I dag kan du stemme på meg i Tordenbloggen. Eller stemme på andre. Eller begge deler.
Torden i lufta
24 mandag nov 2008
Posted in Skriveprosess, Teikning, Tordenblågg
24 mandag nov 2008
Posted in Skriveprosess, Teikning, Tordenblågg
I dag kan du stemme på meg i Tordenbloggen. Eller stemme på andre. Eller begge deler.
08 lørdag des 2007
Posted in Tordenblågg
Eg har brukt dagen til å sjå Die Hard 4, ete feit mat og drikke sjokolademjølk, og ligge på sofaen med dyne. Ikkje mykje glamorøst.
*mulk*
07 fredag des 2007
Posted in Fordi eg fortener det, Paint-art, Tordenblågg
Bruksanvisning: Først set du på soundtracket. Så les du posten.
I dag er det kåring av Norges beste blogg. Det er litt sjukt, men eg er altså i finalen. Og for å vinne, treng eg stemmer. Mange stemmer. Det fine er at du kan gje meg tre stemmer:
Du går inn her, og klikker på den vesle rundingen der det står Haustljos og klikker på Stem. Då har du gitt ei stemme.
Men så kan du også rulle heilt nederst på sida der, og finne eit kvitt kommentarfelt, der du skriv noko om at du har stemt på meg, og skryt litt av bloggen min. Dersom du gjer alt dette, teller det som tre stemmer.
Kvifor du skal stemme på meg?
Tusen, tusen takk til alle som stemmer!
Og ekstra spesialtakk til Digme, Bussbloggen, Iskwew , Lothiane, Virrvarr og Organa som driv valgkamp for meg inne på sine eigne bloggar.
FINALEPLASS! UÆHHHH!
Her forsøker eg å springe fra alle lesarane til Glamourbibliotekaren.
Og ein siste grunn:
Ta eit estetisk vegvalg. Stem på meg om du syns bar overkropp og spyd er ein kledeleg kombinasjon. Ei stemme til meg er ei stemme til Sparta.
“Jeg må si jeg er litt bekymret over glamournivået til mine krigerske lesere der bak i bildet.. Jeg trodde jeg hadde overbevist dem om at kombinasjonen spyd og bar overkropp er fatal, og at uniformering generelt er kjedelig. Men men, hva kan man gjøre…” (glamourbibliotekaren)
03 mandag des 2007
Posted in Tordenblågg
Me har sove og drøymt søtt , både eg og Ivers. Sidan han er ein søtnos, vert det ingen sur valgkampstemning her i dag. Berre ei påminning om at det er avstemming i kvartfinale i Tordenbloggen i dag.
02 søndag des 2007
Posted in Tordenblågg
I dag er det ny Tordenblogg-avstemming. Dersom du unner meg å vinne, er det berre å stemme. Kryss av og stem, og legg gjerne ein kommentar nederst der du skryt litt av meg, det teller som ekstrastemme.
Eg arrangerer juletrefest i dag, så no er eg berre innom mellom kakebaking, borddekking og gåvelotteri.
Dersom treåringen er villig til å bruke løvekostymet eg sat oppe i heile natt for å sy, blir det til og med biletedokumentasjon.
27 tirsdag nov 2007
Posted in Tordenblågg
Då eg var russ vart eg nominert til valget av russepresident. Venninna mi sat i valgkomiteen, og på nominasjonsplakaten hadde ho limt opp bilete av meg i miniskjørt, nettingstrømper og gedigent åttitalshår. Ei anna venninne dreiv valgkamp, og hang opp plakatar av meg på skulen. Eit bilete av meg og ei and. Dei to andre kandidatane, Heine og Ole-Christian, dreiv proff valgkamp, og det var stor stemning før valgdagen, med utdeling av øl på skulen, lærarar som tilta og framføring av nidviser.
Sjølve kåringa vart gjort på ein styggefest, noko som dengong innebar at folk kledde seg i syttitalsklede.
Eg fekk fire stemmer. Ole Christian hadde stemt på meg, sidan han ikkje syns ein kunne stemme på seg sjølv. Eg hadde stemt på meg. Og to andre som fortalte at dei hadde stemt på meg fordi det var litt synd om eg ikkje fekk stemmer i det heile. Med andre ord hadde ikkje verken ho som nominerte meg eller ho som sto for kampanjen min stemt på meg.
Ole Christian fekk ein hederleg andel av stemmene, men Heine sopte til seg brorparten av stemmene og regjerte på festen og resten av russetida som heidra og elska russepresident.
Eg vart redaktør for russeavisa. Det var forsmedeleg å tape så grusomt, men eg må vel innrømme at eg gjorde meg betre som redaktør og skribent enn eg hadde gjort meg som festgeneral.
No er det Tordenblogg-avstemming, og motstandaren min i denne runden har både dametekke og proff kampanje.
Når stemmene vert talt opp i morgon tidleg vil eg minne meg sjølv på russetida.
Eg eignar meg nok betre som skribent enn som valgdronning.
Men om du vil stemme på meg, så gjer du det her. Eg tek imot medlidenhetsstemmer.
Eg er ikkje verre på det.
23 fredag nov 2007
Posted in Tordenblågg
Eg har eit overutvikla konkurranseinstinkt. Sidan eg er eit modent menneske, klarar eg sjølvsagt å tøyle det utad. Syns eg. Familien er ikkje heilt enige. Mannen min og foreldra mine har halde råd og bestemt at eg ikkje får med og spele RISK. Dette har eg nevnt før. Har eg også nevnt at mannen min ikkje syns det er bra for ungane å spele Stigespel med meg?
Men utover det så tøyler eg meg. Eg prøver å ikkje vere direkte ufin, i alle fall. Eller skrike til folk.
Men i går rauk eg nesten ut av Tordenbloggen og måtte be nettmenneska eg kjenner om å stemme på meg. Nærare midnatt såg det ut som det var fåfengt. Då kom Lin trekkande med eit nesten-naken-bilete av meg, som eg kom til å love at eg skulle publisere. Om eg kom vidare.
Og sidan verdas beste lesarkrins stemte meg vidare, kjem altså det usømelege biletet her:
Dette er dagen då eg fekk min førstefødde.
Eg har veer og drikk vin.
Ungen vart nemleg fødd i Danmark, og sjefsjordmora ved Universitetssygehuset i Århus meinte at eg burde forsøke meg med eit glas vin, sidan eg ikkje ville ha øl. Som ho foreslo først.
Takk for stemmene i Tordenbloggen!
22 torsdag nov 2007
Posted in Tordenblågg
“Reklamen er produktets språklige kompetanse, reklamen kan differensiere ellers like produkter.”
Det ser ut til at eg ryk ut av Tordenbloggen i kveld, noko eg sjølvsagt er overraska over. Eg likar jo å vinne og er van til å få viljen min.
Eg har kan hende ikkje reklamert nok.
Vel, no gjer eg det.
Likar du blåggen min, så stem på meg.
Både ved å krysse av, og ved å skrive i kommentarfeltet under at du syns akkurat eg skal vinne.