I dag vil eg ikkje blågge det slag
 nei, i dag vil eg skrive på prosjektet mitt,
eg vil skrive synopsis, eg vil teikna karakterar,
eg vil ikkje gå meg vill på internett,
eg vil ikkje stanse kvar gong eg får eit problem og tru
at ein bitteliten tur innom Wikipedia eller Google vil hjelpe meg vidare,
nei, i dag, nei, i dag vil eg ikkje blågge det slag,
eg vil skrive side opp og side ned,
og printe ut så blekket sprutar,
og teikne,
og skrive,
og ikkje, ikkje, ikkje vere på internett.

Nemleg.

Reklamer