Frøya, vanegudinna (som me altså her på Ljos i kjømda mistenkjer for å vere både alv og finsk), forsynte seg i blodigare tider med rikelege mengder falne krigarar, som ho tok med seg til heimen sin i Åsgård, Folkvang: 

Folkvang er den niande,
der Frøya råder
kven eige skal sess i sal;
ho krev den halve
valen kvar dag,
den andre halve eig Odin.

(frå Grimnesmål omsett av Ivar Mortensson-Egnund)

fr_ya_svein_bringsd_180827c.jpg

(Svein Bringsdals bilete av Frøya som hentar ein fallen krigar)

Näsström (Blot, 2001) gjer merksam på korleis eit kvad i Ynglingesaga tyder på at Frøya sjølv føretek ei ofring:

Underlegt var de,
um Agne-heren
svik-fulle
Skjalv skulde lika,
daa syster hans Loge
upp i lufti drog
kongen gode
med gullhalsbande,
han som ved Taur
temja skulde
hesten svale,
at høy-tjuga gav
som Hagbard (70) reid.

Snorre Sturlason, Kongesogur, Yngligesoga omsett av S. Schjött

Frøya heng ein konge

(bilete lånt frå http://home.online.no/~olhov/kvad.html)

Näsström nyttar følgjande omsetjing:

Underlig var det
om Agnes hær
likte Skjolvs
listige råd,
da i luften
ekteskapets dise
heiste kongen
etter gullsmykket;
han ved Taur
temme måtte

Signys manns
svale hest

Skjolv er eit av Frøyas tilnavn, og ho var også ekteskapets dise.
«Signys manns svale hest» er ein kjenning for galge.
Så her ser det altså ut til at Frøya sjølv løfter kongen etter halssmykket og heng han.
Näsström omtaler Frøya som «de hengtes gudinne», så det ser ut til at Frøya deler fleire interesser med Odin, som ellers var den som mottok dei hengte menneskeofra, og er omtala som «den hengte Gud», etter å ha hengt seg i Yggdrasil for å få tilgang til ytterlegare visdom (ofra til seg sjølv). Men no skal me ikkje henge oss opp i Odin, han har det visst vore sagt nok om.

Advertisements