Eg har grunna litt på dette med dyd. Som barn hendte det vel at Donaldhistoriar hadde munnhell og rare utsegn som tittel, eg hugsar «Hastverk er lastverk» og det var heilt sikkert noko med «Tålmodighet er en dyd» (Donald snakka bokmål, det var berre små firkanta folk i Andesfjella som snakka nynorsk).
Som pubertetsungdom lærte eg at dyden var namnet på jomfruhinna mi. Samstundes er eg godt feministisk oppdregen og meinte ikkje dette dyd-greiene var noko å samle på.
Litt lengre ut i ungdomstida må eg ha forstått at dyd kunne bety noko meir, me snakka framleis stygt om pripne og «dydige» jenter, men etterkvart må eg ha oppdaga at ordet vart nytta om andre ting enn sex.
På universitetet vart jo ord flest sett i glasbur og stirra på, me lærte korleis folk som var daude for lenge sidan hadde definert orda, og me lærte at me skulle vere tydelege og definere ord sjølv. Ellers kunne ein ryke ut i semantisk usemje, og det var jo for dei ulærde (med unnatak av advokatar, dei har gjort det til ein kunstform å krangle om semantikk).

Det er etterkvart temmeleg utbredt å snakke om etikk. Etikk er, om ein les utelukkande den tabloide pressa, å ha prinspipp om at born ikkje skal nyttast som billeg arbeidskraft slik at me får skjorter til 99,- på salg. I blant slumper folk til å snakke om moral også. Moral er, ifølge same kjeldemateriale, å vere mot dei same tinga på ein kristen måte. At etikk- og moralomgrepa burde vore avklara for Folket vil eg her berre gjere merksam på, eg tek meg ikkje av dét i dag.

Det ein snakkar endå mindre om er dyd.

I Aristoteles si andre bok av Etikken nemner han moralske dyder og laster, som Jon Geir Høyersten har vore så grei å sette opp i tabell for oss i Personlighet og avvik (2000).
Her er det altså mogeleg å trø feil på begge sider, både ved mangel på dyd og overdriving. Eg ramsar opp:

  • Dyd: Tapperhet. Mangel: Feighet. Overdriving: Overmot, dumdristighet.
  • Dyd: Raushet. Mangel: Gnitaskap. Overdriving: Ødsling.
  • Dyd: Måtehald. Mangel: Ufølsomhet. Overdriving: Tøylesløyse.
  • Dyd: Gavmildhet. mangel: Påholdenhet. Overdriving: Platthet, vulgaritet.
  • Dyd: Beskejdenhet. Mangel: Frekkhet. Overdriving: Sjenanse.
  • Dyd: Storsinnethet. Mangel: Smålighet. Overdriving: Oppblåsthet, hovmod.
  • Dyd: Vennlighet. Mangel: Surmuling. Overdriving: Krypende, servilitet.
  • Dyd: Rettferdig harme. Mangel: Skadefryd. Overdriving: Misunnelse.

Eg hoppa over nokre, men de ser poenget.
Ytterpunkta (lastene) er altså det me gjerne kallar personlegdomstrekk.

Aristoteles meiner vidare at desse lastene er noko me ikkje er merksame på sjølve.

Så i dag vil eg vere merksam på eigne dyder.

Advertisements