Aktualisering i høve blågging: I posten om intelligens og religion freister eg finne den rette balansen mellom kjeldebruk og sjølvstendige ytringar. Eg har merka meg utstrakt bruk av kjelder i norske blåggar, og berre eg skriv det kjenner eg den intense trangen til å finne ein blåggpost til dykk der annakvart ord er blått eller understreka, og dermed ljoser lang veg av lenker. Det er nemleg lenkebruken som utgjer kjeldebruk her, og eg ser for meg korleis nettutgjevingar av hovudfagsoppgåver vil vere frametter, med kjelder for alt anna enn bindeord. Ein finn stort sett alt på nett, og som akademikar kan ein fort bruke fire timer på å skrive eit avsnitt om å snakke i mobiltelefon på do, berre ved å klikke og lese og klikke vidare på nettet.

Aktualisering i høve akademia: Jo lenger ein kjem i sin akademiske utdanning, jo sikrare vert ein på kjeldebruken sin, ein får høg kompetanse både på informasjonssøk og kjeldekritikk. Ein møter også auka krav til sjølvstendig tenking, då ein etterkvart skal ha internalisert den akademiskanalytiske refleksjonsevna i ein slik grad, og tileigna seg eit så breidt spekter av teoriar og faktakunnskap, at ein skal kunne uttale seg utan å utelukkande støtte seg til kjeldemateriale. Men svært audmjukt. Svært forsiktig.

Infoboks I: Ord og omgrepsavklaring
Blågg: Eg nyttar ordet blågg framfor vevlogg eller vlogg, då den angloamerikanske nemninga blogg (frå weblogg, omsett til vevlogg/vevdagbok) er innarbeidd i språket og eg nærer varme kjensler for fornorsking av skrivemåte for innarbeidde framandord.
Akademia: Utdanningshagen, den livslange vandringa kring kunnskapens, analysens og refleksjonens rosebuskar frå ex.phil til grav.

Ein startar på universitetet med grunnleggjande innføring i den akademiske kulturen: Vitskapsfilosofi, filosofihistorie og logikk. Ein fortset med grunnfag, mykje forskningsmetode og tilhøyrande kritikk, teoriar, forskningsresultat og praktikkar. Ein les og les, og freistar presentere sjølvstendige formuleringar på eksamen, som skal vise at ein har forstått innhaldet i det ein har lese. Etterkvart vert det noko rom for eigen refleksjon, ikkje fordi sensorane vert særleg imponert, men ein stad må ein byrje.
Grunnfag, mellomfag, bachelor, cand.mag, master, hovudfag, lab-forskning, ph.d, forskningsprosjekt, artiklar, doktorgrad.
Stadig auke i autonomi, på bakgrunn av internalisert viten og analytiske evner.

På nettet har ein tilgong til eit enormt kjeldemateriale. Blåggane renn over av kjeldebruk. Nettet stiller tilsvarande enorme krav til kunnskap for sjølve å kunne sortere i kva som er brukande, evne til kjeldekritikk må vere vidtfemnande for å kunne orientere seg og sortere i alt ein finn.
På blåggen er ein heilt overlete til sjølvstendig tenking og eigen kritisk sans.

Det eg har funne ut er at blågging burde vore endestasjonen.

Grunnfag, mellomfag, bachelor, cand.mag, master, hovudfag, lab-forskning, ph.d, forskningsprosjekt, artiklar, doktorgrad, blågg.

Infoboks II:
Lenkebruk i blåggar: Då blåggarar (som alle andre) ikkje får sine idear i eit vakum, og heller ikkje er i stand til å sjølvstendig og utan påverknad frå andre, skape tekst som er gjenkjenneleg, relevant, humoristisk og interessant for andre, vert lenkebruk brukt for å aktualisere, underbygge og illustrere blåggpostar. Ikkje minst vert lenkene brukt for å bygge opp ein mosaikk av det andre har laga av underhaldning og meiningsytring, og det ein sjølv vert inspirert til å lage. Ein blåggpost er, akkurat som ein kvar publisert vitskaplege artikkel, eit konglomerat av andre sine ytringar og forfattaren sin eigen forståing og vidaretenking kring dette. Krava til blåggpostar er likevel fundamentalt annleis enn vitskaplege artiklar. Ein blåggpost bør vere leseleg og underhaldande, medan den vitskaplege artikkelen skal møte krav til forskningsmetode og etikk. Dersom ein skriv ein blåggpost i eit akademisk språk, misser ein lesaren før dei kjem halvvegs, og ikkje får ein kred frå arbeidsgjevar for publikasjon eingong. Tenk på det, du, sjølvhøgtidelege flinkis som tvang deg sjølve til å lese heilt hit.

Advertisements