Stikkord
Det er alltid litt teit å starte eit blogginnlegg med å orsake at ein ikkje skriv oftare. Så det skal eg ikkje gjere. Og dei aller fleste som er innom her har vel fått med seg at eg er i den lange, seige innspurten med manus, så det treng eg heller ikkje nemne.
At det er vår ute, med krokusar og påskeliljer og sikkert kvitveis for dei som har vågd seg ut i grøftekantene, det treng heller ikkje tematiserast, i alle fall ikkje så lenge eg ikkje veit meir om våren enn ein finn ut ved å løfte blikket frå pc-skjermen og kikke ut vindauga.
Så alt i alt har eg ikkje så mykje å seie, anna enn at eg er bittelitt lukkeleg over å sjå at manus no nærmar seg ferdig, og eg gleder meg sinnsjukt til å dra til Lillehammer litteraturfestival og lese frå boka i Parken fredag første juni, og eg gleder meg endå meir sinnsjukt til å halde lanseringsfest i Oslo 21 juni, sjølve midtsommarnatta. Eg kjem attende med kva utestad me skal halde fest, og håper at både nettvener og Eirabuvener stikk innom.
Men først: Gjere ferdig siste finpuss på manus før språkvask og korrektur.
God påske!
Øve, øve jevnt og trutt og
tappert det er tingen,
alltid bedre om, og om, og
om igjen.
Født som mester, født som
helt, å nei, det ble da
ingen, mot og kraft det
vinnes litt og litt om senn
http://akeleie.blogspot.com/2012/04/song-for-eirabu.html
TAKK for en fantastisk bok om Eirabu. Jeg har rett og slett blitt fantasy-fantast! (var det ikke før) Fortsatt god påske:)
hilsen Amykippers
Heia Kristine.
Reknar med du sit med svettebånd og skriv som svettten silar.
Eg tek også turen opp til Lillehammer, satsar på å få med meg deg:)
Om du vil kan eg komma med innspel frå publikum;)
Fine tankar frå Anna
kee: EIn kan ikkje gi seg på tørre møkka.
Akeleiedamen: Tenk at ein kan oppnå det ein ønsker seg! Få folk som ikkje har lese fantasy før til å seie at boka mi har opna auga deira for sjangeren! Juhu! No gjeld det berre at du les GODE fantasybøker frametter, og ikkje mister motet av alt rælet…:-)
Anna: Lillehammer blir kjempegøy. Gled deg!