Arkiv

Måntlige arkiver: august 2011

Sigrun gjer meg merksam på at det i dag er ei sak i Klassekampen, der psykolog Simon Baron-Cohen si nyaste bok i følge henne blir brukt som referanse i omtale av “onde psykopater, borderlinere og narsissister som mangler empati” (eg siterer Sigrun).

Psykologi er, som kjent for oss som driv med det, eit sprikande fag. Ikkje nok med at me i løpet av studietida får opplæring i så mange og motstridande modellar for forståing av mennesket at ein aldri nokonsinne seinare vil kunne slå fast at ein veit noko som helst sikkert, men så er det greia med klinisk versus forskning. Eller praksis versus teori, som det også handlar om.

Når media skal intervjue ein ekspert, vil dei gjerne snakke med universitetsansatte. Forskarar. Ekspertar på faget, per definisjon. Ønsker ein kilder, går ein til bøker eller artiklar frå kjente tidsskrift, skrive av forskarar. Men kva er ekspertane eigentleg ekspertar på, og korleis blir dette forstått og formidla?

Som klinikar, altså behandlar, møter eg einskildmenneska. Eg møter ikkje diagnosar, eg møter ikkje diagnosegrupper. Eg møter folk som strever med samansatte greier i livet sitt, eg møter ikkje komorbiditet. Eg må forstå den som sit på kontoret mitt, nytte meg av alt det faglege eg har lært, og alt eg har av empati og menneskeleg forståing. Gjennom først studiet, sidan pasientarbeid og mykje rettleiing frå erfarne klinikarar, er eg i ein livslang prosess der eg blir medvite mitt eige og andre sitt språk, kroppsleg og verbalt. Eg har arbeidd med pasientar sidan 1998, og kjenner meg framleis som novise. I møte med den einskilde pasient er eg aldri ekspert på den andre.

Eg er avhengig av forskarane sitt arbeid. Dei finn fram til kva teknikkar og metodar som ser ut til å passe best for dei fleste som deler diagnosar. Dei finn samvariasjonar og årsaksforklaringar, dei brøyter nytt land og foredlar det me veit noko om.
Dei blir frustrerte over klinikarane som ikkje vil følge manualane deira, eg har fleire gonger diskutert med anerkjente forskarar som meiner at dersom me klinikarar berre kunne følge oppskrifta, så ville me få betre resultat. Og kvar gong må eg seie at “jammen, pasientane følger jo ikkje oppskrifta, pasientane saboterer jo det brillefine opplegget dykkar, så me må improvisere, forstå, snakke om kvifor og kva, framfor å følge manualen.”

“Jada, motivasjonsarbeidet er jo viktig, men det skal jo berre føre fram til at behandlinga kan foregå,” er eg blitt fortalt frå forskningshald.
“Høh,” seier eg då. “Sjølve motivasjonsarbeidet ER behandlinga for mange pasientar. Finne ut kva endring dei treng, kva dei kan gjere, kvifor dei ikkje gjer det. Når me har komme dit, er resten enkelt.”
“Men det finnes forskningsbaserte manualar for motivasjonsarbeid,” kjem det då.

Og slik held me på.

Forskarane kan mange ting. Eg elskar dei.
Klinikarane kan også mange ting. Andre ting.
Når ein professor i utviklingspatologi med hovudfokus på autisme og læringsprogram i empati for autistar blir brukt som kjelde, må ein vere tydeleg på at det er akkurat dette han har forska på. Baron-Cohen er fantastisk på sitt område. Men når mediefolk vil bruke det han seier til å fastslå at kjønnsforskning er tull, eller at narsissistar er onde, så strekk dei ekspertise ut over i det absurde.

Slik er det med alle områder av forskning. Ein fordjupar seg i eit område, og der blir ein sannsynlegvis ekspert. Men ekspertisen kan ikkje umiddelbart generaliserast.

Om journalistar vil skrive om ondskap og personlegdomsforstyrringar, burde dei snakke med folk som har arbeidd profesjonelt med å forstå einskildmennesker med personlegdomsforstyrringar. Først når ein kjenner eit menneske så godt som ein kan komme til, vil ein kunne ane kva emosjonelle fasettar og kognitive nyansar den andre rommer.

