Aktualisering av emne: Dei fleste eg kjenner har mobiltelefon og/eller trådlaus heimetelefon. Dei fleste eg kjenner bur i lag med andre, men desse andre er ikkje alltid heime. Dei fleste eg kjenner snakkar utruleg lenge i telefon når dei er aleine heime. Dei fleste eg kjenner et og drit. Eg går ut frå at folk eg kjenner er ganske vanlege folk.

Saken: Når eg snakkar med nokon i telefonen, og dei er svært engasjerte, kjekke å snakka med eller har alvorlege historiar ein ikkje har lyst til å avbryte, hender det at eg må på do.
Det har hendt at eg faktisk har gått på do. Det har hendt at eg svært stille har gått på do og gjort meg ferdig medan eg har snakka vidare og lete som ingenting.

MEN eg skyller ikkje ned. Det ville vere som å brått gjere merksam på at «HEI! Du har no snakka om alvorlege ting til ein person som sat på do!». Så det gjer eg ikkje.
Eg går ut frå at det same har hendt med dei eg har snakka med. Eller i alle fall at slikt hender med andre.

Spørsmålet: Om du då snakkar med nokon, går på do og det endar med at du bæsjar: Skyller du ned? Eller legg du loket stilt på og går ut frå do medan du vrikkar på deg buksa i all stillhet? Og i tilfelle du gjer det siste: Kva gjer du om dei du bur i lag med kjem heim? Avbryt du då samtalen og spring på do og skyller ned og vaskar hender? Eller står du og vaktar doen og ser alvorleg ut og ristar på hovudet til dei som vil inn medan du fortset å snakke i telefon?

Dette treng eg svar på, i tilfelle det nokon gong blir aktuelt.

Anna forsking på feltet:
Snakke i telefon på do
Mobiltelefon i do.
Skit: Mobil vs do
Mobiltelefon i do 2

Advertisements