Archive Page 2

Ønske meg lukke til, folkens

Då reiser eg igjen til sommarhuset. Tek med meg laptop og skriveblokk, kart og notatbunkar, og ein tjukk utskrift i ei strikkmappe som det står Song for Eirabu på. Siste gong, kan hende, i denne skriveprosessen. Eg skal ferdigstille manus, som det så fint heiter, eller skrive og reinskrive dei siste kapitla som manglar før eg sender manus til redaktøren igjen. Heldigvis ser det ut til at skjønne Ingeborg er tilbake i jobb før ferien, og då må eg jo halde meg til planen og levere.

Ei vekes innspurt, og så er det skuleferie for jentungen neste fredag. Store ungen ferdig med første klasse. Det har gått så veldig fort, dette året.

Litt flisespikking og finpuss blir det sikkert veka etter, men mest å lese gjennom heile skiten sjølv og gjere meg tankar om kva som må rettast opp. Så er eg godt budd til fredag 27.juni, då eg forhåpentleg vil sitte i Tiden sitt møtelokale og bla fram og tilbake og tygge på blyant og slikt.

Men først: Brette opp ermene og bli ferdig for faen!

Test og avhengighet, fru Blom

Nokon har tipsa meg om at dei som forskar på Internett-avhengighet har laga test.
http://www.ntnu.no/gemini/2008-02/12-15-cyberspace.htm

Svarer du ja på fem eller flere av spørsmålene under, regnes du som internettavhengig ifølge en standard for kartlegging av nettvaner.
Svarer du ja på tre eller fire av spørsmålene, befinner du deg i risikogruppa.

• Hender det ofte at du er sterkt opptatt av Internett, for eksempel at du tenker på tidligere internettbesøk eller planlegger kommende internettbesøk?
• Føler du at du stadig bruker mer tid på Internett?
• Har du flere ganger forsøkt å kontrollere, redusere eller kutte ut internettbruk, uten å lykkes?
• Blir du noen gang urolig, i dårlig humør, deprimert eller irritabel når du prøver å redusere eller kutte ut din internettbruk?
• Holder du vanligvis på med Internett lenger enn du opprinnelig planla/tenkte?
• Har du noen gang risikert å miste en venn, skoleplass eller arbeid på grunn av ditt bruk av Internett?
• Har du noen gang løyet for familie medlemmer eller andre for å skjule omfanget av din bruk av Internett?
• Har du noen gang brukt Internett for å flykte fra problemer eller for å komme i bedre humør?

Vel.

Det pleier å vere ein god ide å lage testar slik at ikkje berre dei som allereie freister endre åtferd kjenner seg igjen.

Prøv heller noko slikt, forskarfolk:

• Hender det ofte at du logger deg på Internett når du skal gjøre andre oppgaver ved pc-en?
• Hender det at Internett-bruk fører til at du forsømmer andre oppgaver?
• Har du flere ganger skrevet på et forum eller en blogg at du akter å kontrollere, redusere eller kutte ut internettbruk, uten å gjennomføre det?
• Blir du noen gang urolig, i dårlig humør, rastløs eller irritabel når du prøver å logge på Internett og ikke får forbindelse?
• Tror du at du ville ha andre hobbyer dersom du mistet tilgangen til Internett?
• Har du noen gang latt være å besøke en venn eller gå i selskap, og heller blitt sittende ved Internett?
• Har du noen gang omtalt venner på Internett som “bekjente” eller på andre måter holdt skjult hvor du har informasjon eller gode historier fra for familiemedlemmer eller andre for å skjule omfanget av din vennekrets på Internett?
• Har du noen gang brukt Internett for å snakke om problemer i stedenfor å ta dette opp med den det gjelder?

Dagens ord

For mange år sidan jobba eg som omsetjar. I en af Danmarks største oversættervirksomheder. Eg og Anne Marit omsette dataprogram og reklametekstar og heimesider og slikt frå dansk og engelsk. Til norsk. Der det ikkje var spesifisert kva slags norsk dei ville ha, omsette me sjølvsagt til nynorsk. Me sa det var hovudmålet i Noreg. Ingen av kundane klaga. I løpet av dei to åra eg arbeidde der blei firmaet ei såkalla Gaselle-bedrift, noko som tyder at dei har auka Omsetjinga, den Økonomiske sjukt mykje fleire år på rad. Dobling eller noko. Dei var stolte og imponerte og takka den norske avdelinga for å ha bidrege stort.

Andre ting eg og Anne Marit gjerne gjorde var å nytte nye norske ord og fornorska stavemåtar. Me ringte flittig til Språkrådet og var oppdaterte på siste nytt innan fantastiske ord som keiteringsørvis. Me var aktive på Ordsmia, der nye norske ord blir til.
Nokre år seinare fekk eg ein hyggeleg epost frå ein mann som hadde oppdaga at ordet styreplate (eng.: touchpad) hadde dukka opp i Aftenposten sitt kryssord. Og at eg og Anne Marit var honorerte som ordsmedar.