Men klinikarar kan jo aldri seie noko bombastisk og svart/kvit om korleis grupper er, så eg forstår godt at me er uinteressante som mediekjelder.

Disclaimer: Eg har ikkje lese dagens artikkel i Klassekampen, eg har ikkje henta posten enno. Denne bloggposten er meint som eit generelt hjartesukk kring bruk av forskarar som ekspertar på det menneskelege.

Akkurat i skrivande stund sit sosialantropolog Runar Døving og ein gjeng med kokkar og forskarar og snakkar på P2 om matpakke. Dei skal undersøke kva slags mat ungar et på skulen, og drøfter kva som kan vere bra.

Desse setningane går igjen:

  • Man kan jo forberede en del kvelden i forveien
  • Må man virkelig stå opp en halvtime før for å lage denne maten til barna
  • Man kan jo bare stå opp et kvarter tidligere for å lage maten

Eg merker dampen står ut øyrene på meg.
Dei snakkar om store skuleborn. Som foreldrene lagar skulemat til. Kva faen?
Dei har ikkje presisert at dette er born med alvorleg psykisk utviklingshemming eller born som har mista begge armane. Eg går ut frå det er relativt funksjonsfriske skuleborn som blir omtalt. Eller: Borna blir ikkje omtalt. Dei svever i samtalen som kunder, passive konsumenter.

Folkens: Lukt kaffen. Ungane kan lage mat sjølv. Ungane BØR lage mat sjølv. Dei lærer av det, dei blir sjølvstendige. Dei får respekt for maten, dei liker den betre.

Ungane mine smører sin eigen matpakke, og har gjort det sidan dei var seks år. Dei har lært å skrelle gulrøtter og hakke grønsaker før dei begynte på skulen.
Er eg supermamma? Har eg verdas mest praktiske born? Nei.
Alle ungar liker å få til ting sjølv. Dei liker å delta i det foreldra gjer, om dei får skryt undervegs. Dei liker å meistre, dei liker å vere involverte i sin eigen kvardag.

Grønsakssushi kan ungane lage sjølv om kvelden

Dotter mi ler og fortel om skulekameratar i femte klasse som kvar dag opnar matpakka og stønner over at mor deira har tatt på feil pålegg.
“Kvifor gjer dei det ikkje sjølv?” spør ho.

Eg spør også desse forskarane som no skal i gang med endå eit omfattande forskningsprosjekt som skal finne ut korleis ein får sunnare og meir innbydande matpakker: Kvifor spør de ikkje om ungane har laga maten sin sjølv? Tipper ungar med skikkeleg opplæring og friare tøyler i kjøkenet har gjennomsnittleg kulare, betre og meir populær matpakke enn bortskjemte ungar som kastar dei mammasmurte fårepølseskivene sine på veg til skulen og kjøper skuleboller i storefri.

Dotter mi, Liva (10) har lese Blodmånenatta av Guro Sibeko. Ho vil gjerne dele si lesaroppleving med andre, men er litt usikker på bloggformatet, så me har enda opp med eit intervju.

Kva syns du om boka?

Eg syntes det var ei god bok. Eg levde meg inn i den, og det gjer eg ikkje med alle bøker. Det var ei bok der ein liksom blei kjent med personane, kven dei er og om plassen der dei bur. Ein får vite mykje om hovudpersonen, kva ho føler og tenker.

Eg veit at du har fått ganske mange bøker, som eg og far din har forsøkt å få deg til å lese. Me har frista med opplesing av første kapittel, funne fram kjente og kritikarroste bøker, men sidan du las bøkene om Harry Potter har du ikkje interessert deg for noko av det.
Kva er annleis med Blodmånenatta?

Det er ingenting som måler seg opp mot Harry Potter-bøkene, synes eg. Dei er så godt skrive at det er umogleg å finne noko som lever opp til det. Grunnen til at eg likte Blodmånenatta også var at det var ei bok som passa for meg. Eg liker sånne bøker. Harry Potter-bøkene er sånne bøker, Blodmånenatta er ei slik bok. Det er vanskeleg å forklare.
Men Blodmånenatta var noko eg likte.

På kva måte då?

