Gamalegyptisk religion og norrøn førkristen religion har slike innfløkte og finurlege skapingsmytar. Samstundes eksisterte religionane i ei tid utan framsteg og utvikling, i den forstand at alt sto til som det gjorde og folk rekna med etterliv, evig gjentaking av tida, og at endringar nok berre var eit trugsmål mot likevekt og harmoni (kosmos).

Skapingsmyta eg er vakse opp med (jødisk-kristen) høyrer til eit lineært verdsbilete med tilhøyrande tru på endring, vekst, død og påfølgande æve utan risiko for gjenføding. Det skal komme ein Dommens dag, og så er heile skiten over. Når me likevel markerer Jesu fødsel og død årleg flørtar me sjølvsagt med den sirkulære tida, men det vert jo meir ei minnestund enn ei gjentaking, trass alt.

Det eg ikkje skjønar er korleis tid kan oppstå utan å ha ein ende.

Slikt skulle eg nok ikkje bry hovudet med.

Advertisements