Kjønn og biologi er eit heitt tema, og ein diskusjon hos Fjordfitte minna meg om noko som eg hugsar som merkeleg.
Eg hugsar korleis det var å sitje der og høyre på ein mann som så fryktelig gjerne ville finne ut av korleis verda hang saman. Korleis ryktet hadde gått på førehand: Me skulle tvingast til å høyre på ein mogeleg rasist, ein kvinnehatar, ein førelesar som dei andre professorane ope snakka stygt om. Folk hadde stått utanfor og røykt og fortalt dei siste naive som ikkje visste.

No sto han der, Helmut Nyborg, og ville fortelje oss om feltet sitt, faget sitt, om kvifor han dreiv med det han gjorde, kvifor han forska på samanhang mellom arv og prestasjonar. Og han var sint, skremt, men også vittig og slagferdig.
– Om eg seier at det fins ein liten, men signifikant forskjell på kjønna sine matematiske ferdigheter? Kva seier de då? At eg lyg? At eg hatar kvinner?
Men om eg seier at det berre er småtteri mot kvinner sine evner til å løyse og hugse fleire oppgåver samstundes, kva då? Lyg eg framleis? Eller kjennest det liksom betre?
Kan me snakke om dette? Er det mogeleg å forske på dette? Eller burde heile feltet vore kriminalisert, slik det har vore i store deler av Sovjetunionen, Kina og andre kommunistiske regime? Er miljøet sin påverknad så viktig for oss at me ikkje vil vite om det er like viktig i røynda? spurte Nyborg.

Og då han hadde snakka seg varm og lagt fram grafar og kjelder til det svimla for oss, viste han oss eit bilete.
Eit bilete eg elskar. Konrad Lorenz som svømmer med ender.

ducks.jpg
Nyborg fortalde at han hadde sikra seg ei gjesteførelesningsrekkje i Austerrike for å få møte Lorenz. Då han kom fram viste det seg at Lorenz samstundes var i Amerika. Nyborg var blitt synleg skuffa, og hadde då fått låne universitetshybelen til Lorenz.
Nyborg fortalde at han den kvelden låg i badekaret til Konrad Lorenz og tenkte at her, i dette badekaret, hadde kanskje Lorenz tenkt ut noko skikkeleg lurt ein gong. Då hadde Nyborg vore lukkeleg.

Den kvelden var eg ute og drakk mykje raudvin med vener, og på veg heim gjekk eg gjennom parken. Eg stansa ved andedammen og kjende meg lukkeleg. Eg kledde av meg og vassa uti. Det var uendeleg mykje glatt gjørme, og ikkje særleg djupt. Etter ein liten badetur der ingen ender kom meg i møte, gjekk eg heim og la meg i badekaret. Neste morgon vart eg litt overraska over nett kor mykje gjørme, andeskit og fjær eg hadde drege inn i heimen og på badet.

lorenz2.jpg

Reklamer