Avil spør: Kunne blotgydjer og goder seid? 

Og finn svar: Ein finn hos Snorre fleire døme på blotmenn som meistrar trolldom og mottek spådommar ved blot. Til dømes i Soga om Olav Tryggvason der Raud den ramme vert skildra som stor blotmann og trollkunnig: «ein svær flokk hjalp han straks når han trengte det. Raud var svær til å blote og kunne mye trolldom (…) Raud hadde alltid bør hvor han ville seile, det kom av trolldommen hans».
Frøya var blotgydje hos vanene, og lærte æsene å seide. Blotgodar og blotgydjer (offerprest og offerprestinne) sysla i følge Snorre med seid eller andre kunster, dei var trolldomskyndige og hadde lært sine kunster av Odin. (Britt-Mari Näsström, Blot, 2001)

Avil spør: Kva var ein hovgode?

Og finn svar: Då gudane flytta inn i Uppsala vart det sett inn tolv hovgodar, diar eller drotner, som hadde til oppgåve å ta seg av blotet og dømme mellom mennesker. Til gjengjeld skulle folket tjene og heidre dei, fortel Näsström frå Snorre. (De var skikk der, at tolv hovgodar var dei fremste; dei skulde raada for blotingi og døma mannemillom. Desse vart kalla diar eller drottnar deim skulde alt folke tena og lyda. Frå Ynglingesoga)

Avil: Men kva betyr alle desse titlane?

Og finn svar her:
Hovgodar er de same som tempelprestar.
Diar er de same som gudar, men ikkje ofte brukt, og er kanskje komi fraa irsk.
Drottnar, av drottin, herre, mest um hovdingar for ei hird (drótt).

Likevel er eg sur. For den boka eg treng er utsolgt.

Advertisements