I morgon reiser eg til London for å more meg.
Eg skal sjølvsagt på Brittish Museum, og naturhistorisk museum, men kor skal eg ete, kor skal eg shoppe og kva skal eg absolutt drite i?

Hugs: Eg er midt i trevdeåra, størrelse 42, godt gift og slett ikkje rik. Eg gidd ikkje glo på ting eg ikkje har råd til, og likar å gjere semiglamorøse kupp. Gjerne sko og klede som er litt «typete» (verkeleg eit teit ord)/kvar-dag-er-ein-fest-når-ein-har-vore-hippie-som-ung.

På førehand takk for hjelpa.

Advertisements