Det er mogeleg eg som relativt ny i blåggeverda ikkje har fått med meg at dette er eit stadig tilbakevendande tema, og noko som eventuelt vil stigmatisere deltakarane som feministblåggarar eller eventuelt vulgariserande akademikarar på veg heim frå byen med ubrukte kondomer i veska og ei fersk utgåve av Aftenposten med liksomtrendy liksomfestlege dumheitar om kvinner. Eller noko mogeleg verre, som tørr og keisam drøvtyggar.

I så fall: Slik får det vere.

Standpunkt: Kvinner eig sin eigen kropp og dermed sin eigen seksualitet, slik dei andre vaksne folka av det andre kjønnet.

Utleia konsekvensar:

  • Ordet billeg (om kvinner som har sex med menn dei ikkje er kjæraster med, eller eventuelt kun har vore kjæraster med relativt kort tid – her manglar sjølvsagt semje blant brukarane av omgrepet, noko som heller ikkje er å forvente, diskiminerande ord vert sjeldan brukt kritisk) er eit kvinneundertrykkande omgrep.
  • Å utsetje seg for helsefare utan eigentleg eigen glede utover den frydefulle tanken på at ein er lydig mot eit tenkt skjønnhetsideal er anten ekte masichisme eller rein idioti.

Omsett i konkret handling:

  • Bruk ikkje nedsetjande ord om frie kvinner sin bruk av eigen kropp.

Og: Om du ikkje er masochist:

  • Ikkje sulte deg til undervekt.
  • Ikkje gå i uvettig skotøy på glattisen.

Og til sist:

God valentinsdag til alle.

Advertisements