Etter suksessen med «Test kvinnen» kjem eg no med «Test eigenverdien din», klypt og limt frå ei bok som ligg og sleng på kontoret mitt.

1. Ingen kan elska meg om dei verkeleg kjenner meg.
Stemmer: 0
Stemmer ikkje: 1

2. Heile meg er grunnleggjande feil og eg fortener ikkje kjærleik.
Stemmer: 0
Stemmer ikkje: 1

3. Det var min feil at foreldra mine ikkje var i stand til å elske meg.
Stemmer: 0
Stemmer ikkje: 1

4. Eg har løyndommer eg ikkje vil dela med nokon.
Stemmer: 0
Stemmer ikkje: 1

5. Eg skjuler kven eg verkeleg er. Den eg er, er uakseptabel. Det eg viser andre er falskt.
Stemmer: 0
Stemmer ikkje: 1

6. Eg vert ofte tiltrekt av folk som er kritiske og som avviser meg.
Stemmer: 0
Stemmer ikkje: 1

7. Eg er ofte kritisk og avviande sjølv, særleg overfor dei som ser ut som om dei er glade i meg.
Stemmer: 0
Stemmer ikkje: 1

8. Eg bagatelliserar mine positive sider.
Stemmer: 0
Stemmer ikkje: 1

9. Eg lever med mykje skam over meg sjølv.
Stemmer: 0
Stemmer ikkje: 1

10. Noko av det eg frykter mest er at mine feil og mangler skal bli avslørt.
Stemmer: 0
Stemmer ikkje: 1

 Testresultat:

0-2 poeng. Du har laga deg ein leveregel om at du ikkje er verdt noko. Den er heilt sentral for deg.

2-4 poeng: Leveregelen om at du ikkje er verdt noko er heilt klart viktig for deg.

4-6 poeng. Du har ein slik leveregel om at du ikkje er verdt noko, men den gjeld ikkje heile tida.

6-8 poeng: Du er ikkje så redd for å vere verdilaus, men av og til tenker du at det er slik.

8-10 poeng: Du skjønar at du er eit menneske som ikkje treng å skamme deg over å berre vere deg sjølv.

Her er det sjølvsagt overlapp, åh, herregud, det står jo 8 både der og der, kva er eg?
Me får berre seie at testen eg stal hadde ein glidande skala med stemmer heilt, stemmer litt, stemmer av og til, stemmer lite, stemmer ikkje, og dermed mange tal og desimalar og i det heile. Eg syns du skal vere brutal og svare ja eller nei, og dersom du får eit partal får du tåle at du får to mogelege resultat. *lat*

Advertisements