No skal eg på jobb, og det er falle tjue cm snø utanfor. Det er eit eventyr å gå gjennom ny snø, først og aleine i verda (hvertfall dei første 200 metrane), så det får berre vere at ein blir våt oppetter buksebeina. Det er for mørkt til å ta bileter av nokon særleg kvalitet der ute, så de får berre sjå for dykk snøtunge greiner som legg seg mot kvite driver, medan det aller første blålilla morgonljoset er i kjømda.

Advertisements