Når ein er ferdig med et gigantisk, tidkrevjande prosjekt og slutter å røyke samstundes, får ein veldig mykje tid. Veldig.
Slikt kan ein bruke til så mangt.
Til dømes:
- Lese lange romanar som har støva ned på nattbordet
- Gå tur i skogen med ungane
- Luke i kjøkenhagen til ektefellen
- Vaske krokar i huset som ikkje er blitt vaska på årevis
- Halde skittentøybunken nede på eit minimum, og alt det reine pent samanbretta i skapa det eigentleg høyrer heime i (framfor at ungane går og rotar i reinebunken om morgonen)
- Ro ut med pappa og fiske ein heil regndag, utan å få anna enn ein enkelt makrell, og vere samde om at det var ein gild tur
- Spele poker
- Og yatzy
- Sove middag
- Bli ganske god i bogeskyting på Wii
- Og sverdkamp
- Og surfing
- Lese avisene skikkeleg og til endes
- Rydde i rekneskap
- Svare på epostar
- File negler
- Ingenting