boeddel_right.gifVar presteskap eit fulltidsyrke før i tida? Var det eit hierarki innan presteskapet, med allgoder og allgydjer «over» dei vanlege goder og gydjer? Og kunne ein høvding vere ein gode? Var dette ei rolle ein tok på seg ved seremoniar, eller kom folk til ein utanom og tilla ein noko særleg av viten eller krefter eller tilgong til kunnskap? Var volvene gydjer? Kven kunne seid? Var seidmenn homofile? Er gode/gydje det same som blotgode/blotgydje, er det skilnader?Eg les og les og finn det ikkje ut. Det er mogeleg nokon med større googleevner enn meg kan mane fram gode svar frå søkjemaskinane. Eller at nokon med høgare utdanning enn meg innan feltet vil le høgt av kor teit eg er.

Dette er staden der folk kan fortelje meg kva dei sit på av relevant viten.

Advertisements