No er det nokre år sidan eg var i bransjen, så det kan vere at det eg har å komme med er håplaust akterutsegla og old njus. Men her kjem i alle fall dagens nyskaping:

(trommevirvel)

råkketsaientist

Var ikkje det eit fint ord?

For dei som er særleg interesserte, så skriv DN: ” For å få gasellestatus må en bedrift de siste fire årene ha doblet omsetningen fra minimum én million kroner det første året, ha økt omsetningen hvert av de fire årene og samlet ha positivt driftsresultat.”

Monsen ryddar opp

Me har lenge hatt bruk for ein skikkeleg gjennomgang av dette tilsynelatande profane lovverket vårt. For ikkje å snakke om dei såkalla sekulariserte delene av samfunnet.

Nina Karin Monsen har bretta opp ermene og går i gong med oppgåva.

Den raudgrøne regjeringa er demonisk. Homofili er demonisk, for ikkje å snakke om dei obscøne underlivsrørslene til medlemmene i LLH.

“Vi kan få et samfunn hvor mange betviler sine egne sanseerfaringer og intuitive overbevisninger. Den forvirrede tilstand som en del homofile lever i: Er jeg hetero eller homo?, blir til allmenn forvirring på et langt dypere plan. Er jeg intolerant fordi jeg vil kjenne faren eller moren min? Er jeg intolerant fordi jeg ikke synes at en mann kan erstatte min mor, eller en kvinne min far?

Trakasseringen er allerede synlig. Regjeringens fortropper ved alle motdemonstrasjoner, LLHs aktivister, har en vulgær og aggressiv uttrykksform. De håner og sjikanerer kristne i alle aldre, bruker obskøne underlivsbevegelser, fingeruttrykk og gutturale skrik som kommer de rett fra Dovregubbens hall. Det virker som om de demonstrerer for pornoindustrien og prostitusjonens utbredelse. Demoner tiltrekker seg såkalte casuals.”

Eg håper verkeleg ho tek ein skikkeleg gjennomgang av lovverket for oss og kategoriserer heile skiten i demoniske og guddommelege lover. Kan hende trengs fleire kategoriar. Eller nei. Demonisk og heilagt er i grunnen alt me treng. Verda er anten kosmos eller kaos, og som alle veit betyr dette at verda er komplett svart og kvit, det fins berre godt og vondt.

Det er viktig å få på plass at lovverket ikkje er profant. Det er i høgste grad infiltrert av mytologiske makter, kaoskrefter og kosmosoppretthaldande krefter.

“Men anstendige lærere i barnehager og skoler vil nekte å lyve for barna. De kan ikke informere om en demonisk lov. Lærerne har en stolt tradisjon fra 1942.”
Lærarane er heldigvis eit heilagt folk i ein demonisk, politisk verd. Når Nina Karin Monsen først har gått gjennom lovverket burde ho gå gjennom yrkesgruppene. Plassere oss alle i heilage og demoniske boksar. Det er på høg tid.

Eg reknar med å hamne i den demoniske boksen. Det blir nok litt trongt der.

Biletet er i god demonisk tradisjon tjuvlånt frå Bergens Tidende.

Morgenstund

Eg la meg klokka sju i går kveld, eg. Kunne sikkert stått opp då eg vakna klokka eitt i natt, men eg gjorde ikkje det. Kunne sikkert stått opp då eg vakna igjen klokka fem. Men eg gjorde ikkje det heller.

No er eg utsove.

Sola skin. Eg drikk kaffe, er tålmodig med ungane og eg er blid. Sikke en morgenstund.

Mr Darcy

Jada, eg legg meg paddeflat. Eller Haga-flat som det snart heiter. Eg innrømmer det. Eg får lett andenaud og raudnar og skjelv ungpikeaktig (snart gammelkoneaktig) på hendene kvar gong han dukkar opp. Mutt, vanskeleg å prate med, heilt ute av stand til å flørte. Det er noko med slike menn. Og eg nektar å sjå han i nokon Hollywoodsminka, modelltryne-versjon.

Det fins berre ein mister Darcy for meg. Han kjem ikkje i nokon lettvint totimarsversjon. Han har ikkje trent på helsestudio med personleg trenar seks timar kvar dag med innlagte solariumspausar.

Og han ser i alle fall ikkje slik ut:

Ikkje ser han slik ut heller, bevare meg vel.

