I morgon tidleg skal eg bake ei kake som vil gjere min trassparate son nøgd. Han har tinga ei kake som skal sjå ut som ei krokodille. Eg har kjøpt glasurstæsj og bakeformar på Panduro til hundrevis av kroner. Eg har søkt på tverrnettet og spurt alle eg har møtt (bortimot alle, eg unnlot å spørje dei få eg ikkje kunne spørje utan å vasse i sosial skam) for oppgradere eiga viten om krokodillekakebaking. Eg innser at eg ligg flat for ein gut på tre år. Paddeflat.

Advertisements