Arkiv for kategorien 'Uncategorized'

Høyrt i heimen

Eit lite sitatplukk frå siste døgn i den Avilske heim:

“Hah! Jeg disser sentripetalkraften!” (mann, 35, om kor mykje kortare det er frå nord til sør samanlikna med omkrinsen av jorda)
“Frida og Mia spør koffår eg ikkje kan vere forelska i dei, og då seier eg altså ‘BEKLAGER, men mamma er faktisk veldig mykje finare, og ho bruker øyredobbar og sminke og pyntar seg kvar dag.’” (gutt, 4 år, om kjærleik)
“Eg hadde tenkt å teikne heile verdsrommet, men så blei det berre solsystemet.” (jente, 7 år, skuffa over eigen innsats)

Ei veke til eg ser dei igjen.

Forfengeleg

Det skal bli tatt pressebilete av meg. Det skal føregå i Oslo.
Bror min spør: “Vil du sjå smashing ut? Skal eg ringe Tommi i Jan Thomas sitt team?”
Eg svarar: “Næsj, er du gal.”

Men så lurar eg litt likevel. Kor gøy trur me det er å bli staila?

Nettvener kjem til unnsetning:

- Det tror jeg faktisk er knallgøy. Og det mener jeg.
- Jeg vil faktisk gå så langt som å si at du skuffer meg om du ikke gjør det.
- Si at du er emo.
- Si at du vil ligne mest mulig på Kristin Spitznogle.
- Kanskje han kan style deg som Erlend Loe?
- Go for it, bjatsj!
- Vask og legg!
- Så det var altså ikke tull, dette med denne boken?

Og kjem med døme på korleis eg bør kle meg.

underbaraclara

(bilete lånt frå underbara clara)

Damer på nett er dei beste.

Flyttegreier

Eg skal altså flytte. Ikkje frå WordPress til Blogspot, er du gal. Nei, eg skal flytte frå huset mitt og tilbake til barndomsheimen. Jepp. Det huset eg budde i frå eg var ti til eg var atten år.
Foreldra mine har snart fått ut alle møblane sine, og når eg kjem tilbake frå ferie, så er det heilt tomt og nedvaska. Klart til innflytting.
Veldig rare greier.
Under oppryddinga fann eg nokre gamle kjærleiksbrev. Det vil seie, eg har knapt fått slike. Men eg fekk eingong eit postkort med ein pusekatt på, og litt av ein The Cure-tekst, og beskjed om at nydelege Petter ikkje ville sjå meg meir, av nokre oppgjevne årsaker. Eg fekk kortet i postkassa etter mormor døydde, før gravferda. Eg budde saman med mormor, og å miste henne var ein av dei Viktige Tingene som har skjedd i livet mitt. Postkortet låg saman med nokre kvitteringar frå hausten 1989.

Eg var der oppe i går. Inne i skapet på mitt gamle rom fann eg eit raudt ringbind med små bunkar papir stappa inn i plastlommer.
Ei novellesamling frå omlag 1991. Noko var lattervekkande, noko var meir velskrive. Frå den tida eg trudde eg kom til å gje ut mi første bok før eg blei tredve.

Brudekjolen min heng der oppe. Størrelse 36, og likevel justert og sydd inn to gonger før den Store Dagen.

Bygones.

Mr Darcy

Jada, eg legg meg paddeflat. Eller Haga-flat som det snart heiter. Eg innrømmer det. Eg får lett andenaud og raudnar og skjelv ungpikeaktig (snart gammelkoneaktig) på hendene kvar gong han dukkar opp. Mutt, vanskeleg å prate med, heilt ute av stand til å flørte. Det er noko med slike menn. Og eg nektar å sjå han i nokon Hollywoodsminka, modelltryne-versjon.

Det fins berre ein mister Darcy for meg. Han kjem ikkje i nokon lettvint totimarsversjon. Han har ikkje trent på helsestudio med personleg trenar seks timar kvar dag med innlagte solariumspausar.

Og han ser i alle fall ikkje slik ut:

Ikkje ser han slik ut heller, bevare meg vel.

