I dag går boka i trykken. Det er rett og slett ikkje meir eg kan gjere med den. Det som måtte stå att av feil og manglar må berre vere der.
Då første boka mi gjekk i trykk visste eg ingenting om kva som skulle skje vidare, utover at eg skulle skrive oppfølgaren. No veit eg meir og mindre. Eg veit at boka mi frå i dag av ikkje lenger er mi. No er det lesarane som overtek, som vel å kjøpe, låne eller la bli i hylla. Som vel å lese, leve seg inn i, undre seg, la seg forføre, eller ikkje. Som vel å fortelje andre om den, rose eller rise, blogge eller teie. Boka er ute av mine hender, over i dine.
Og soga om Eirabu er over for meg, eg skal ikkje skrive fleire bøker om dette universet. Alle kart og notater, tidslinjer, slektskart og kalenderoversitker, bakgrunnshistoriar om karakterar og bikarakterar som ikkje fekk vere med – alt skal pakkast ned i ein kasse og stillast i kottet.
På eit vis er det vemodig, på eit vis ei lette. Eg skal ut på festivalar og arrangement, lese og prate og diskutere. Eg skal ut på skular og ha workshops og lese frå bøkene. Heilt kvitt Eirabu blir eg ikkje på lenge. Men kjensla av at bøkene ikkje er mine lenger, i alle fall ikkje berre mine, er ei god kjensle. Einsemda i skrivinga er over, no er bøkene mine eit sosialt prosjekt, no er dei noko eg og lesarane har saman.
Og denne veka skal eg tilbringe på den grønaste greina. Eg skal til Lillehammer litteraturfestival, og både lese frå boka, lese annan tekst, og møte fine folk. Mor mi er med i år, det er stas. Gamle vener kjem til å dukke opp overalt, nye vener vrimlar i gatene og på arrangementa.
Har du lyst til å høyre på meg, er det berre å komme på fredag. Klokka 11 i Parken (gratis) og klokka 21 i Banken (sånn der kveldsarrangement med mange andre, så det kostar pengar).
Snakkes?
Gratulerer! Jeg gleder meg så mye til å lese boka, så mye at det nesten gjør litt vondt. Den er selvsagt forhåndsbestilt for lenge siden. Jeg krysser fingrene for at resten av landet våkner opp og ser hvilken skatt av en fantasyfortelling Song for Eirabu er.
Skulle ønske jeg hadde muligheten til å se deg på Lillehammer, men det har jeg dessverre ikke. Skal du på Oslo Bokfestival til høsten?
Så fint at du gleder deg. :tindre:
Eg har sagt ja til Kapittel, som er rett etterpå, så det spørs. Men eg kjem på Litteraturhuset i Oslo 15 august!
Det må jeg forsøke å få med meg, hva skjer der den 15? Tipper kanskje at det skal handle litt om Vargtid, men jeg fant ikke noe på Litteraturhusets hjemmeside.
Nei, det er eit arrangement med fleire forfattarar som skal lese frå bloggane sine, eller bloggliknande tekstar, trur eg. Min jobb er å innleie med eit kåseri eller noko om blogging, eller mi blogging, eller forfatting og blogging.
Det var da enda godt at jeg ikke veddet på det
Bloggtekster og forfattere burde bli et interessant tema.
Hei Kristine!
Gratulerar med bok i trykken!
Eg har eit lite spørsmål, eg. På bloggen din står det at det vert lanseringsfest for bok nr. 2 den 20. juni, på facebooksida står det den 21. juni. Kva for ein dato er rett? Vil gjerne kome, men må vite dato, då eg evt. må bytte bort ei vakt på jobb…
Det er den 20 juni, må fikse fb-sida!
Supert! Då sjåast me der!
Ser du for deg noen fremtidige forfatterprosjekter da, eller er det tilbake til psykologyrket?
Forfatting er tåpeleg vanedannende.