Luke 12: Dagdraum versus røynd (hahahaha *tilt*)

Det hender eg snakkar med meg sjølv. Særleg når eg sit ute i sommarhuset og skriv. Det vil seie, eg snakkar ikkje når eg skriv, men når eg har pausar. Då sit eg på trammen og ser ut mot skogen, og så mumlar eg.
Og det hender eg dagdrøymer.
Pratar med folk eg aldri har møtt, tar for meg statsleiarar og sludrar med avdøde forfattarar, intervjuer meg sjølv på engelsk eller deltek i Bokprogrammet til NRK, og får snakke med ein intelligent, vel førebudd og oppriktig interessert journalist om fantasy.

Og så reiser eg meg, strekk ryggen, forlet dei urealistiske, mumlande dagdraumane, og set meg inn foran pc-en igjen, og finn attende til Eirabu.

Det er fint å prate med seg sjølv.
Det er fint å dagdrøyme.
Det er så uforpliktande, så frigjerande.
Ein er så velformulert og kan starte forfra om ein ikkje er, og så er mottakaren alltid klar til å stille dei beste oppfølgingsspørsmåla.
Fine samtalar.

I går ringte ei intelligent, vel førebudd og oppriktig interessert journalist frå Bokprgrammet og ville snakke med meg om fantasy.
Eg burde ledd skingrande, det hadde sikkert vore meir passande enn den klønete jabbinga eg presterte.
Eg ler skingrande inni meg no, faktisk.

Eg er i manusinnspurt, eg skal levere rett over nyttår, eg ser knapt andre enn familien, og er i ein slags skrivedøs når eg ikkje skriv.
Kan hende har eg begynt å hallusinere også, ikkje berre prate med meg sjølv.
Eventuelt skal eg i Bokprogrammet til våren ein gong.

5 comments
  1. Det er no du lyt vege orda dine på gullvekt. Elles kjem ein forlagspsykiater og finn deg opphavrettsleg utilrekneleg.

  2. Beate said:

    Det blir så bra! Jeg gleder meg med sånn kiling i magen.

  3. lise said:

    Så moro! Jeg gleder meg allerede.

  4. Du skal. Og det blir så ufattelig bra!

  5. Guro Sibeko said:

    Kremstastelefon til kremstasjenta! Gleder meg!

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.

Bli med 48 andre følgere