For eksempel i Blodmånenatta så er det slik at om du kjem inn i eit hus, fortel ho om det huset, og om du møter personar får du vite litt om dei. Samstundes er du med når hovudpersonen gjer ting, du får følge med på kva som skjer utan at du får kjensla av å hoppe frå hending til hending.

Kan du seie noko om hovudpersonen?

Ho heiter Kaspara, er vel omlag på min alder eller kanskje litt yngre. Det virker som ho er målbevisst, at ho vil det ho vil. Ho stopper ikkje når ho vil finne mor si, sjølv om det står mykje farlig i vegen for henne.

Syntes du det skjer for mykje?

Nei, eg syntes ikkje det. Dersom det skjer mindre blir det keisamt. Og skjer det meir, så blir det liksom vanskeleg å følge med på alt. Det er heilt greit at det skjer mykje så lenge den eine tingen glir over i kvarandre, at det er nokre langsomme overgangar, og det var det her (men ikkje alt for langsomme). I Blodmånenatta er det ein samanheng som gjer at ein følger med utan vanskar.

Syntes du den var trist?

Nei, det var jo litt trist at ho mista mor si og bestemor si, men Kaspara har det fint likevel, ho kjenner dei fortsatt, sjølv om dei er døde, ho tar det ikkje opp på ein sånn måte at den som leser ikkje taklar det.

Syntes du den var skummel?

Nokre gonger, kanskje litt. Men igjen: Kaspara taklar det, og derfor taklar liksom lesaren det og. Det var jo nokre gonger det blei litt skummelt, eg tenkte liksom, oi, her skjedde det visst noko. Men ikkje sånn at ein får mareritt.

Kjente du til dei mytologiske vesnene og historiane frå før?

Nokre, på ein måte, men likevel eigentleg ikkje. Eg visste ikkje om dei, og det var nye historiar, men eg kjente dei igjen. Det var som om eg hadde høyrt dei før, som om det var kjent for meg, sjølv om det var nytt.

Kva syntes du om den kjensla?

Det var eigentleg ganske greit. Det var lettare å komme inn i historia, enn om alt kjentes ukjent og nytt.

Kva likte du best med boka?

Eg likte godt då ho var inni hola til haugfolkene. Eg syntes det var ei morsom historie, då ho fiska.

Kven syntes boka passer for?

Både gutter og jenter, og aldersgruppe kanskje frå seks år om ein er god nok til å lese, og opp til…ja, det er jo ikkje ei vaksenbok, men kanskje 12-13? Det kjem an på kva slags person det er. Eg trur dette er ei bok for dei som liker fantasy og gode historiar, kanskje særleg for folk som kan gå inn i ting og har evne til å leve seg inn i bøker. Kanskje for folk som liker eventyr der det ikkje berre er søte små prinsesser, men der det faktisk skjer ting som må ordnast opp i, og der kvart kapittel er ei eigen historie, men der også alt går saman til ei stor forteljing. Kanskje for folk som ikkje er avhengig av at det berre skal vere morsomt heile vegen, eller berre spennande, eller berre skummelt, men at det er forskjellige ting som hender i løpet av boka.

Terningkast? Den er betre enn 5, så det får vel bli 6.

Blodmånenatta av Guro Sibeko

 

Under hashtag’en #kjøkenbenkrealisme deler Olaug Nilssen kvardagshendingar på nett. Og på blogg, faktisk, og det er så fint at ho bloggar igjen. Sjå: Forfattarar sluttar å blogge. Og så begynner dei igjen! #mirakel

Kvardag for ein etablert forfattar og småbarnsmor handlar heilt sikkert om faste arbeidstider og struktur og bokstavkjeks i baksetet. Kvardagen for meg, som ikkje er etablert forfattar og som har born som klarar seg ganske bra på eiga hand, ser noko annleis ut. Eg skriv og skriv og er nesten ikkje heime. Men no, akkurat no, sit redaktøren min og les manuset. Og dermed har eg ei såkalla “kvardagsveke”, der eg dekker frukostbord til ungane og lagar middag og rett og slett er ei kone som virker. Ei heilt vanleg leverpostei og kommunemamma.

