Då eg var lukkeleg
Eg har vore lukkeleg. Fleire gonger, er eg viss på.
Sist eg var lukkeleg var ein laurdag. Då trakk eg ei bøtte fisk opp av sjøen, saman med borna. Mest makrell, men nokre fine lyr og ein monaleg torsk var det og.
Eg lo då eg trakk opp torsken, og tre makrellar hekta seg fast på onglane på veg opp. Lo og var lukkeleg.
Eg googla “vitalismekjøret” og fekk ingen treff. Når ein er på vitalismekjøret er ein ikkje på internett.

Haha, så sant, så sant!
Du har nok heilt rett. Det er ikkje i våre lukkelegaste stunder vi er på internett.
Men eg høyrde på radioen for litt sidan om ein forskar høgskulen i Volda som undersøkte samanhengen mellom naturopplevingar og helse. Ho meinte at det kanskje ikkje var opplevinga i seg sjølv som gav helsevinst, men meir korleis vi tenkte om opplevinga i etterkant.. Og om det er tilfelle, så har kanhende internettet ein funksjon likevel. Dersom det å skrive om ei god oppleving er bra for helsa,.
Det å fortelje fiskehistoriar er i alle fall godt for mi mentale helse.
@bandanders
- og dersom “bra for helsa” skal få være ledesnoren for våre handlinger.
Og om “helsa” kan tolkast litt meir konstruktivt enn “livsforlengande”, så kanskje?
No er det vel slik at både lukke og helse er omgrep som kan definerast svært ulikt. Helse vert t.d. sagt å vere alt frå fråver av sjukdom til WHO sin definisjon:; “en tilstand av fullkomment legemlig, sjelelig og sosialt velvære og ikke bare fravær av sykdom eller lyter”
Og etter mi meining er eiga lukke og helse stusselege rettesnoren for handlingane våre om det er dei einaste vi har.
Det eg ville fram til er at eg er viss på at ved å skrive, om, eller på annan måte bearbeide ei god oppleving , så utvidar vi og tydeleggjer innhaldet i det romet opplevinga får i oss..
Me flyttar det faktisk i hjernen. Det er heilt magisk, språket.