Stord
Du syng ikkje noko fint, sa Selma.
Men du syng ikkje så stygt at det er morosamt heller.
Ei litt svak, og uinteressant stemme. Der har du mi stemme.
Slik er stemma til heimstaden min.
Det er ikkje fint her, ikkje fint nok til heimstaddikt.
Ikkje fint nok til hymner eller romantisering eller realisme.
Det er ikkje stygt nok heller.
Ikkje stygt nok til heimstaddikt.
Ikkje stygt nok til hymner eller romantisering eller realisme.
Her står einebustadane i litt uryddige rekker, med litt for små hagar rundt.
Det er blomar i hagane, gras og trampolinar.
Dei slår ikkje graset om søndagen her.
Dei tek trampolinane inn om vinteren.
Dei har lyng i krukkene på trappa om hausten,
påskeliljer og etterkvart stemorsblomar om våren.
Lyng er ikkje noko fint. Påskeliljer og stemorsblomar er ikkje fine.
Men dei er ikkje så stygge at dei er morosame heller.

Bilete lånt frå Stord Jeger og Fiskeforening sin blogg

Litt sånn vanlig, altså. Det er vel der vi befinner oss, de fleste av oss. Både folk og fe og steder.
Lett for deg å seie, du som har ei stemme alle vil høyre.
Jeg bor også på et slikt sted. Eller, det er ganske fint hvis man ikke tar med sentrum.
Bjørnson klarte i allefall å bli inspirert.
Sånn er det på Stord. Eg vil påstå at stordabuen er litt sånn og. Ikkje ondt meint!