Det fins berre ein mr Darcy, og han krev at ein har seks timar til rådighet. Og det einaste ein får til slutt er eit kyss. Knapt nok eit kyss, i grunnen. Kan hende fins framleis det kysset berre i hovudet mitt. Det er eg veldig usikker på. Kan hende må eg sette av kvelden til BBC sin fjernsynsserieversjon av Stolthet og fordom. Berre for å sikre meg at det kysset verkeleg fins. Og for å bli andelaus og raudne og skjelve litt midtlivsaktig på hendene kvar gong han dukkar opp på skjermen.

Og eg skal ikkje snyte deg. Her kjem han opp frå vatnet.

Så kan no Dagbladet og historikarane og kven dei vil seie kva som helst. Eg held fast på mitt.

Treng me verkeleg ei bok om jentesex?

I ein diskusjon på Forfattarbloggen, der Jon Vogt fortvilar over å ikkje trenge gjennom forleggar- og mediemurane, der folk fjasar litt og eg flåsar litt, grip eg meg plutseleg i å heftig forsvare ei bok om jentesex.

Det var kan hende ein litt lang opningssetning, og eg veit ikkje om det kan kallast å aktualisere eit tema å nemne at eg har snakka om det før i dag. Men slik er det. Og eg kan ikkje heilt sleppe tanken.

Me treng denne boka om jentesex.

Kvifor det, tenker du kan hende. Er ikkje avisene meir eller mindre overfylte av sex? For ikkje å snakke om bokhandelhyllene? Og fins det eigentleg ein einaste uutforska flik av dette med jenter og sex som Google ikkje kan svare på?

Vel.

Slik snakkar avisene om sex:

Og slik ser jentesex på internettet ut:

Dette treng me ikkje meir av. Det kan me fort bli samde om.

Det me treng er ei motvekt. Ei motvekt til media sitt grafsete fokus på seksualisert vald, kvinner som objekt, unge  jenter som offer, kvinner som bør passe seg, bør slanke seg, bør vite korleis ein suger ein mann. Ei motvekt til eit bilete av unge jenter som er magre og storpuppa og sleiker kvarandre på puppene mens dei ser smektande rett på ein mann sitt blikk. Me har meir enn nok, me har bøttevis, hyllemetervis, makrogigasuperbytevis.

Det me treng er jenter sine eigne stemmer. Jenter og kvinner og gamle damer som snakkar ut frå sine heilt eigne, verkelege erfaringar. Me treng ei bok der naturlege kroppar og lyster kan få plass. Der det er heilt ekte, vanlege damer som er målgruppe. Ei bok om jentesex på jentene sine eigne premissar.

For me held på å drukne. Me druknar i falske bilete, konstruerte situasjonar, silikoninnsprøyta og photoshoppa bilete. Me druknar i pornografi, reklame og valdshistoriar.

Det er ikkje slik at me ikkje lærer av det me ser rundt oss. Tankane våre og ideane våre er forma av det me ser og opplever. Og eg ser sexspalter som konfirmerer det tradisjonelle, heterofile samlivet. Sexekspertar som rår til at kvinner bit tenna saman og ligg med mennene sine for å halde på dei. Eg ser råd om stearinlys og roleg musikk, og om å dele på oppvasken på førehand. Men kva i all verda skal ein eigentleg gjere i senga då? Og kva om ein er aleine? Kva er jenteseksualitet oppi alt dette?
Nei, vil ein ha grafisk informasjon er det berre å surfe. Nettet bugnar av saftig kjønnsaction. Og ved det grafiske og konkrete ser all realisme ut til å forsvinne.

Eg er så glad for at Ida Jackson og Maren Kristiane Solli vil gje det konkrete, alminnelge og realistiske jentesexlivet ei stemme. På eit vis føles det tvingande viktig. Det handlar om kropp og identitet, om lyst og kjensler og intimitet, om råderett over eige kjønn og over den delen av livet og samlivet som er limet når det andre blir trasig og keisamt. Det handlar om ein arena der kvinner kan komme til å oppleve seg som undertrykte ofre, der kvinner kan komme til å få dei verste mareritta i livet sitt. Og der dei kan komme til å vere nære, lukkelege og sterke.

Det då vere viktig?

Britt-Åse redder meg frå meg sjølv

Eit meme! Så deileg! Enkle reglar og oppgåver!

Dette er greia: Svare på spørsmål og tagge nokre nye. Eg har valgt å tagge folk eg veit lite om.

