oyster.JPGHar du levd på biff og sølevatn dei siste åra for å leve slik forfedrane gjorde, den gong genene dine blei laga? No kan Ljos i kjømda presentere gode nyhende. Det vil seie, eg les ei bok frå 1912, så heilt nytt er det ikkje. Men eg har sjekka, og dei som har greie på det er framleis samde:
Et østers og and!

For 7-8000 år sidan, i gammelsteinalderen eller palæolitisk tid, budde folk her i Skandinavia i fleire hundre år på same plass, og slikt vert det avfallsplassar av. Store avfallsplassar. Og slik finn ein ut kva dei hadde til middag.

and.jpg

Det dei hadde til middag oftast var østers og andre skalldyr.
Dessutan hadde dei fisk til middag, ein finn store mengder fiskebein frå flyndre, torsk, sild, ål og karpe. Men dei var også glade i fugl. Dei serverte mellom anna tiur, villand, gås, sangsvane, måke og skarv. Det har også vore raudt kjøt til middag, ville dyr som hjort, rådyr og villsvin, men innimellom også urokse, ulv, rev, gaupe, villkatt, oter og mår.

Steinalderdietten er herved oppgradert. Velbekomme!

Advertisements