 

Denne teksten er sjølvsagt berre eit påskot for å få publisere bilete av meg sjølv.
Med bart og fippskjegg, på leverposteiboksen.

Eg har vore lukkeleg. Fleire gonger, er eg viss på.

Sist eg var lukkeleg var ein laurdag. Då trakk eg ei bøtte fisk opp av sjøen, saman med borna. Mest makrell, men nokre fine lyr og ein monaleg torsk var det og.

Eg lo då eg trakk opp torsken, og tre makrellar hekta seg fast på onglane på veg opp. Lo og var lukkeleg.

 

Eg googla “vitalismekjøret” og fekk ingen treff. Når ein er på vitalismekjøret er ein ikkje på internett.

Til lanseringsfesten for Song for Eirabu, bok 1, skreiv Ida Jackson eit dikt.

Det er berre to år sidan. Sidan har eg skrive på andreboka. Song for Eirabu, bok 2, Vargtid. Då eg skreiv førsteboka blogga eg temmeleg mykje, om alt mogleg, og om skrivinga. Desse siste to åra har bloggen blødd og nesten dødd, og eg har delt ganske lite om skriveprosessen. Det har vore to intense skriveår. I mai leverte eg omlag 300 sider, etter å ha skrive manus i fleire retningar, sletta, og skrive om att. Og om att. Etter redaktørtilbakemeldinga fann eg ut at eg ville rydde opp i manuset frå begynnelsen igjen. Var nede på 30 sider.

Sidan har eg isolert meg frå vener og familie det meste av tida, eg har skrive og skrive. I morgon er det ny levering. Manus er no 384 sider, men det er råtekst, det er uferdige kapitlar, og det er framleis nokre hol som skal tettast, struktur som må ryddast, det er ein helvetes mengde tekst å bakse med.

No skal alt på plass, alt skal henge saman, og samstundes skal eg ikkje overause lesaren med dei tusenvis av tankane og ideane eg har om alt som skjer i Eirabu. Det har vore ein løpande “kill your darlings”-prosess som har likna ting me ikkje snakkar om i desse fryktelege sommardagane.

Men eg skriv. Og skal skrive heile natta, for i morgon sender eg manus frå meg.

Og så kom eg til å tenke på diktet til Ida. Kor rett ho hadde. Kor sant det er.
Song for Eirabu er ein drake. Og eg skriv den.

Noen dikt er drager

Noen dikt er krabber.
Jeg fanger dem med hov.
De lurer fete under tangen
og fryser når jeg lyser på dem.
Jeg må være rask, ellers
forsvinner de i dypet,
vagger ned mot bunnen. Blir der.
Får jeg diktet opp,
rasler det med klørne
og vil fly i synet mitt.
Det må ekspederes raskt.
Skrives. Avlives.

Noen dikt er redningsvester.
De kommer med blålys og sirener
gjennom mareritt og svettetokter,
blir et tau jeg kan gripe
en papirpose jeg kan puste i
ubedt
uforberedt
intravenøst

Noen dikt er fugler.
Jeg ser dem på avstand.
Får de øye på meg, flyr de vekk.
Jeg må være musestille. De er sky.
Å fange dem er å knuse dem.
Alt jeg får er skisser. Poesikråki.

Noen dikt er kviser.
De prikker under huden og tvinger seg på
Ømme flekker jeg tar på og angrer meg.
De er uungåelig dikt,
pinlig varsellamper,
skjemmende minivulkaner.
Jeg kan vente, men det utsetter bare prosessen.
Jeg kommer til å skvise dem ut i papiret.
Det er ikke over før det blør.

Noen dikt er humler
varme, tunge, subbende over gresset.
De summer i hodet mitt en hel sommer
før de plutselig plasker ned i desserten
min i slutten av august og
krever oppmerksomhet.
Ferdigskrevne. Overmodne.

Noen dikt er drager,
gjemt bak berg
beskyttet av flammer.
Å skrive dem er
tungrodd klatring og år med leting.
Fjellsprengning. Frydblandet skrekk.
Når vi møtes, er det diktet eller meg.
Drage, jeg skal skrive deg.

- Ida Jackson

Follow

Get every new post delivered to your Inbox.

Join 44 other followers