og så bestemte eg meg for at det fekk vere skitsamma om eg ser Absolutely Fabolous ut når eg spring. Sidan har det blitt omlag 4 km annakvar dag. Det blir stadig mindre dødsstrevsomt på slutten av turen, så kan hende skrur eg snart opp til 6 km. Eg har tenkt å vere nøgd med innsatsen sjølv om eg er overtydd om at eg snart kjem til å skade meg.
- Eg har ikkje røykt sidan eg var i Spania. Det vil seie at eg har røykt fire sigarettar til saman på to veker, men det teller jo ikkje når ein pleier røyke tjue om dagen. Sjølv om eg garantert kjem til å røyke igjen, om ikkje anna så på fest og festival og slikt, så er eg nøgd med innsatsen så langt.
- Eg har lese fleire gode bøker. Greit, eg har ikkje blogga om dei. Gjer det nok, når eg får dradd ut hjerneproppen. Men eg har altså lese. Og det er bra. Ein må faktisk lese. Det nyttar ikkje å berre skrive.
- Eg har svømt mykje. Det er kjekt.
- Eg har skaffa meg ein sånn der bi-jobb. Eller, eg har sagt ja til noko. Eg veit ikkje kor lurt det er, som forfattar, men det er nytt og ei utfordring og alt det der, og det er sikkert ikkje så dumt heller.
Det var i grunnen det.
Ja, og så var det plutseleg ti gonger så mykje folk som det pleier innom bloggen min på mandag, endå eg ikkje hadde skrive noko nytt. Veit ikkje kva som stakk folk. Men dette har dei i alle fall søkt på for å komme hit:
| avil | 12 |
| kristine tofte | 11 |
| karl den store | 9 |
| dansknorsk flagg | 7 |
| haustljos | 4 |
| kuk. | 3 |
| tema taterpigen | 2 |
| e-nummer liste | 2 |
| bursdagsord | 2 |
| storamål | 2 |
| jørgen munkeby | 2 |
| wordpress.com | 2 |
| boktips | 1 |
| snøggbåten i bergen | 1 |
| ragnfrid trohaug | 1 |
| fiskebolle | 1 |
| den sorte pegasus | 1 |
| aina basso blogg taterpige | 1 |
| seg sjølv kjenner ein andre | 1 |
| strektegninger | 1 |
| hnefatafl norrønt | 1 |
| david bowie sexy | 1 |
| guden frøya | 1 |
| fjord1 svele | 1 |
| krokodillekake | 1 |
| blåbærsyltetøy på klær | 1 |
| http://haustljos.wordpress.com/ | 1 |
| kåt mormor | 1 |
| bollekake | 1 |
| svidd bolle | 1 |
| taushetsplikten sin etiske side | 1 |
| ringeklokke børstet stål | 1 |
| ringeklokke dørskilt børstet stål | 1 |
| narsissister | 1 |
| kroatiaperler positive | 1 |
| livets uutholdelige letthet+film | 1 |
| jeg er en kåt mormor | 1 |
| blåbærsyltetøy uten rør | 1 |
| barne bh | 1 |
| kristine tofte nynorsksenteret | 1 |
| jenny mari bøe | 1 |
| bh til barn | 1 |
| byssan lull tekst? | 1 |
| kjærleikssorg | 1 |
| hausljos | 1 |
| dørskilt ringeklokke | 1 |
| russefeiring og eksamen | 1 |
| myklebust psykoanalyse | 1 |
| uglelyder | 1 |

Kåt mormor, faktisk.
Jeg tipper de fant AKKURAT det de var på utkikk etter.
Hoho. Jeg har et helt kapittel om lister i min kommende roman. Gled deg.
Det mest spesielle søket til bloggen min i dag er: «definer begrepet hardhet i buksa». Jeg lover at jeg ikke har blogget om dette, altså.
heia– det høres ut som mange fine ting er på gang. Og nå har du kommet kjempehøyt på google-trefflisten på “kåt mormor”. Kult.
Oj, det skulle bare være kristin. Sånn går det når man kommenterer rundt omkring og wordpress husker hva man holder på med…
Eg er veldig glad for at du kommenterer kåt-mormor-rankingen min på vegne av både deg og Sigurd, Storrusten.
Caterina: Eg er normalt mot lister. Sånne “to do”-lister, som manden henger opp på kjøleskapet og med undertekst som roper “DU GJER INGENTING – DU ER SÅ LAT!”
linda: Dei som søkte etter ringeklokke og dørskilt (eg har alltid eit par treff på det) får i alle fall veldig god hjelp her hos meg.
*humre*
Kjære deg, du må ikkje skrive at du er overtydd om at du snart kjem til å skade deg. Du som er psykolog og alt.
Det var en helt genial liste. Jeg håper virkelig den kåte mormoren og den som søkte etter kåt mormor fant hverandre.
Fantastisk! Du får meg både til å le og tenke når jeg leser på bloggen din, så blogge må du ihvertfall ikke slutte med! *lerogleroglerendamer* *klarervirkeligikkeåslutteogle*
“Hjernevoks”. Ja. Der har vi det. Jeg lider av hjernevoks. Shnrkx!