Flott overskrift? Eg øver meg på å vere tabloid.
No sa dei nett på NRK P2 sine nyhende klokka 11.00 at «60% av arbeidstakerne har fravær på grunn av barns sykdom. Fleire menn enn kvinner har slikt fravær».

Ein kan sikkert seie noko om alle dei heimeverande kvinnene som ikkje får fråver når ungane er sjuke. Men alt i alt syns eg dette var gode nyhende. Som kvinne og småbarnsmor hender det jo at ein arbeidssøkjar er redd for jappespørsmålet om korvidt ho kjem til å vere mykje borte på grunn av ungane. Ikkje fordi dei har lov til å spørje slik. Men om dei no gjorde, så kan ho no med landsstatistikken på si side seie at «neida, ungane har jo ein far».

Advertisements