Just presis

Eg veit akkurat kva du snakkar om. Ja, just presis. Det er ikkje den ting du tenker eg ikkje forstår. Eg er på innsida av deg, for eg er så empatisk. Alt du føler, føler eg og. Og alt du tenker og meiner, følger eg deg i. Eg er kanskje ikkje samd, men eg forstår deg, altså. Kvar bit av deg. Det er ingenting du kan halde skjult for meg, for eg er så empatisk og klok. Det er ingenting du kan erfare som overstig mi forståing av deg. Du kan ikkje sprenge deg ut av rammene for mi forståing. Eg føler nemleg svært sterkt, eg er medfølande ut over di fatteevne. Og eg er så klok, ikkje intelligent kanskje, men klok, fordi eg har livserfaring. Eg har opplevd så mykje, det er ingenting du kan oppleve som ikkje kan relaterast direkte til noko eg har opplevd. Eg har vore kring alle menneskelege erfaringar i løpet av livet, på ein eller annan måte, oftast fleire. Eg er så grenselaust god og klok og medfølande, og du er i grunnen ganske liten og enkel og keisam for dei fleste, men du er ikkje keisam for meg, for eg lever meg heilt inn i deg, og eg kan gi deg råd, eg veit akkurat kva du skal gjere. Eg veit kva som virkar for deg. Eg veit alt om deg. Hysj, du treng ikkje seie noko, eg har allereie gjetta kva du kjem til å seie.

12 comments
  1. marianne said:

    Hjælp!

  2. digitalkaffe said:

    Du vet hva jeg egentlig vil skrive her.

  3. Avil said:

    At du forstår akkurat kva eg snakkar om.

    Lol.

  4. Kim said:

    Kvelende, men det visste du jo.

  5. Ingrid said:

    Oi sann! Jeg skriver på utkast til “En miasme av skyld og skam”, der jeg bl.a. tar opp problemene som oppstår når vi våger å vise noe av oss selv som ikke er i samsvar med det “man” mener å vite. Og det blir nok lenke hit, ja.

    Er “Hjelperens jantelov” en passende knagg?

  6. Avil said:

    Evt “Eg føler, dermed veit eg.” At den overtydande kjensla me kan få av å forstå andre ikkje gir reell informasjon om me eigentleg forstår.

  7. Ingrid said:

    Enig i “jeg føler, dermed vet jeg”. Dette er et av mine store problemer med empati slik jeg f. eks. har sett det bedrevet innen ikkevoldskommunikasjon og psykoterapi. Slik jeg ser det, er det viktig å skille mellom ekte empati (å bruke fantasien for å sette seg inn i en annens sko, ved hjelp av objektiv observasjon, og følelsesgjenkjenning???) og egobasert falsk empati: “Jeg føler X når jeg ser/hører deg, så da er det Sannheten om deg”.

  8. Avil said:

    Regel nummer ein for psykoterapeutar er jo “ingen er tankelesarar, du må faktisk spørre”.

  9. Ingrid said:

    En vakker regel, og en de jeg har vært borti ikke har fulgt.

  10. Avil said:

    Me fekk i alle fall banka det inn i skallen då eg gjekk på studiet i Danmark. ;-)

  11. Ingrid said:

    Et utmerket prinsipp, og <3 til alle som følger det!

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 48 andre følgere