Først litt lenkegulp, sidan ein post gjerne skal vise at forfattaren er litt med og les nettaviser og andre sine blåggar: 

Den tidlegare omtala åtferdsgenetikaren har fått medieomtale i moderlandet og her i Noreg for å introdusere eit studie av 7000 amerikanarar som tyder på at kloke folk vert ateistar. Her er ein grei artikkel i Jyllandsposten som både tek med bakgrunnen til den nyss pensjonerte professoren, og den aktuelle saka. Og her ein kritikk av journalistar si handtering av denne type forskningsstoff.

Infoboks: Åtferdsgenetikk

Åtferdsgenetikarar freister forske på folk slik me lenge har forska på dyr, og dette er særleg til plage for folk som av religiøse årsaker meiner at folk ikkje er einslags dyr, men ein annan type skapning som er kvalitativt annleis og utvalgt av Gud, og altså ikkje pattedyr. Jamfør tesen om at kjøt ikkje er musklar, men ein kvalitativt annan slags del på kroppen til dyr, skapt for å etast av mennesker.

Relevante lenker:
Ein gjennomgang av åtferdsgenetikk, religion og «det påstått onde»
Ein bloggar som trur svært intelligente folk skjønar at Gud er bra for oss
Døme på kontroversen kring Nyborg og IQ

Så til mine sjølvstendige (som om slikt er eigentleg mogeleg) refleksjonar kring religion og intelligens:

Eg trur mennesket er eit meiningssøkjande vesen. Om ein ikkje er for klok, tek ein ureflektert til takke med den meininga ein får servert kring seg. Nyborg refererer til ei undersøkjing gjort blant amerikanarar, og det er som kjend eit land der ein ikkje kan bli president om ein ope innrømmer at ein ikkje trur på den kristne Gud. Om ein hadde gjort ei liknande undersøkjing i eit kommunistisk land, ville ein mogeleg ha funne andre resultat.

Det vert for meg søkt når ein kallar denne lengsla etter meining for biologisk betinga religiøsitet (du kan google sjølv, no er me over i den delen av posten der eg berre seier kva eg meiner).
Me har ein hjerne som har som sitt mest markante kjenneteikn at den søkjer meining og samanheng mellom all den informasjonen den lagrar. Me lagar oss kognitive kart, språk, argumentasjonsrekkjer for og mot allslags, idear om teoretiske og praktiske samanhenger for meir eller mindre alt. Sjølv fragmentert piss som draumar klarar me å lage (direkte søkt, men dog) meining ut av.

Hjernen vår er slik. Den finn «logikk» i alt, meining i det meiningslause, og om det verkeleg er heilt umogeleg å finne nokon opplagt raud tråd, så finn me på noko usynleg eller underliggjande eller magisk. Og me sjekkar resultatet kvar einaste gong me tek inn ny informasjon, puttar alt me ser og høyrer inn i «logikken» vår, heilt til den ikkje kan lappast på meir, og me må finne på noko nytt («paradigmeskifte»). Eg trur det er mykje lettare for dumme folk å leve med ferdige teoriar/paradigme, då det som kjenneteiknar intelligente folk er at dei er årvakne og tek inn ny informasjon heile tida. For å trekke den heilt ut: Smarte folk vert pepra med smertefull og inkonsistent info kvar einaste dag, medan dumme folk smiler og ler og tek inn det dei allereie er opptekne av.

Likevel blir smarte folk religiøse i blant. Ikkje fordi dei tek i mot andre sin ferdigtygga logikk. Fordi dei rett og slett ikkje maktar å gje meining til alt dei ser utan å ty til ekstreme midlar. Verda er i seg sjølve meiningslaus og urettvis. Snille folk får kreft, born døyr av sult, pripne damer vert valdtekne, medan dritings damer med leppestift sjanglar seg trygt heim. Det er umogeleg å finne meining og logikk i alt ein ser. Og lengsla etter noko større og meir kan ramme kven som helst.

Reklamer