Av ikkje-dramatiske årsaker har det seg slik at eg denne helga har borna med meg og bur hos mine foreldre. Det er ei særleg øving i gammalt-nytt å bu ei helg i barndomsheimen. Ja, for det er jo berre 6 år sidan eg vart skikkeleg vaksen i gammaldags forstand og slutta på skule, vart gift og slutta å reise heim (hit) i feriar.

Men likevel.

Eg søv ikkje på rommet mitt, for dottera mi trur det er hennar. *snurt-utan-å-kunne-gje-det-uttrykk*
Eg snokar ikkje i skåpa til foreldra mine meir.
Eg brukar ikkje ein time på badet kvar morgon medan eg leitar etter subtile, men fatale feil ved utsjånaden min.

Men nett no er eg aleine heime. Foreldra mine er på fest. Eg har forsynt meg med ei bøtte cashew-nøtter og kan velje mellom eit utal kanalar på tv. Eg har ikkje opna raudvin enno, for eg veit ikkje heilt kva som er ovdyrt. Kanskje eg skal dyrke aleine-heime-konseptet og drikke brus og sjå film.

Foreløpig sit eg her og har mimrestund med bileta eg finn på pappa sin laptop.

Kjernefamilien 2004 Barnedåp Halvdansken

Det einaste eigentleg onde eg gjer i smug i kveld er å offentleggjere bilete av mannen min når han ser åndsforlatt ut.

Advertisements