Det hender faktisk eg går tur med ungane. Om me finn ein skikkeleg svær stein, spring dei bort og set seg på den, for då vert det forteljing. Om du har ungar og ikkje syns du kan nokon god historie til slikt bruk, kan du få ein av meg:

Når ungane sit godt til rette på steinen eller bergnabben, fortel du at før i tida, for lenge, lenge sidan, då det var stortroll på fjellet, budde det ein modig bonde her i nærleiken. Folk som budde her var redde for stortrollet, for trollet brølte og skremde folk, og bonden syns at no fekk det vere nok. Ein morgon, mens det enno var grålysning, stilte bonden seg opp nett her og ropte så høgt han kunne:
– Hei, du troll som trur du er så svær! Her skal du få sjå kuer som er feitare enn dine!
Trollet meinte sjølv at kuene hans var dei feitaste i landet, så han blei sur og fornærma.
– Kva seier du, vesle bonde, brølte trollet attende.
– Eg seier at kuene mine er feitare enn dine og markene mine grønare og garden min er større!
Trollet brølte!
Bonden ropte så høgt han berre kunne: Så berre kom du om du tør!
Trollet oppe på fjellet steig nedetter og kom nærare og nærare. Bakken rista, og trær velta, og bonden sprang rett bort der borte og gøymde seg.
Då trollet kom akkurat hit, skein plutseleg dei første solstrålene frå aust for det var morgon. Sollyset traff trollet når han sto nett her, og han blei til stein!

Og den steinen er det dåke sit på no!

Reklamer