Ein grundig gjennomgang av forfattarhandtverket til Frid Ingulstad viser utstrakt bruk av notidsmenneske i historiske kulissar.

Dette reiser for meg spørsmålet: Vil me eigentleg lese om folk, slik dei var? Og kor forskjellige frå oss var dei eigentleg? For desse eigentlegane har undra meg ei tid. Når me les tekstane til Aristoteles og Platon (og heilt ærleg: Det har me jo gjort, sidan dei er pensum på første halvår på universiteta, det halvåret dei fleste av oss i det minste las dei første kapitla temmeleg grundig og gjekk i kollokviegruppe) framstår dei ikkje som så rasande forskjellige frå oss. Og her i blåggen har eg hatt det moro med Saxo og delt kor lite original eg kjenner meg når eg les kva han skreiv på 1100-1200-talet. Rundt rekna kan eg slenge på påstanden om at slik har det vore med så mangt eg har lese av eldre tekstar: Eg ser at me endrar oss noko, men ikkje så mykje som eg hadde forventa. Og slett ikkje når det gjeld kvardagsbetraktningar, der livet er og folk samlast ser det ut til å vere det same som har engasjert og irritert folk til alle tider.

Er det verkeleg notidsmennesket Undset og Ingulstad skildrar i historiske kulissar? Eller var dei skræmeleg like oss dengong då? Og om dei verkeleg var så forskjellige: Vil me verkeleg lese om det?

Og når me les fantasy, vil me eigentleg sjå anna og meir enn oss sjølve i eit fantastisk univers?
Neil Gaiman siterer her John Crowley som har sett opp ei fantastisk leseliste for studentane sine av relaterte årsaker: «to shame them out of concocting another pseudo-medieval non-society peopled by folks like themselves (and a few dragons and vampires, also much like themselves).»

Ville eigentleg trollmenn og alvar vore så heise interessante om dei ikkje likna til forveksling nokre særdeles staute (og litt magiske) utgåver av oss sjølve?

For ikkje å snakke om Gud? Vil me verkeleg lese tjukke Heilage Skrifter om gudar som er vesens forskjellige frå oss?

Advertisements