Fra Weekendavisen Me har tidlegare her i Ljos i kjømda brakt viten til folket om at steinalderfolka i Danmark åt avansert gourmetmat som østers, villsvin, sangsvane og and.
Det vert vel då ikkje overraskande at forfedrene i Danmark var nyskapande, snarrådige og internasjonalt orienterte.

Då almesjuka for omlag 6000 år sidan tok knekken på brorparten av urskogen, venta dei ikkje tjue år medan ny skog vaks opp, men utnytta straks dei opne slettene til å legge om heile levesettet sitt, og vart bønder. Dei dyrka markene og skaffa seg husdyr, og på kort tid vart det naudsynt med både spesialiserte arbeidsoppgåver som pløying, reiskapsframstilling, pottemakeri og husbygging og husdyrhald. Det vart slik bruk for dei første høvdingane som arbeidsleiarar og forvaltarar av felles eigedom.

Bilete av ein steindysse.

Weekendavisen skriv: Inden for keramikproduktion, flintteknologi, lægekunst og alle andre områder af samfundet nåede man et ekstraordinært højt niveau. Det danske samfund var i midten af det fjerde årtusind et samfund i rivende udvikling, præget af initiativ, eksperimenter og virkelyst.

Eg har til no tenkt at dette er «våre forfedre», det er mogeleg eg tek feil.
Eg meiner, danskane et jo framleis god mat og har LEGO, medan me et REMA-kyllingar utan smak og eksporterer råmaterialer.

Advertisements