Om tre dagar skal eg til London. Det var ei stund planen å ta ein Märtha, og verte sinnssjuk veltrent og slank og moteriktig på tre månader.
Men eg reiser på kvinnedagen, og sidan eg er så frigjort og vaksen og fornuftig, drit eg sjølvsagt i at eg veg ti kg meir enn eg gjorde då eg var barnlaus og forførte hovudfagsstudentar. Eg drit i at eg aldri kom meg til frisøren. Eg drit i at eg berre har klede frå det lokale kjøpesenteret.
Men den rette innstillinga treng fortløpande vedlikehald.

Mannen min kom til å svime litt av med halve hjernen søndag kveld og kom heim med The Devil wears Prada på dvd, og eg måtte ta ein dose halvdaude pro-Ana-jenter på internett som motgift etterpå. Etter eit kvarter var eg attende til å drite i kiloane og Cubus-skjørtet mitt og dei grå håra og heile driten.
Det gjekk kjempefint.

Men no har eg ete sånne ekle egg. Tusen faens takk til produsenten.
Det er heilt umogeleg å halde fast i Dei Rette Tankane når ein er så inn i helvete kvalm.

Sjokoladekvalmen og superegoet mitt har smelta saman og eg trur nesten eg må ta fram den der trenings-dvd-en som motgift. ta den ut av coveret og lese litt på den eller noko. Eller drikke noko skikkeleg surt sitronvatn.

Advertisements