I hedensk tid har ikkje kampen mellom verdas makter ikkje stått mellom det god og det onde, men mellom kaos og kosmos, der likevekta mellom kaoskreftene og kosmoskreftene var til begge sitt beste, i den forstand at dei besto.

Tida var rund, «skapingshistoria» er historia om korleis det berre fins kald og varmt, og Ginnungagap som ei revne mellom der urkua Audhumbla og urjonen Yme oppstår.

Voluspå (tredje vers):
I tiders ophav
da Ymer levde
var verken sand eller sjø
eller svale bølger;
jord fans ikke
eller himmel over,
det var Ginnunga gap
og gress ingen steder.

Etter Yme kom ein generasjon jotner som levde i verda slik den var då, mellom anna Bors, som fekk sønene Odin, Vilje og Ve. Dei drap Yme og av Ymes kropp og blod oppsto den verda me lever i no.

Voluspå fjerde vers:
Inntil Bors sønner
hevet boplasser opp,
de som Midgard
det mektige skapte.
Solen skein sørfra
på stein i salen
da grodde grunnen
med grønn løk.

Gudene holder råd og plasserer Sol, måne og stjerner, og gjev namn til «natt og ne, kalte det morgen og middagstid, non og aften til åretall».
Guder, jotner og dverger lever i lag i verda. Dvergene «gjorde manneliknelser mange av jord».
Inntil «dei fann på land to som lite maktet, Ask og Embla, utan lagnad».

Voluspå tolvte vers:
De hadde ikke ånde,
eide ikke sanser,
verken blod eller liv
eller god lèt;
ånde gav Odin,
Høne gav sanser,
Lodur gav blor og god lèt.

Og meir var det visst ikkje å seie om desse menneskefolka.

Advertisements