Det fins berre ein mr Darcy, og han krev at ein har seks timar til rådighet. Og det einaste ein får til slutt er eit kyss. Knapt nok eit kyss, i grunnen. Kan hende fins framleis det kysset berre i hovudet mitt. Det er eg veldig usikker på. Kan hende må eg sette av kvelden til BBC sin fjernsynsserieversjon av Stolthet og fordom. Berre for å sikre meg at det kysset verkeleg fins. Og for å bli andelaus og raudne og skjelve litt midtlivsaktig på hendene kvar gong han dukkar opp på skjermen.

Og eg skal ikkje snyte deg. Her kjem han opp frå vatnet.

Så kan no Dagbladet og historikarane og kven dei vil seie kva som helst. Eg held fast på mitt.

Kor er gjøken?

Om ein liten time skal eg intervjuast av Noregs mållag, så her driv me og intervjuar kvarandre. Det er no også ein måte å vere saman på. Kan vere veldig hyggeleg. Eg trur i grunnen eg skal begynne å intervjue vennene mine i blant, så lite sosial som eg er, og lite oppdatert på kva som skjer, kven som er gravide og i ny jobb og slikt.

I ettermiddag drar eg til sommarhuset (ein hemmeleg stad utan internett eller telefon) for å gjere boka meir ferdig. Det blir deileg. Eg er stressa og surrete og treng arbeidsro.

I går kveld kom det epost med bitar av boka omsett til engelsk, sidan eg skal lese opp for nokre forleggarar frå Utlandet på Lillehammer litteraturfestival 29. mai. Det var eit uventa kick å sjå sin eigen tekst på engelsk. Eg trur kan hende det føltes så overveldande kult fordi eg har lese ein del fantasy på engselsk. Eg måtte i alle fall drikke to glas vin og lese høgt og etterpå gjekk eg ut i hagen og røykte og song høgt.

Sjå kor kult, då:

The woman’s body lies deep; the head of one horse after the other left to sink into the moor above her for centuries. Layer upon layer of sneering, rectangular heads in the peat. They had all been exsanguinated before they were left to the moor.

The woman’s body lying in the peat had no wounds. No tears in the dark leather of her skin. She had not been a sacrifice. She had not been lowered into the moor. She had not died before she sank. She had chosen to lie down and sleep on the moor. And she had slept there for almost a thousand years; she had slept since the big earthquake, and human beings now reckon their time such that it was 950 years after Eletiel.

The peatmoss rested on an island in a fjord. The fjord flowed like two narrow channels around the island, thinning at the north of the island, but gaping around the island, large and broad in the mouth of the fjord. Breath flowed in and out with the ocean’s tides; inhaling, exhaling. The fjord breathed in and out slightly less than two times a day, the water reaching highest around the island about four hours after the moon stood directly in the south. The woman had slept in the peat while the fjord had drawn its calm breath as many times as a human draws breath in its little lifetime. The woman in the peat had not drawn a single breath since she had allowed herself to sink into the acrid water.

The last thing she did before lying to rest was to play out her part in the course of the world. She had a key that would put everything in motion. She had the prophecy of the world’s end. And someone had come who wanted to know everything. The one who would bring her words to the gods and bards, to the world that would end. To those who would die and to those few who would survive and be remembered.

This was her fate, in this world as in the last, and as it will be in the next. She carried with her the prophecy of Ragnarok and would deliver it when it was time.

Weeeee!

Kondolerer med 17 mai

Kan hende eg skal utstyre dei halvdanske ungane mine med dette flagget i år?

dansk norsk flagg

Berre tenk på det. Me kunne vore ein naturleg del av Europa. Medlem i EU. Me kunne løpt ned til den tyrkiske grønthandlaren på hjørnet klokka ni ein laurdagskveld og kjøpt to flasker vin når me fekk uventa gjester. Me kunne kombinert dei norske råvarene med den danske evna til foredling, merkevarebygging og internasjonal marknadsføring. Me hadde hatt eit verkeleg godt landslag. Me kunne grust Sverige. Alt kunne vore så mykje morsommare.

Me kunne hatt ubroten kongerekke på tusen år, slik at dei anakronistiske monarkane reint faktisk leika skikkelege kongelege og ikkje berre rikfolk som leflar litt med kristendom for syns skuld.

