Okei, Tor har vakna om morgonen og oppdaga at hammaren er borte.  Han er skikkeleg sur, og det første han gjer er å snakke med Loke (det er liksom så dårleg forklart i kvadet at eg trudde han sov i lag med Loke, ein tråd me får følgje seinare). Saman går dei til Frøya, og ber om å få låne fjørhammen hennar, og det får dei. Loke tar den på, og flyr til jotnane. Der finn han Trym og dette seier dei til kvarandre:

 Trym kvad: «Kva er det med æser? Kva er det med alver? Kvifor kjem du aleine i Jotunheimer?»
Loke kvad: «Ille med æser, ille med alver! Har du gøymt bort Hlorrides hammar?»
Trym kvad: «Eg har gøymt bort Hlorrides hammar åtte mil under jorda! Ingen mann den oppatt henter utan han fører meg Frøya til hustru!»

Resten av historia kjenner me. Tor kler seg ut som dame og Loke blir med han attende til Trym, og takka vere Loke sine forklaringar på dårleg orden og åtferd hos «Frøya»/Tor ender det med at Trym trur han skal få gifte seg med Frøya, og tek fram hammaren.

Tor drep då både tussekongen Trym og søstera hans og heile Tryms ætt, og «slik fekk Odins son atter sin hammar».

(frå Eddadikt, men sidan eg har Anne Holtsmark si riksmålsutgåve frå 1941 har eg «oversett» litt).

 Apropos dette med alvar, altså.

Reklamer