Eg visste det. Ein dag ville eg gløyme alt om kva eg hadde gjort. Ein dag ville eg seinke skuldrene, puste med magen, løyse på beltet, la mannen min hente posten.

Ein dag ville eg gløyme og slappe av. Og DÅ ville den komme. Trenings-DVD-en Sterk rygg og flat mage. Frå ein januardag der eg var hysterisk over dei to julekiloane ytterst i bukhola. Ein dag i januar der eg såg for meg at det ville vere et greitt alternativ til å sitje i sofaen med laptopen. Ein dag i januar der eg verkeleg trudde at det å liggje på stovegolvet og pese til ein trenings-DVD var noko eg ville gjere, noko eg verkeleg ville ha nytte av, noko eg ikkje ville skamme meg over.

Sidan den dagen har eg henta posten sjølv. I dag kom den dagen eg visste ville komme.

Eg hadde gløymt alt om det, og mannen min henta posten. No ligg DVD-en her. Til spott.

Advertisements