Eg hiv meg på test-partnaremne-trenden, og sjølv om eksisterande testar er av test-kvinner-for-dummies-varianten («Et ho biff?» Ja = Kjempebra, Nei = Drit i ho), tenkte eg at sidan menn eigentleg har ry på seg for å vere litt meir oppegåande enn som så, skulle eg lage ein slags test for menn som verkeleg vil ha ei bra kone.

Forutsetningen her er jo at testen er for verkeleg bra menn. Altså eit alternativ til dei nemnde testane, som openbert var for idiotar.

1. Har ho (eller er ho realistisk sett i ferd med å skaffe seg) ei skikkeleg utdanning? Og då meiner eg noko som både høyrest spanande ut og kan dra penger inn.

Ja: Fortsett.
Nei: Drit i ho.

2. Brukar ho under ein halv time på badet etter ho er ferdig med å dusje?

Ja: Fortsett.
Nei: Drit i ho.

3. Kan du fortelje ho ærleg kor mange damer du har hatt sex med?

Ja: Fortsett.
Nei: Drit i ho.

4. Kan du ta ho med på vorspiel med kompisane dine?

Ja: Fortsett.
Nei: Drit i ho.

5. Tek ho initiativ til sex når ho er edru?

Ja: Fortsett.
Nei: Drit i ho.

6. Kan du diskutere og le i lag med ho, slik du kan med ein god ven?

Ja, Fortsett.
Nei: Drit i ho.

Det er nemleg eit problem at ganske festlege menn velger seg litt pripne, keisame damer som dei ikkje kan ha med nokon stader.
Det er eit problem for dei sjølve, og det er eit problem for oss som er gifte med kompisane deira.
Og fakta faen, det er eit problem for ungane deira og. Her kunne den festlege og intelligente faren deira skaffa seg ei vittig og spanande kone, eit godt ekteskap og ei god rollemodell for ungane, og i staden finn han seg ei med veldig fine negler og nøttehjerne, som han etterkvart ikkje gidd å vere så mykje i lag med, og ungane vert overlete i hendene til ei som er skikkeleg teit.

Så: Ta grep, drit i dei teite damene.

Advertisements