Just had to be said.
Just had to be said.
Eg veit akkurat kva du snakkar om. Ja, just presis. Det er ikkje den ting du tenker eg ikkje forstår. Eg er på innsida av deg, for eg er så empatisk. Alt du føler, føler eg og. Og alt du tenker og meiner, følger eg deg i. Eg er kanskje ikkje samd, men eg forstår deg, altså. Kvar bit av deg. Det er ingenting du kan halde skjult for meg, for eg er så empatisk og klok. Det er ingenting du kan erfare som overstig mi forståing av deg. Du kan ikkje sprenge deg ut av rammene for mi forståing. Eg føler nemleg svært sterkt, eg er medfølande ut over di fatteevne. Og eg er så klok, ikkje intelligent kanskje, men klok, fordi eg har livserfaring. Eg har opplevd så mykje, det er ingenting du kan oppleve som ikkje kan relaterast direkte til noko eg har opplevd. Eg har vore kring alle menneskelege erfaringar i løpet av livet, på ein eller annan måte, oftast fleire. Eg er så grenselaust god og klok og medfølande, og du er i grunnen ganske liten og enkel og keisam for dei fleste, men du er ikkje keisam for meg, for eg lever meg heilt inn i deg, og eg kan gi deg råd, eg veit akkurat kva du skal gjere. Eg veit kva som virkar for deg. Eg veit alt om deg. Hysj, du treng ikkje seie noko, eg har allereie gjetta kva du kjem til å seie.
I går ville eg låne noko av årets nobelprisvinnar i litteratur på det lokale biblioteket. Dei hadde ingenting av Tomas Tranströmer. Ikkje fann dei noko då dei søkte i Bergen heller.
Bokhandlaren hadde heller ikkje.
Dersom diktsamlingar ikkje blir lånt blir det etterkvart kassert. Om me ønsker at biblioteka skal ta vare på det som står i lyrikkhyllene, det som er bra og rart og utfordrande og elskeleg, så må bøkene bli utlånt. Ein biblioteksjef sa til meg ein gong: Om boka har eitt einaste utlån på seg, så tar me vare på henne.
Så derfor: Kvar gong du er innom biblioteket, ta med deg ei diktsamling. Dei er små og veg nesten ingenting, berre røsk med deg eit eller anna. Før eller seinare oppdagar du noko du verkeleg likte, som du elles aldri ville funne. Og samstundes reddar du lyrikken. Heilt gratis.
Eg møtte ein lyrikar på biblioteket i går som hjalp meg å finne Steinar Opstad, og Helge Torvunds Alabama? fekk også vere med heim.
Eg har laga ei gruppe på facebook som eg tenkte kunne nyttast som ein stad å anbefale lyrikk. Men køyr gjerne på i kommentarfeltet her. Eller betre: på eigen blogg. På eigen facebookprofil.
Sprei ordet!
Og lån ei diktsamling!
Eg kan ikkje tenke, tenker eg.
Eg kan ikkje skrive, skriv eg.
Det der kunne eg og ha skrive, tenker du.
Men du gjorde ikkje det. Du las det.
Det skulle vere så kjekt og så er det faktisk dumt.
Med så mangt.
No må eg pusse tennene.
Dagens snakkis/lenkis går til NRK si sak om Arve Juritzen og omgrepet dameroman.
Dei har også snakka med May Grethe Lerum, som fortel at “tradisjonelt sett har romaner som har en enkel fortelling og enkelt språk, blitt kalt dameromaner, men definisjonen endrer seg jo med tiden” – og vidare: “For meg refererer ordet dameroman i dag til mer eller mindre formelstyrte fortellinger, gjerne med en heltinne som er i slutten av 20- eller 30-årene”. Ikkje så god litteratur, altså. Men Arve Juritzen meiner ikkje det er bøkene det er noko galt med, det er “visse mennesker i litterære kretser som har behov for å være litterært snobbete, sjikanere og snakke nedlatende om andre”.
Anten bøkene reelt sett er dårlege eller ikkje, så er det semje om at omgrepet dameroman seier noko om litt halvdårleg, kjønnstilpassa litteratur.
Eg kjenner først at eg blir litt sliten. Kvinnelege forfattarar, kulturkjerringar, dameromanar. Orkar me dette, eigentleg?
Så kjem eg på at eg i går diskuterte omgrepet “guttebok” med Store Norske Leksikon-redaktør Anne Marit Godal. Eg argumenterte for at bøker ikkje kan vere guttebøker, sidan bøker ikkje har penis. Ho argumenterte for å ha omgrepet med i leksikonet fordi det er innarbeidd.
For kva er ei “guttebok”? Er det den aller beste litteraturen, eller er det også ei kjønnstilpassa foreinkling?
Det ER eit pussig fenomen: Når lesaren har kjønn er lesaren litt dummare.
Guttebøker og dameromanar er litt enklare, litt dårlegare enn “ordentleg litteratur”. Kjønnstilpassa for gutar som treng maksimal spenning og action for å orke å lese, og kjønnstilpassa for damer som ikkje orkar djup litteratur.
Mannebøker er spionthrillere og hardkokt krim, for menn har ikkje tålmod og intellektuell kapasitet til å lese langsam og utfordrande litteratur. Manneblader er jakt og pupper, sidan menn vil ha slikt, og dameblader er kake/strikkeoppskrifter og mote, for det vil kvinner ha.
Kvinner er litt enklare enn folk flest, og vil helst lese noko romantisk og lettfordøyeleg.
Menn er litt enklare enn folk flest, og vil helst lese noko spanande og lettfordøyeleg.
Den allmenne skjønnlitteraturen, den krevande, vanskelege skjønnlitteraturen, den er ikkje for damer eller for mannfolk. Den er for dei andre. Dei kjønnslause, intellektuelle folka med evne til fordjuping, konsentrasjon og refleksjon.