1. Kva gjorde du for 10 år sidan?
Då var eg ugift, barnlaus, budde i kollektiv i Danmark, og studerte psykologi.
2. Kva fem ting står på “gjere-lista” di i dag?
I morgon skal eg dette:

  • følge dottera mi til skulen og guttungen i barnehagen
  • gå heim og skrive
  • hente ungane og handle middag
  • sørge for at jentungen kjem seg i bursdag med fintøy på og gåve i pose
  • få ungane nokolunde glade, mette og reine i seng

3. Snacks eg likar (tillet meg å skrive ned det einaste snopet eg likar, sidan snacks er litt ekkelt)

  • svarte halslinser
  • gule fisherman’s friend
  • kvit sjokolade

4.Ting eg gjerne ville gjere om eg blei milliardær

  • betale ned alle lån, kjøpe leilighet i Oslo og ein eller annan varm stad
  • berre skrive resten av livet
  • sponse nokre miljøfremjande føretak
  • betale skatten min med glede
  • dele ut små, fislete og uforutsigbare stipend til kreti og pleti

5. Stader eg har budd

  • rekkehus
  • villa
  • kollektiv
  • stråhytte
  • leilighet

6. Desse folka vil jeg vite mer om

Nettbokshopping

Det har komme meg for øyra at fleire har bestilt Song for Eirabu allereie, sidan den kom på nettbokhandlarane i går. Eg har sjekka og ser at den er billegast hos Ark, i fall nokre av blogglesarane vil førehandstinge boka.

Boblerommet

Eg er jo berre i dette skriveboblerommet inne i skallen min for tida, og ikkje heilt på bølgelengd med eigen blogg. Men då er det vel på sin plass å svare på spørsmål frå lesar.

Cassandra frå Belmotte-bloggen spør:

Jeg har ikke hengt med på bloggen din siden begynnelsen og det har vært perioder da jeg har hatt det for travelt til å følge med på alle bloggene jeg leser, så jeg lurte på om du har skrevet noe om hvordan du fikk kontakt med forlaget? (Hvor finner jeg det i så fall?) Og hvis ikke, leser jeg gjerne et innlegg om det. *legge inn ønske* Det er ikke ofte man hører om debutanter som får interesse fra forlag på uskrevet manus, så det ville vært artig å høre hvordan det gikk til.

Tja. Eg sendte først tjue sider som ein slags “smakebit” til Tiden, altså Det Fantasyvenlege Forlaget.

Svaret var at “dette kan bli interessant, men me kan ikkje vurdere før me ser meir.”

Så gjekk det eit lite halvår, og så sendte eg omlag 200 sider. Framleis ikkje ferdig manus, men nok mindre ferdig enn eg hadde trudd. Omlag samstundes inviterte Tiden meg til å delta på eit skriveseminar.
Det Venlege Forlaget lot ein ekstern konsulent og ein av sine eigne redaktørar lese. Og då var svaret at “dette kan bli bra, men du må jobbe med strukturen”.

Så deltok eg på skriveseminar som handla om struktur, og deretter gjekk eg grundig til verks med omarbeiding av heile teksten utfrå kva eg hadde lært, kva eg hadde fått av tilbakemeldingar, og ikkje minst - kva eg hadde forstått måtte gjerast.

Etter ein månad sendte eg nyomskrive manus (framleis berre halve boka) tilbake til forlaget, og sidan blei det ein del telefonar og epostar fram og tilbake mellom meg og redaktøren.

Midt på våren kom plutseleg førespurnad frå forlaget om eg kunne skrive ei kort skildring av boka til Kulturrådet, slik at dei kunne søke meg til Innkjøpsordninga. Framleis hadde eg ingen kontrakt, og framleis venta eg på at det Venlege Forlaget skulle fortelle meg at “nei, no har me prøvd alt og vore uendeleg tålmodige, men dette bli ikkje bra nok til utgjeving”.
Den telefonen kom aldri. I staden kom utkast til omslag. Men framleis ingen kontrakt.
Så kom invitasjon til å reise til Lillehammer litteraturfestival.
Og då tok eg mot til meg og ba om kontrakten. Så no er den underskrive, og har eg hellet med meg får eg forskot før sommarferien.

Men boka? Nei, den er framleis ikkje heilt ferdig.

Forfatterpalett: Brun på nasen, kvit på halsen, mørk under augene og eit lett plaga blikk før deadline.

« Forrige sideNeste Side »


Blåggsørvis for kresne

Lei av å surfe gjennom eit ørkeslaust internett? Sjekk ut nye Sonitus. Og her er ein ambisiøs borgarblågg: Les iNorden

Opphavsrett

Eg likar å dele. Eg likar ting som er gratis. Dette er ein fri Wordpress-blågg, og boka mi skriv eg på Open Office. Det er kjekt om du lenker til blåggen min. Det er kjekt om du siterer meg. Det er kjekt om du legg ut delar av tekstane her og legg til eigne refleksjonar, på din eigen blågg. Men sjølv om du ikkje finn små c-ar i sirklar her, så kan du ikkje gje ut tekstane mine utan å spørre meg, utgje dei for dine eigne eller tene pengar på dei. Ha ein god og fri open-kilde-dag.

Sjefen sjølv

bilde-198.jpg

Dykk i arkivet

Eit forsøk på å delta i blåggeverda

Kategorisengsforsøk

Heia Brann

Blod er tjukkare enn vatn.

Blog Stats

  • 88,544 hits