Uelegant i litlehjernen

I dag er eg oppe på høge hælar. Peroleumsblå kjole og strømper og brune sko med kilehæl. Om eg var idiotisk tynn og hadde eit betre webkamera skulle eg ha moteblågga meg, så fin er eg. Men det skjærer seg litt når eg catwalker ned grusvegen utanfor her. For det skortar på koordinering, balanse og haldning. Eg har rett og slett ein mindre elegant og feminin utgåve av cerebellum.

Korleis det eigentleg gjekk føre seg

Guttungen (4): Eg har vore inni magen din, mamma.
Jentungen (6): Eg og. Eg er laga av frø frå både mamma og pappa.
Eg: Det er rett.
Jentungen: Men frøene dine er der heile tida, mamma, sant?
Guttungen: Og så kom babyen ut navlen. *peiker*
Jentungen: Nei, dei kjem ut babyhullet, mellom tissen og rumpa.
Guttungen: Næhæi, det fins ikkje noko babyhull der.
Jentungen: Joda, men berre på damer. Du mamma, sidan gutar ikkje har noko babyhull, kva har dei der då?
Eg: Ein pung.
Jentungen: (vantro) HÆ?
Eg: Ein pung som han får frø i når han blir stor nok.
Jentungen: Putta pappa tissen sin inn i tissen din, mamma?
Manden: *host* Det var vel sådan noget.
Guttungen: Nei, han brukte vel eit lite romskip.

Noregs nye adel

I går vart det nye norske operahuset opna. I motsetning til det danske, som var finansiert av private midlar, er det norske operahuset eit statleg og dermed folkeleg prosjekt. Politikarane har i forkant av opninga snakka begeistra om korleis dette operahuset nettopp tilhøyrer folket fordi det ligg skattepengar og årelange politiske rundar bak.

Derfor er det med undring eg merker meg at det blant dei omlag 1340 inviterte gjestene ikkje først og framst er gjester ein finn openberre ved eit slikt statleg kulturarrangement.
Det er eit betydeleg innslag av såkalla finanstoppar, også kalla styrtrike kjendisar.
Kva gjer dei der?

Ein skulle tru at dei som hadde arbeidd for og med operahuset, ved planlegging, praktisk handverk, politisk og på andre måtar, samt eit utvalg kulturarbeidarar frå resten av song-, musikk-, dans- og teater-Noreg skulle klare å fylle dei avgrensa plassane.
Dei kongelege er der og kastar det dei no har av glans, og meir glans treng ein visst ikkje. I alle fall ikkje frå såkalla finanskjendisar på stripe.

Eg forstår at dei dukkar opp i andre samanhenger. Alle som lever av alminneleg handel vil gjerne trekke til seg dei styrtrike. Men nettopp dette arrangementet var eit det norske folket har spleisa på, og det skal drivast av folket og Staten. Så kvifor lefle med dei styrtrike?

Meiner Trond Giske og operasjef Bjørn Simensen, eller kven det no var som skreiv gjestelista, at Celina Midelfart og Christen Sveaas er einslags ny norsk adel? At dei må vere med for å kaste glans?

Dei kan kjøpe seg inn alle stader. Det blir laga eigne skattereglar tilpassa dei rikaste slik at den store middelklassen framleis skal betale mest skatt. Dei flyr rundt i jetflya sine og skadar eineveldig miljøet meir enn eg kan drøyme om å få til resten av livet.
Eg hadde syns det var fint om det offentlege, skattefinansierte operahuset ikkje rulla ut den raude lauparen særskilt for dei. Ein stad burde dei vere like for lova. Det ville vere så fint om det var akkurat der.

Fergeblågging

Eg sit no på MS Raunefjord og er altså overraskande nok på nett. Ikkje fordi det kostar Fjord1 noko særleg å ha meg på nett, men dei har jo tidlegare vist sterk uvilje mot å yte ein kvar form for sørvis. Det er framleis pissekaldt ombord, kaffien er framleis ubetaleleg og dårleg, dei pressar framleis rammene for anbudet ved å segle langsamt og ikkje ha ferger nok til å dekke alle avgangar. Men no altså internett.

Sidan eg eigentleg skal skrive eit referat frå foreldremøte, er eg ikkje eingong utprega takksam for denne trådlause tilkoplinga, men lat oss no ikkje fordjupe oss i det som er trist og leit.
Sola skin, eg sit i ein båt og eg blåggar.

Neste Side »


Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 86,022 hits