Styret i Helse Vest har full tillit til at Helse Bergen skal klare dette for mindre pengar enn i fjor.

Det eg høyrde dei seie på NRK Hordaland i dag var følgjande:
Helse Bergen er eit av dei mest effektive sjukehusa i Noreg.
Aktiviteten i 2006 var svært høg.
Det vart brukt meir pengar i 2006 enn budsjettert, så i 2007 skal dette sparast inn og ein skal altså bruke ein del mindre pengar.

Så langt, så logisk. Men så kjem fortsetjinga:
Aktivitetsnivået i 2007 skal vere like høgt som i fjor.

Og når styret i Helse Vest vert spurt om korleis dei tenker at eit svært effektivt sjukehus skal spare pengar og samstundes oppretthalde aktiviteten, kjem altså tillit-ordet inn.

 «Styret i Helse Vest har full tillit at Helse Bergen skal løyse denne oppgåva».

 Full tillit betyr at du skal ro. Eller faktisk IKKJE du, dersom du berre er skattebetalar og ikkje helsearbeidar. For det er faktisk ikkje lenger ei felles oppgåve for skattebetalarane i Noreg å betale for utgiftene til helse. Pengane kjem frå skattebetalarane, sjølvsagt, men helsearbeidarane skal betale meir enn resten av folket. Dei skal nemleg springe fortare enn dei orker, dei skal slutte å sjukemelde seg, dei skal takke nei til lønsauke, friviljug av omsyn til pasientane (i følge Helse Fonna, del av Helse Vest, sin direktør).

Helsearbeidarar har nemleg ikkje ein jobb, dei har eit kall. Så om det går ut over helsa deira, familien og økonomien, så gjer det ikkje så mykje. Dei yter jo til det beste for fellesskapet.
 

Reklamer