Arkiv

Måntlige arkiver: januar 2011

Eg har eit slags nytt liv. Igjen.

No har eg altså sagt opp den fine, trygge, kjekke jobben min på BUP. Ny kvardag er skrivedagar utan internett, og eit par dagar med privatpraktiserande klinikkarbeid.

Fine ting.

Dessutan lagar eg ting.

Eg har strikka ganske mykje, og først viste det seg at strikkekjolen min var i storleik flodhest, så eg måtte rekke opp skiten, og no har eg altså strikka ein halvmeter heilt riktig storleik (målt opp mot favorittstrikkekjole). Det skal bli mariusmønstrete øverst, og eg gleder meg sånn atte jelp til den blir ferdig. Heldigvis er det vinter lenge, lenge, så eg skal få brukt den før det kjem kvitveisar og mildver, trur eg.

Favorittkjole til venstre, mariuskjole til høgre. Wuuhuu!

Ja, og så teiknar eg, då. Og sidan ho som skal bruke teikninga i boka si ikkje er heilt nøgd, så får du sjå midlertidig utkast, fordi: LOOK WHAT I DID!

Eg burde sikkert vere meir strukturert og sånn. Men det er så gøøøy!

(Her er eit lite radioprogram du kan høyre på medan du surfar på nett. RadiOrakel er verdas eldste levande nærradio, og eg tilbrakte ein fin liten time der på bursdagen min. Eg fekk snakka om internett og blogging og nynorsk og fantasy og slikt. No har dei klypt vekk mykje pjatt, og klypt meg saman med smarte folk som Agnes Ravatn og slikt, og HER er programmet på podcast. Dei forrige fire programma finn du også der inne, og mykje, mykje meir. Love your radio!)

(Framleis ingen scanner som virker, og dermed framleis ingen blogging.

Til gjengjeld driv eg altså med skriving. Dei siste vekene har alt handla om Eirabu II, nærare bestemt Berghitte, og eg har lese meg opp igjen på ein del mytemateriale som eg skumma litt for overfladisk gjennom sist. Men no, altså. No er det vegen frå oversett mellombarn i dysfunksjonell familie, via den megalomane brureferda, og til noko heilt anna det dreier seg om.

Dette er kanskje det beste ved å skrive.)

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.

Join 44 other followers