Luke 9: Individ versus kollektiv
Eg bakar kaker. Eg legg ut bilete på facebook.
“Åh, så flink du er!” skriv fb-vener.
Eg går på trening, eg skriv på facebook at eg har trent.
“Så flink du er!” skriv fb-vener.
Eg vaskar huset, eg skriv på facebook at eg har vaska mitt eige hus, gjort reint i min eigen heim, støvsugd og vaska min eigen drit.
“Så flink du er!” skriv dei.
Å lage sin eigen mat, trene sin eigen kropp, vaske sitt eige hus.
Flink! Flink! Flink!
Damer sluttar å arbeide, eller arbeider deltid.
Dei malar veggene i sin eigen heim, trener sin eigen kropp, kjøper ny sofa og nokre fine lampar, lagar noko pynt som dei danderar dekorativt i sin eigen heim.
Flink! Flink! Flink!
Dei tar lang utdanning, skaffar seg samfunnsrelevant kompetanse, velger å arbeide minder, pusse opp, interiørblogge.
Flink! Flink! Flink!
Får ungar, vaskar og matar eigne ungar, tar ungane med til andedammen, tar sine eigne ungar med på barneteater, lærer ungane å lage fingerdokker.
Flink! Flink! Flink!
Når blei det flinkt å gjere noko berre for seg sjølv og sin eigen familie?
Kva skjedde med å gjere noko for samfunnet?
For kollektivet?

Det er nok litt som å snakke om været.
Men nærer ein kultur der det å passe sine eigne saker blir rekna som særdeles verdifullt.
Kollektivet? Hvilket kollektiv da? Det jeg bodde i på 80-tallet, eller ideen om samfunnskollektivet som døde i 2001 eller der omkring….
Men altså, jeg har da vitterlig gjort både mammatingen, hoppa rundt med ungen og også gjort, om ikke lysende, så ihvertfall en slags karriere…men joda, ikkeno for the big society liksom.
Får vel få meg en meningsfull jobb og begynne å pøse ut meldinger på twitter for å forbedre verden, gjelds det? Alternativt dra hjem til Vesterålen å starte med sau og ro fiske. Sånn at det blir mat til folk. Økologisk kollektivbruk kanskje?
Det aner meg at det er lettere å gjøre noe med seg selv, enn for kollektivet.
Eg trur eg tek poenget ditt. Men dersom ein tenkjer seg at familien, stor eller liten, har ei rolle som byggesteinar i samfunnet, at fungerande familiar er ein føresetnad for å kunne bygge eit godtt samfunn, vert det ikkje meiningslaust å gjere noko for sin eigen familie. Om det er så flinkt det veit eg ikkje. Det bør i alle høve ikkje vere drivkrafta. Men ein ting er i alle fall steike sikkert (eit sterkt uttrykk til å vere meg),det er at det er umogleg å bygge eit fungerande velferdssamfunn av dysfunksjonelle familiar.
Klart det er lettast å gjere noko for seg sjølv. Men eg finn det underleg, dette flinkiskøyret med interiør, trening og kulturopplevingar, sidan eg vaks opp som 70-talsbarn, der det store biletet, samfunnet, kollektivet, alltid blei diskutert og var i fokus om ein skulle endre noko. No er me attende til å endre kun oss sjølv. Kan hende meir overkommeleg, men det kjennes som kapitulering.
Eg synest du dreg nokre altfor korte slutningar her. Er barneoppdragelse, trening og kakebakst tre like viktige aktivitetar? Eg kan i alle fall forsikre deg om at det ikkje er for å male veggar eg jobbar deltid, og at eg ikkje sluttar å bry meg om samfunnet sjølv om eg får oppmuntring for kakeboksane mine.
Nja, slutning og slutning. Eg ser berre at me skryt mykje av kvarandre for ting som trass alt berre er til glede for oss sjølve.
Det er vel litt forskjell på hva man setter på statusen på fb og hva man driver med i RL?
Men jo, du har et poeng. Og et stort et og. Ikke akkurat når det gjelder fb men sånn generelt.
Ved å gjøre noe bra for seg og sine gjør en samtidig noe bra for andre.
Det går likevel en grense, der vi med fordel kan vende fokus på andre framfor oss selv.